Riksantikvaren

No kan du søke om kyrkjetilskot for 2025

Del

Kyrkjebevaringsfondet lyser ut tilskotsmidlar for 2025. No blir enda fleire kyrkjer oppmoda til å søke.

Gravberget kyrkje i Våler - med den særeigne altertavla si - var blant mottakarane av tilskot tidlegare i haust.
Gravberget kyrkje i Våler - med den særeigne altertavla si - var blant mottakarane av tilskot tidlegare i haust. Trond Isaksen, Riksantikvaren

– For 2025 trappar vi opp kyrkjebevaringsfondet med ei ny tilskotsordning for å sikre og bygge opp viktig handverkskompetanse. Vi treng fleire handtverkarar for å ta oppdraga som kjem, slik at dei kulturhistoriske verdifulle kyrkjebygga i by og bygd blir tatt vare på. Den nye handtverkssatsinga er i tråd med regjeringas bevaringsstrategi for kyrkjebygg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Det er i alt fire tilskotsordningar som kyrkjene kan søke på for 2025. Det er to typar forprosjekt, hovudprosjekt og den nye kompetanseordninga.

  • Overordna forprosjekt: ei oversikt over skadar, behov og manglar som gjeld kyrkjas eksteriør, interiør og inventar.
  • Særskilde forprosjekt: eit forarbeid for konkrete istandsettings-, sikrings- og konserveringstiltak.
  • Hovudprosjekt: eit byggjeprosjekt for å setje i stand, sikre eller konservere.  
  • Kompetansetiltak: tiltak som skal byggje kompetanse og kunnskap for handtverkare og rådgjeverarar som til dømes kurs, formell utdanning eller opplæring på byggjeplassen.

Håpar på mange søknadar

Kyrkjebevaringsfondet starta opp i 2024, og fordelte nærare 100 millionar til 44 kyrkjer som ei start på tilskotsordninga. Ramma for 2025 vil bli lagt fram med statsbudsjettet for 2025 seinare i oktober. 

I den første runda med utlysing i 2024 var det 103 søknadar i alt. Frå Oslo og Nordland kom det ikkje inn nokon søknadar. 

No blir fleire kyrkjer oppmoda til å levere inn. 

– Sekretariatet i Trondheim er klare til å ta i mot enda fleire søknadar enn i førre runde, seier Oddbjørn Eide, leiar av kyrkjebevaringsfondet. 

– Eg håpe at mange vil søkje, og at fleire kyrkjer har fått tid til å planleggje prosjekta sine. Vi veit at det er mange kyrkjer som framleis er i startgropa av prosjekta sine. Venteleg kjem vi til å tildele tilskot i løpet av januar 2025.

Søk i Digisak

Tilskotsutlysingane ligg på Riksantikvaren sine nettsidar, og kyrkjene skal sende søknad i kulturmiljøforvaltninga sin søknadsportal Digisak

Søknadsfrist er 4. november.

Kyrkjebevaringsfondet er eigd av Barne- og familiedepartementet, som har utnemnd eit programstyre med medlemmar frå Den norske kirke, Hovedorganisasjonen KA og Riksantikvaren.

Riksantikvaren leiar programsekretariatet for fondet.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Bilder

Gravberget kyrkje i Våler var blant mottakarane av tilskot førre runde.
Gravberget kyrkje i Våler var blant mottakarane av tilskot førre runde.
Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
Gravberget kirke i Våler har ein særeigen altertavle.
Gravberget kirke i Våler har ein særeigen altertavle.
Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde

Om oss

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye