Arbeidstilsynet

Påminning til arbeidsgivarar: Hugs at arbeidsavtalar skal oppfylle dei nye lovkrava

Del

1. juli kom det nye krav til kva opplysningar arbeidsavtalar skal innehalde. Arbeidstilsynet minner om at alle arbeidsgivarar må setje seg inn endringane før dei utformar og inngår arbeidsavtalar.

Bildet viser to kolleger som står ved siden av hverandre. De har blokk og PC i hendene og ser rett i kameraet.
NYE KRAV: Tre månader etter at dei nye krava til arbeidsavtalar kom, opplever Arbeidstilsynet at ikkje alle verksemder har fått dei med seg. FOTO: Arbeidstilsynet.

Sidan i sommar har det vore krav om at fleire opplysningar enn tidlegare skal inn i alle nye arbeidsavtalar. Avtalane skal også vere på plass tidlegare enn før. Endringane skal bidra til tydelegare og meir føreseielege arbeidsvilkår.

Les om krava til arbeidsavtalar på arbeidstilsynet.no

– Mange som ikkje har fått det med seg

– Basert på samtalar med dei som kontaktar Arbeidstilsynets svarteneste, har vi grunn til å tru at ein god del verksemder ikkje har fått det med seg dei nye krava, og dermed inngår mangelfulle arbeidsavtalar med nytilsette, seier Vigleik M. Aas i Arbeidstilsynets svarteneste.

– Mange som kontaktar oss, er ikkje klare over at arbeidsavtalane deira manglar lovpålagd informasjon, men det finn vi fort ut når vi snakkar med dei.

Slår ofte ned på mangelfulle avtalar

Ved tilsyn er manglar ved arbeidsavtalar noko av det Arbeidstilsynet gir flest pålegg for.

– Her skortar det dessverre på kunnskap hos mange. Ikkje berre om dei nye krava som kom i sommar, men også generelt om krava til innhaldet i arbeidsavtalar, fortel seksjonsleiar Cathrine Prahl Reusch ved nasjonal seksjon arbeidslivskriminalitet i Arbeidstilsynet.

– Dette er eitt av kontrollpunkta vi avdekkjer flest brot på når vi gjer tilsyn med arbeidsvilkåra i verksemdene. Her finn vi manglande eller mangelfulle arbeidsavtalar i 43 prosent av tilsyna.

Arbeidstilsynet kan gi overtredingsgebyr ved manglande arbeidsavtale og i tilfelle der arbeidsavtalen er veldig mangelfull.

– Arbeidsavtalen er viktig fordi den utgjer sjølve fundamentet i arbeidsforholdet. Avtalen regulerer når og kvar arbeidstakaren skal jobbe og kor mykje arbeidstakaren skal tene, seier Prahl Reusch.

Dette må arbeidsgivar opplyse om

Kravet om å ha med fleire opplysningar enn før, gjeld for alle arbeidsavtalar som er inngått sidan 1. juli 2024. Det er ikkje krav om at avtalar som er inngått før den tid, skal oppdaterast. Dersom arbeidstakar likevel ber om å få inn nye opplysningar i den eksisterande arbeidsavtalen, skal arbeidsgivar gjere det.

Dette er nokre av opplysningane som skal inn i arbeidsavtalar frå 1. juli, i tillegg til krava som var der frå før:

Arbeidsavtalen må opplyse om

  • arbeidstakaren fritt kan bestemme arbeidsstaden sin
  • lengda på eventuell prøvetid ved når tilsettinga ikkje er fast, men tidsavgrensa
  • framgangsmåten ved oppseiing
  • kva som inngår i lønna
  • stillinga har varierande eller periodevis arbeidstid
  • ordningar for vaktendringar og overtid
  • identiteten til innleigaren, dersom arbeidstakaren blir leigd ut
  • eventuell rett til kompetanseheving
  • ytingar til sosial tryggleik som arbeidsgivaren betaler for

Maks sju dagar etter oppstart

Frå 1. juli skal skriftlege arbeidsavtalar vere på plass seinast sju dagar etter første arbeidsdag dersom arbeidsforholdet varer i meir enn éin månad. Dersom det er mogleg å få arbeidsavtalen klar tidlegare, skal arbeidsgivar sørge for det. Tidlegare har fristen for arbeidsavtalen vore éin månad etter første arbeidsdag.

Nøkkelord

Kontakter

Om Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet er en statlig etat, underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Etatens hovedoppgave er å føre tilsyn med at virksomhetene følger arbeidsmiljølovens krav.

Følg pressemeldinger fra Arbeidstilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arbeidstilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Arbeidstilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye