Mange ulovlege og miljøskadelege interiørprodukt blir selde i nettbutikkar
Ein av tre interiørprodukt som blir selde på nettet, som Miljødirektoratet har kontrollert, er ulovlege og forbode å selje.
Produkta inneheldt for mykje helse- og miljøskadelege stoff. Miljødirektoratet har kontrollert 44 interiørartiklar laga av PVC. PVC er mjukgjord plast vi veit kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff. Døme på produkt er dusjforheng, teppeunderlag, bordbrikker, falske plantar og dukar. Produkta vart handla inn frå norske (19 nettbutikkar), norskregistrerte utanlandske føretak (7), europeiske nettbutikkar (2) og utanomeuropeiske nettbutikkar (2) som marknadsfører produkta for sal i Noreg.
-Det er oppsiktsvekkjande at vi avdekkjer så mange ulovlege produkt på nettet med for mykje helse- og miljøfarlege stoff. Sjølv om vi kjøper inn produkt der vi mistenkjer å finne feil er det for mange ulovlege produkt på nettet, seier Gro Hagen, seksjonsleiar for varetilsyn i Miljødirektoratet.
Helse- og miljøskadelege stoff
Dei forbodne produkta, som no er trekt frå marknaden, inneheldt ftalat, kortkjeda klorparafinar (SCCP) og tungmetalla bly og kadmium. Stoffa er kreftframkallande, kan verke hormonforstyrrande og gi fosterskadar og skade forplantningsevna.
Desse stoffa er strengt regulerte. Målet er å redusere bruken og eksponering av desse stoffa frå produksjon, til bruk og avfallsbehandling og materialgjenvinning.
Må skjerpe seg
-Det er ansvaret for verksemda å sørgje for at produkta dei kjøper og seljar er lovlege. Dei må vite kva stoff som finst i materiale og i produkta dei sel og korleis stoffa er regulerte. Dei bør gå nøye gjennom innkjøpsrutinane sine for å unngå at ulovlege produkt blir sette på marknaden, seier Hagen.
Miljødirektoratets oppfølging
Miljødirektoratet påla dei norske verksemdene å fjerne dei forbodne produkta. Fleire verksemder blir i tillegg følgt opp med inspeksjonar. Miljødirektoratets styresmakt stansar ved norsk grense. Vi har derfor bede om hjelp frå dei europeiske kollegaene våre for oppfølging av dei europeiske nettbutikkane.
Resultata frå tilsynet er publiserte i den europeiske databasen over farlege produkt Safety Gate og i den norske databasen farligeprodukter.no
Verksemdene bør jamleg sjekke produkt som er publiserte i desse databasane og fjerne eventuelle ulovlege produkt dei eventuelt har i vareutvalet sitt.
Framleis innsats rundt kontroll av produkt
Miljødirektoratet har trappa opp kontrollar med netthandel. Funna våre over fleire år viser at gjennomsnittleg 25 prosent av produkta vi kontrollerer på nettet er ulovlege å selje.
Det er særleg dei forbodne stoffa ftalat og klorparafinar (SCCP) som finst i mjuk plast vi har hatt merksemd på i våre kontrollar. Dei nedslåande resultata understrekar behov for vedhaldande kontroll av produkt og rutinane i verksemdene for produkttryggleik.
Stoffa vi avdekte i produktkontrollen
Ftalat: Fleire ftalat er hormonforstyrrande og kan skade forplantningsevna. Ftalat blir hovudsakleg brukte som mjuknarar i plastprodukt. Menneske kan utsetjast for ftalat når vi bruker produkt og gjennom mat.
SCCP: kortkjeda klorparafinar er mistenkte å vere kreftframkallande. Stoffa blir først og fremst brukte som mjuknarar og brannhemmere i gummi og PVC. Klorparafinar er lite nedbrytbare, hopar seg opp i levande organismar, dei er giftige og har alvorlege langtidsverknader for helse- og miljøet.
Bly: Bly og blysamband er giftig og kan gi helseskadar i små mengder. Kronisk blyforgifting kan føre til skadar på nervesystemet, auka blodtrykk, hjarte-kar sjukdommar og nyreskadar. Bly og blysamband kan skade forplantningsevna og gi fosterskadar. Gravide og barn er spesielt sårbare for blyeksponering, og bly kan hemme barns intellektuelle utvikling.
Kadmium: Dei fleste kadmiumsamband er kreftframkallande og svært giftige og kan gi langtidseffektar i vasslevande organismar. Kadmium er mistenkt for å kunne skade forplantningsevna og for å kunne gi fosterskadar.
Rapporten frå tilsynet er publisert på miljodirektoratet.no Tilsynsaksjon 2024: Interiørartikler i PVC - miljodirektoratet.no
Sjå databasen farligeprodukter.no Farlige produkter
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noFølg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Rekordmange jerv felt i år20.12.2024 10:53:26 CET | Pressemelding
60 felte jerv på lisensjakt i høst er rekord, og bidrar til mindre tap av sau og tamrein. Det gjør også behovet for ekstraordinære fellinger mindre.
Rekordmange jerv felt i år20.12.2024 10:53:26 CET | Pressemelding
60 felte jerv på lisensjakt i haust er rekord, og bidreg til mindre tap av sau og tamrein. Det gjer også behovet for ekstraordinære fellingar mindre.
Ny kunnskap om hvordan godstransporten kan bli mer bærekraftig19.12.2024 12:32:19 CET | Pressemelding
Innen 2030 kan de samlede klimagassutslippene fra godstransport reduseres med 30 til 45 prosent sammenlignet med i dag, avhengig av hvor raskt elektrifiseringen av lastebilene vil skje.
Naturpanelet: Ny rapport om hvordan stoppe tap av natur18.12.2024 14:00:22 CET | Pressemelding
I ny kunnskapsrapport om gjennomgripende samfunnsendringer presenterer Naturpanelet (IPBES) fem strategier for å bevare natur.
Naturpanelet: Ny rapport om korleis stoppe tap av natur18.12.2024 14:00:22 CET | Pressemelding
I ny kunnskapsrapport om gjennomgripande samfunnsendringar presenterer Naturpanelet (IPBES) fem strategiar for å bevare natur.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom