To Stavanger-forskarar til nasjonal finale i Oslo
Forsking på at menn med leddgikt får fleire barn enn andre menn og at Tolletaten manglar i styresmaktene sine beredskapsplanar sendte to Stavanger-forskarar til nasjonal finale i forskingsformidling i Oslo laurdag 28. september.
Gudrun David Sigmo frå Universitetssjukehuset i Stavanger vann den regionale finalen i forskingsformidling (Forskar Grand Prix 2024) onsdag 25. september.
Sasan Zarghooni-Hoffmann frå Universitetet i Stavanger kapra andreplassen. No reiser dei begge til Oslo for å delta i den store nasjonale finalen laurdag 28. september, som Forskingsrådet arrangerer.
I alt var det 10 doktorgradskandidatar som konkurrerte på scena i storsalen på konsertscenen Folken framom 200 publikummarar og ein fagjury.
Kandidatane har førebudd seg i fleire månader på å formidle doktorgradsprosjekta sine på berre 4 minutt. På forskings-showet fekk dei poeng frå publikum og dommarar.
Menn med leddgikt er meir fruktbare enn andre menn
Gudrun David Sigmo er spesialist i revmatologi og indremedisin, og arbeider som overlege ved Stavanger universitetssjukehus. Ho tek doktorgraden sin ved Universitetet i Bergen.
Sigmo har forska på om leddgikt kan påvirke menns evne til å få barn. Ho vart overraska over funnet: Det viser seg at menn med leddgikt får fleire barn enn andre menn.
Sigmo presenterte forskinga si utan powerpoint, men begeistra alle og vann. No kan ho kalle seg Stavanger-regionens beste forskingsformidlar.
Vil auke nasjonal tryggleik
Sasan Zarghooni-Hoffmann frå Universitetet i Stavanger presenterte si forsking om Tolletaten. Han oppdaga at styresmaktene, som for eksempel Justisdepartementet, har ein for smal forståing av Tolletaten si rolle innan beredskap og samfunnstryggleik.
Zarghooni-Hoffmann viste mellom anna til at Tolletaten under pandemien bidrog sterkt til å hindre smittespreiing: Det første halvåret av pandemien blei det konfiskert 23 millionar juksemunnbind på grenseovergangar inn til Noreg.
– Du ville ikkje ha visst det var falskt dersom du fekk eit slikt munnbind. Å stoppe desse var kjempeviktig for folkehelsa, påpeiker Sasan Zarghooni-Hoffmann, som meiner at forskinga hans kan føre til auka nasjonal tryggleik.
Les om forskinga til Sasan Zarghooni-Hoffmann: Har avdekt manglar i styresmaktene sine beredskapsplanar.
Nasjonal finale i Oslo
Alle kan vere med på å stemme på den kandidaten dei meiner formidlar forskinga si best ved å registrere seg og delta digitalt på Den nasjonale finalen i Forskar Grand Prix.
Showet strøymast også på forskning.no.
Gruppeklem-forskar sjarmerte dommarane
Doktorgradsstipendiat Øystein Nybøe var også med og kjempa om finalebillett. Han sjarmerte med si varme og engasjerte forteljing frå skulekvardagen. Hans forsking på interaksjonen mellom lærar og elevar, for eksempel gruppeklem, er eit viktig bidrag til å skape eit trygt og godt læringsmiljø for alle.
Dei andre deltakarane var: Ingrid Hilmer (UiS), Frida Layti (UiS), Veronika Lorentzen (UiS), Thomas Meldahl Olsen (UiS), Marte Pupe Støyva (UiS), Veronica Øverlid (VID Vitenskapelge høgskole) og Cecilie Aarøe (UiS).
Les meir om kva dei 10 deltakarane forskar på.
Sidan 2010
Forskar Grand Prix har vore arrangert sidan 2010.
I 2024 blir regionale finalar halde i Kristiansand, Stavanger, Bergen, Tromsø, Bodø og Oslo. I den nasjonale finalen i Oslo kjempar dei regionale vinnarane om tittelen: Norges beste forskingsformidlar.
Forskar Grand Prix Stavanger 2024 er arrangert av Universitetet i Stavanger for Forskingsdagane i Stavanger-regionen. Camilla Larsen og Karen Anne Okstad har vore ansvarlege for arrangementet og Berit Aarrestad har trent kandidatane for sceneframføring.
Kontakter
Karen Anne OkstadUniversitetet i Stavanger
Tel:+4790559778karen.a.okstad@uis.noBilder
Om oss
Universitetet i Stavanger har en innovativ og internasjonal profil og er en drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosesser i samfunnet. Samfunnsoppdraget vårt er å utfordre det velkjente, utforske det ukjente.
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Kan matematikkfaget bli mer praktisk, variert og engasjerende? Forskere tror svaret ligger i klasserommene – og vil ha lærerne med på lag.19.12.2024 10:54:04 CET | Pressemelding
– Vi vet at det er mange dyktige mattelærere i Nord-Norge, som får kombinert gratis kompetanseutvikling med å delta i prosjektet, sier forsker Janne Fauskanger ved Universitetet i Stavanger.
Kristin Armstrong-Oma er ny direktør ved Arkeologisk museum10.12.2024 09:09:42 CET | Pressemelding
Professor i arkeologi, Kristin Armstrong-Oma, er ny museumsdirektør på Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger.
Når elevar brukar nettbrett, jobber dei meir åleine5.12.2024 10:50:29 CET | Pressemelding
Når elevane brukar nettbrett i klasserommet arbeider dei i stor grad åleine med læringsoppgåver, viser en fersk studie.
UiS kuttar klimagassutslepp med jordvarme3.12.2024 15:56:57 CET | Pressemelding
UiS har no kutta kraftig i driftskostnadar og klimagassutslepp takka vere eigen produksjon av termisk energi. I september blei den nye energisentralen ved UiS sett i drift. Frå januar 2025 er det full drift.
Digitalt bibliotek med barnebøker blir tilgjengelig for alle20.11.2024 15:39:48 CET | Pressemelding
Forskningsprosjektet «Sprell» ved Universitetet i Stavanger er nå ferdigstilt. Et resultat av prosjektet er at flere av bøkene som er utprøvd digitalt, nå kan benyttes fritt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom