Stengjer Låga gangbru i Suldal
Statens vegvesen stengjer Låga gangbru i Suldal fordi det ikkje lenger blir vurdert som forsvarleg å ferdast på den meir enn 200 år gamle trebrua.
Låga bru ligg ved riksveg 13 i Suldal, men blir i dag berre brukte av turgåarar og fiskarar som kryssar elva. Fordi brua er verna er ho framleis i Statens vegvesens eige.
– Utviklinga av tilstanden til dei berande elementa gjer det nødvendig å stengje brua inntil vidare. Risikonivået blir rekna som for høgt til at brua kan halde fram med å vere open for ferdsel, seier bruforvaltar Bengt Olav Skogland i Statens vegvesen.
Det er ikkje avklart kor lenge brua vil vere stengt eller kva slags utbetringar som vil vere nødvendige.
– Målet er å ta vare på brua, både som ein del av ein turveg og som kulturminne, seier Skogland.
Det er grunn til å tru at brua er bygd ein gong mellom 1780 og dei første tiåra av 1800-talet.
Kontakter
Bengt Olav SkoglandBruforvaltarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:91395051bengt.olav.skogland@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E6 i Hemnes holdes åpen fram til søndag morgen1.11.2024 13:48:26 CET | Pressemelding
E6 i Hemnes vil være åpen fra klokka 15 i dag og fram til søndag morgen klokka 07. Deretter stenger vegen igjen – og vil tidligst åpne tirsdag ettermiddag.
Riksveg 7 er stengt, E16 opnar kl.15 fredag1.11.2024 13:46:14 CET | Pressemelding
Erdal bru på rv.7 i Eidfjord har fått store skadar av flaumen, og rv.7 er stengd. Statens vegvesen, inkludert den nasjonale bruberedskapen, er ute og sjekkar skadane for å kunne opne vegen igjen så raskt som mogleg. E16 i Lærdal opnar att kl.15 i ettermiddag.
Helstenger E39 Bårdshaug bru i Orkanger i ett døgn1.11.2024 10:23:08 CET | Pressemelding
Brua helstenges fra søndag kl. 20:00 til mandag kl. 18:00. Den gode nyheten er at det ligger an til gjenåpning for toveis trafikk medio desember.
No må du bestille time på trafikkstasjonen1.11.2024 10:15:39 CET | Pressemelding
Frå 4. november slepp du kø viss du må på trafikkstasjonen.
Ekstremværet Jakob: Sjekk vegvesen.no/trafikk for trafikkinformasjon1.11.2024 07:58:33 CET | Pressemelding
Statens vegvesen oppfordrar trafikantene om å nytta vegvesen.no/trafikk og appen Vegvesen Trafikk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom