Stengjer Låga gangbru i Suldal
26.9.2024 14:23:52 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen stengjer Låga gangbru i Suldal fordi det ikkje lenger blir vurdert som forsvarleg å ferdast på den meir enn 200 år gamle trebrua.

Låga bru ligg ved riksveg 13 i Suldal, men blir i dag berre brukte av turgåarar og fiskarar som kryssar elva. Fordi brua er verna er ho framleis i Statens vegvesens eige.
– Utviklinga av tilstanden til dei berande elementa gjer det nødvendig å stengje brua inntil vidare. Risikonivået blir rekna som for høgt til at brua kan halde fram med å vere open for ferdsel, seier bruforvaltar Bengt Olav Skogland i Statens vegvesen.
Det er ikkje avklart kor lenge brua vil vere stengt eller kva slags utbetringar som vil vere nødvendige.
– Målet er å ta vare på brua, både som ein del av ein turveg og som kulturminne, seier Skogland.
Det er grunn til å tru at brua er bygd ein gong mellom 1780 og dei første tiåra av 1800-talet.
Kontakter
Bengt Olav SkoglandBruforvaltarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:91395051bengt.olav.skogland@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Nye attraksjoner langs Nasjonale turistveger7.5.2026 13:35:44 CEST | Pressemelding
Høsten 2026 fullfører Statens vegvesen fem nye prosjekter i form av spektakulære rasteplasser, kunst og utsiktspunkter. Dermed fortsetter arbeidet med å legge til rette for gode pauser for reisende langs Nasjonale turistveger.
Selvkjørende kjøretøy tar neste steg i Norge7.5.2026 12:38:13 CEST | Pressemelding
Etter åtte år med utprøving deler Statens vegvesen for første gang erfaringene, og åpner for utprøving uten sikkerhetssjåfør.
Arbeid på E39 Skorgedalen7.5.2026 11:12:10 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal gjere vegarbeid på E39 i Skorgedalen resten av året, mellom Kristiseter og Ellingsgard i Vestnes kommune.
Varslar redusert framkomst på E16 mellom Bergen og Lærdal frå hausten7.5.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Vegvesenet varslar omfattande anleggsarbeid på E16 frå hausten, og oppfordrar trafikantane om å planlegge reisa og sjekke oppdatert trafikkinformasjon.
Presis Vegdrift skal drifte riksvegnettet i og rundt Oslo6.5.2026 10:59:09 CEST | Pressemelding
Presis Vegdrift AS er valgt til å drifte riksvegnettet i og rundt Oslo de neste fem årene. Høy trafikktetthet, håndtering av trafikale hendelser og beredskap er viktige stikkord for driftskontrakten i hovedstadsområdet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom