Elektronisk dansemusikk på nynorsk - Fyrste singel av Rotevatn remixed kjem i dag!
27.9.2024 09:15:00 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding
No har space disco-ringreven Prins Thomas, som saman med DJ-en Isoebel dannar duoen Double Trouble, laga ein herleg remix av Andreas Rotevatn låta “Berre kom heim”.

Andreas Rotevatn slapp sitt fyrste soloalbum - "Av daude gror" - like før sommaren. No har space disco-ringreven Prins Thomas, som saman med DJ-en Isoebel dannar duoen Double Trouble, laga ein remix av låta “Berre kom heim” som er ute i dag!
Låta er ein siste smak av sommar, og er duoen si fyrste utgjeving.
"Av daude gror" hausta gode kritikkar - mellom anna skreiv Audun Vinger i DN at det var “catchy, følsomme og intrikate låtar” på “inderlig, ærlig og frekk norsk”; I nettavisen trilla Tor Hammerø 5-ar, og påpeika at albumet “groover og svetter uten stans”!
Det er nettopp fokuset på groove og det dansbare som gjorde at Rotevatn tok kontakt med Prins Thomas om å lage ein remix. “Eg er jo ikkje var framand for å leite fram ein og anna trommemaskin eller analog synth i studio, og eg har heilt klart henta mykje inspirasjon frå klubbmusikk og elektronika i låtskrivinga mi” seier Andreas. “Derfor kjennast det so riktig at Double Trouble tok låtane endå eit steg nærmare dansegolvet med sin remix!”
Andreas Rotevatn (f.1989) er på mange måtar ein kløyvd artist, som jamvel stend stødig i det todelte.
På den eine sida har han ein bygdeoppvekst på Nordfjordeid, og på den andre over 10 år som kunstnar i storbyen. Rotevatn nærer ein kjærleik for bruksmusikk og det dansbare, trass i ei omfattande utdanning på fleire eliteskular for musikk. Han er ein spellemannsnominert og prisvinnande komponist, som jamvel òg har brei apell og gode strøymetal. Rotevatn er tekstleg inspirert av fortida, gjennom Håvamål, Ivar Aasen og Bibelen, men samstundes vert han inspirert av moderne og lydar frå synthar og trommemaskiner. Det akustiske og improviserte, møter det elektriske og planlagde. Einkvan stad i midten, i symbiosa, der trivast Rotevatn best!
Prins Thomas har jobba som produsent, DJ og remixer i fleire tiår, er spellemannsnominert fleire gongar og har millionar av strøymingar på Spotify. Han var ein av grunnleggarane bak Oslo-discoen, eller space-discoen, som fekk undergrunnen til å koke på tidleg 2000-tal. Saman med Hans-Peter Lindstrøm og Todd Terje blanda dei saman discorytmer, nyare trommemaskiner, eldre synthar og effekter, i ei herleg eklektisk elektroakustisk dansbar blanding.
Isoebel frå Kolbotn, er eit nytt namn på Dj-scena i Oslo. Ho har frekventert klubb-scena i Oslo i lengre tid, og har nyleg teke steget inn i DJ-boothen. Prins Thomas tok Isoebel under vengene, og saman dannar dei altso duoen Double Trouble, som er her med si første utgjeving.
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Å. HeenLabel Manager - A&R - Promotion
Tel:970 26 728cathrine@grappa.noDionisia FjelldalenPromotion: Grappa / Blue Mood / Barneselskapet
Tel:95809699dionisia@grappa.noBilder



Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Andre språk
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Sleggefett slipper debut album "Dikt & Metall"22.5.2026 10:41:32 CEST | Pressemelding
Sleggefett slipper debut albumet "Dikt & Metall". Med Atle Antonsen i front kombinerer bandet tunge riff, kompromissløs metal og klassisk norsk lyrikk i et prosjekt som allerede har vekket stor oppmerksomhet i rockemiljøet. “Dikt & Metall” er ute nå. Lytt her.
PandaPanda tolker AF1-klassiker i sommerhiten "Jeg sverger"22.5.2026 10:41:02 CEST | Pressemelding
PandaPanda har de siste årene markert seg som en av Norges største festartister. Nå kickstarter han sommeren med den catchy singelen "Jeg sverger" - en nostalgisk og personlig låt inspirert av "Sorry" fra den ikoniske NRK-serien AF1. På låten medvirker AF1 som feature-artist for aller første gang på en offisiell utgivelse. “Jeg sverger” er ute nå. Lytt her.
Mariam Wallentin & Vestnorsk Jazzensemble slipper «Red» – om våren som lar oss våkne til liv15.5.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
Med singelen Red gir Mariam Wallentin og Vestnorsk Jazzensemble et nytt innblikk i det kommende albumet Spring Flood , et kollektivt verk der improvisasjon, poesi og sterke sanselige stemninger smelter sammen.
Mariam Wallentin & Vestnorsk Jazzensemble release “Red” - a reflection on spring’s awakening15.5.2026 08:50:00 CEST | Press release
With the single Red Mariam Wallentin and Vestnorsk Jazzensemble offer a glimpse into their upcoming album Spring Flood - a collective work where improvisation, poetry, and vivid sensory imagery merge into a living, organic expression.
Espen Berg Trio slipper «Russians (Sting)» - en ladet nytolkning av en klassiker15.5.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Espen Berg Trio presenterer sin versjon av Sting-klassikeren Russians - en sterk og tankevekkende singel fra deres kommende album Entropies, som slippes 5. juni 2026 på Svale Records.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom