Mange synest dei bruker for mykje tid på skjerm
To av tre meiner dei bruker for mykje tid på skjerm, viser nye tal frå Medietilsynet. Meir enn halvparten seier dei gjer noko med det, og mange av dei som har prøvd å få skjermtida ned, opplever at det lèt seg gjere.

Medietilsynet har spurt om folks forhold til eigen skjermbruk i samband med ei ny undersøking om kritisk medieforståing i befolkninga. Kvinner svarer i noko større grad enn menn at dei bruker for mykje tid på skjerm, mens dei eldste i langt mindre grad enn dei yngre meiner dei har for mykje skjermtid.
– I dag treng dei fleste av oss å bruke nettet til mange ulike daglege gjeremål, både i jobb og fritid. Svara i undersøkinga tyder likevel på at mange opplever at skjermen tar for mykje tid i kvardagen, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Mange som gjer noko for å redusere skjermbruken, opplever at det verkar
59 prosent av respondentane i undersøkinga svarer at dei har gjort noko for å få ned skjermtida.
Heile 72 prosent av dei som har gjort ein innsats for å få ned skjermbruken, opplevde at det fungerte. Mange av dei svarer at dei har tatt enkle grep som å legge frå seg telefonen i staden for å ha han i lomma (38 prosent) og slette appar eller spel på telefonen (37 prosent). Vel ti prosent har sletta ein eller fleire profilar på sosiale medium og nesten like mange har sagt opp abonnement på strøymetenester. Nokre få, to prosent, seier at dei har bytt ut smarttelefonen med ein enklare variant, som berre kan brukast til å ringe og sende tekstmeldingar med.
– Svara viser at bevisstheit rundt eigen skjermbruk kan redusere tidsbruken, seier Velsand.
Du finn delrapporten her.
Også mange barn meiner at dei bruker for mykje tid på mobilen
Mens spørsmåla til dei vaksne gjaldt all type skjermbruk, har Medietilsynet spurt barn og unge spesifikt om deira mobilbruk. Nesten éin av tre 9-18-åringar svarte at dei bruker for mykje tid på mobilen, ifølge undersøkinga Barn og medium 2024. Dette gjeld jenter i større grad enn gutar, og eldre barn i større grad enn dei yngre.
37 prosent av barn og unge som bruker sosiale medium meiner at dei bruker for mykje tid på desse tenestene, og 28 prosent skulle ønske at dei klarte å logge av sosiale medium oftare.
Dette kan du lese meir om her.
Les og ungdommanes eigne tips for å kutte skjermtid i ei sak frå Medietilsynet i fjor.
Medietilsynet publiserer rapportane "Kritisk medieforståelse i den norske befolkningen” og “Barn og medier” i løpet av hausten.
Fakta om skjermbruk frå undersøkinga:
- To av tre meiner at dei bruker for mykje tid på skjerm.
- 59 prosent har gjort noko for å få ned skjermbruken sin.
- Av dei som har gjort aktive grep for å redusere skjermtida, meiner 72 prosent at det har fungert.
- Respondentane er positive til sosiale medium som arena for å gi kunnskap om kva som skjer i samfunnet, moglegheita for å møte nye menneske og relasjonen til venner.
- Respondentane er meir negative til sosiale mediums påverking på sjølvkjensla og søvnen deira.
Kvinner og den yngste aldersgruppa meiner i langt større grad enn menn og eldre at sosiale medium har negative konsekvensar for sjølvkjensla og søvnen deira.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil RuudkommunikasjonsrådgiverKommunikasjon og rådgivning
Tel:+4790667828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noMari Velsanddirektør i Medietilsynet
Tel:+47 913 28 448mari.velsand@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Hard kamp om innovasjonsstøtte til media20.10.2025 13:47:25 CEST | Pressemelding
Medietilsynet skal fordele nær 24 millionar kroner i innovasjonsstøtte i år. Da søknadsfristen gjekk ut før helga, hadde 87 søknadar kome inn, med ønske om til saman meir enn det dobbelte – nær 60 millionar kroner.
Unge gamarar frå heile landet nominert til Ibelinprisen15.10.2025 14:53:33 CEST | Pressemelding
Femten ungdomar i alderen 12-18 år er med i kampen om Ibelinprisen, som om ein månad skal delast ut for første gong. Dei nominerte er frå fritidsklubbar i heile landet.
Kampen mot desinformasjon blir styrkt i statsbudsjettet15.10.2025 14:11:50 CEST | Pressemelding
Regjeringa vil styrke innsatsen på teknologisk motstandskraft og kritisk medieforståing. I statsbudsjettet blir det foreslått ei styrking av Medietilsynet med åtte millionar kroner i tillegg til fem millionar til skiping av eit nytt forskingssenter på det offentlege ordskiftet.
Sámi aviissat ožžot lagabui 44,4 miljovnna ruvnnudoarjaga10.10.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Mediabearráigeahčču lea juohkán doarjaga aviissaide mat oainnusmahttet sámi čállingiela. Dat vihtta aviissa Ávvir, Ságat, Snåsningen, Meråkerposten ja NordSalten Avis ožžot oktiibuot 44.385.000 ruvnnu doarjaga 2025:s.
Samiske aviser får nær 44,4 millionar kroner i støtte10.10.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet har fordelt støtte til aviser som gjer dei samiske skriftspråka synlege. Dei fem avisene Ávvir, Ságat, Snåsningen, Meråkerposten og NordSalten Avis får til saman 44 385 000 kroner i støtte i 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom