Statens vegvesen

Stengjer Mannheller ferjekai natt til 26. september

24.9.2024 08:49:26 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Statens vegvesen stengjer Mannsheller ferjekai natt til 26. september grunna naudsynt vedlikehald

Bilde av en ferje som kjører ut fra en ferjekai
Mannheller ferjekai. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

– Det er ein heilt vanleg slitasjeskade på ein heisebjelke som lyfter brua opp og ned, og difor må vi erstatta bjelken, seier byggjeleiar Kim Dagsland i Statens vegvesen.

Arbeidet skulle eigentleg gjennomførast natt til 20.august, men måtte utsetjast på grunn av vind.

Slik blir ferjetidene i samband med arbeidet

Siste avgang frå Mannheller før arbeida startar blir klokka 23:30, medan siste avgang frå Fodnes blir 23:50. 

Fyrste avgang frå Mannheller etter arbeida er klokka 05:20. Fyrste frå Fodnes er klokka 05:40.

Medan Mannheller ferjekai er stengd, vil det kun vere forbindelse mellom Lærdal og Kaupanger. For oppdaterte rutetider, sjå Norled sin rutetabell.

– Vi gjer det for trafikantane

Statens vegvesen har forståing for at stengd ferjekai kan vera krevjande for trafikantane.

– Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei. Vi har lagt arbeidet til den tida av døgnet då det er minst trafikk, for å minimera ulempene for trafikantane, legg Dagsland til.

Dette er drift og vedlikehald

Statens vegvesen har ansvaret for drift og vedlikehald av 10.600 km riks- og europaveg over heile landet, inkludert 16 ferjestrekningar.

Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarar det i morgon. Og det å erstatta ein heisebjelke på ein ferjekai, er ein del av dette.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

En tabell med nye midlertidige rutetider for ferjeruten Mannheller-Fodnes-Lærdal-Mannheller i stengningsperioden natt til torsdag 26.september
Rutetabell Mannheller-Fodnes-Lærdal-Mannheller i stengningsperioden natt til torsdag 26.09.2024.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye