Lillehammer pilot i arbeid med nasjonal rettleiar
Lillehammer kommune og Innlandet fylkeskommune er pilot i Riksantikvaren sitt arbeid med risiko- og sårbarheitsanalyser for kulturarv. - Det er spesielt å gjere dette arbeidet no, med varsel om flaum og ras, men det syner også kvifor dette arbeidet er viktig, seier seniorrådgjevar Anette Morvik Robberstad.

Riksantikvaren ønskjer auka fokus på beredskap og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturmiljø. Noreg har ingen kulturminne eller kulturmiljø å miste, og når eit kulturminne blir borte, er det borte for alltid.
-Riksantikvaren jobbar for å auke merksemda om kulturminne og kulturmiljø i beredskapsarbeid, og å styrke samarbeidet på tvers av sektorar og nivå, seier Anette Morvik Robberstad, seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren - Slik kan vi saman bidra til å minske øydelegging og hindre tap av kulturarv ved ekstreme hendingar slik som med det pågåande ekstremvêret.
Kulturminne og kulturmiljø er ikkje godt nok integrert i beredskapen i norske kommunar, og her i Lillehammer er det store verdiar i det tette trehusmiljøet i sentrum. Slike område kan blant anna vere utsett for brann med risiko for spreiing, og difor er det særs viktig at kommunane har gode brannsikringsplanar.
-Sjølv om det jobbast godt med beredskap fleire stader, så må vi likevel få betre beredskap for kulturminne og kulturmiljø, seier Morvik Robberstad. - Sentrumsbygnaden i Lillehammer har nasjonal verdi som eit viktig kulturmiljø, og her vil ei risiko- og sårbarheitsanalyse gje eit godt grunnlag for beredskapsarbeidet.
Rettleiaren knyter seg nært til DSB (Direktoratet for sikkerheit og beredskap) sine rettleiarar. Slik sikrar ein best mogleg samordning av det lokale beredskapsarbeid. Pilotarbeidet i Lillehammer vil vere eit viktig ledd i utprøvinga av Riksantikvarens nye rettleiar, og vidare utvikling av denne.
-Det er spesielt å teste denne rettleiaren no, med eit kommande ekstremvêr i Innlandet, seier Morvik Robberstad. - Liv og helse kjem alltid først. Samtidig veit vi at når kulturminne blir råka av ei ekstrem hending så rører det mange. Det syner viktigheita av å vere godt rusta og førebudd, først og fremst for folka som bur her og men også for kulturarven, seier Morvik Robberstad.
Med eit klima i endring må vi gjere vårt beste for å verne kulturminne og kulturmiljø. Det kan vere mot ulike typar forfall, brann, flaum, ras og konsekvensane av eit villare og våtare vêr, men også tilsikta handlingar som eksempelvis vandalisme og hærverk.
Samarbeid med Innlandet og Møre og Romsdal
Innlandet fylkeskommune og kommunane i Innlandet er gode samarbeidspartnarar i dette arbeidet. I 2025 skal ein utarbeide ein beredskapsplan for kulturfeltet i fylket.
-Det er bra med auka fokus på dette, og arbeidet er spesielt relevant no når vi ser meldingane om flaum og rasfare medan vi jobbar, seier Irene Skauen Sandodden i avdeling for Bygg og landskap hjå Innlandet fylkeskommune. - Vi ser at det er nødvendig å arbeide preventivt med sikring av kulturarv saman med dei ulike aktørane på feltet. Difor er vi takksame for at vi får være med på prosjektet og gler oss til å kome med innspel.
ROS-analysane av kulturmiljøa i Lillehammer kommune vil vere eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunen og fylkeskommunen inn i deira arbeid med ROS og beredskap.
-Vi håpar vi kjem så langt som mogleg med arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalyser medan Riksantikvaren er her, seier Skauen Sandodden. - Vi ønskjer å sitte igjen med eit godt utgangspunkt for å beredskapsplanlegging i dei konkrete kulturmiljøa i fylket, slik som her i Lillehammer sentrum.
Arbeidet som gjerast på Lillehammer no, held fram i Lom og Skjåk seinare i haust. Det byggjer også vidare på samarbeid med Sunndal kommune, som testa rettleiaren tidlegare i sommar på dei rasutsette fjellgardane Svisdal og Svøu.
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder






Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Tildeler sju forskningskontrakter for kulturarv9.4.2025 07:15:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren gir til sammen 2,2 millioner til forsking og utvikling. Prosjektene spenner fra hemmeligheter på havbunnen, overvåkning av våre eldste kulturminner og til reiseruter for romanifolket.
Setter i stand stavkirker for 7,2 millioner1.4.2025 07:07:05 CEST | Pressemelding
Riksantikvarens tilskudd til stavkirkene er fordelt for 2025. Se hvilke elleve prosjekter som fikk.
Victoria terrasse blir fredet21.3.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Det kjente bygningskomplekset har en unik plass i norsk historie. Nå fredes bygningene av Riksantikvaren.
Lyser ut 12 millioner for kyst og landbruk6.3.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut tilskudd til verdiskaping i kulturmiljø. I 2025 vil søknader for kysten og landbruket bli prioritert.
– Vi må hindre tap av kulturarv26.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren ønskjer auka beredskap og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturminne, kulturmiljø og landskap. No er ein ny nasjonal rettleiar på feltet klar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom