Regjeringa har vald konsept for E134 arm til Bergen: No skal det lagast ein utviklingsstrategi for strekninga
Konseptvalgutgreiinga for E134 arm til Bergen er klar. No ber Samferdselsdepartementet Statens vegvesen om å gå vidare med alternativet konsept 1, som Konseptet følger i grove trekk følgjer dagens Fv. 49 frå Trengereid til Jondal, videre til Odda og langs Rv. 13 til Jøsendal.
– E134 er ein viktig vegforbindelse mellom aust og vest, men manglar ein god kopling til Bergen. Med denne avgjersla legg regjeringa til rette for å kunne lage ein utviklingsstrategi for forbindelsen. Dette er viktig fordi vi veit at strekninga har lang reisetid med dårleg vegstandard enkelte stader, i tillegg er deler av strekninga rasutsett, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
Statens vegvesen har utarbeida konseptvalgutgreiing for E134 arm til Bergen. Den har vore på høyring, og det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS1). Utgreiinga tar for seg ulike alternativ for tilknyting av Bergensområdet til E134 ved Jøsendal, og det vidare arbeidet skal no ta utgangspunkt i konsept 1.
– Konsept 1 er eit framtidsretta val for utviklinga i Hardanger. Dette har ein kjempa for lokalt i lang tid. At ein kan byggje stegvis gjer det mogleg med viktige utbetringar på dagens veg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Konsept 1 legg godt til rette for trinnvis utbygging og gjenbruk av eksisterande veg. No får Statens vegvesen i oppgåve av departementet å lage ein utviklingsstrategi saman med Vestland fylkeskommune.
– Med utviklingsstrategien ønskjer vi å få betre kunnskap om utfordringane, mogleg trinnvis utbygging og kva strekningar som bør prioriterast i det vidare arbeidet, seier Nygård.
Om oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Arna-Stanghelle: Nytt viktig steg for å realisere Noregs største samferdselsprosjekt5.2.2025 10:05:09 CET | Pressemelding
Statens vegvesen lyser ut milliardavtale for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS). – Denne rådgjevingsavtala er den største som nokon gong er lyst ut i Noreg. Dette er eit viktig steg for å få realisert det største samferdselsprosjektet i nyare tid, seier Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Nå kan fylkeskommunene nominere kandidater til årets trafikksikkerhetskommune 202527.1.2025 11:41:06 CET | Pressemelding
Prisen for Årets trafikksikkerhetskommune har vært delt ut siden 2012, og den gis til en kommune som har utmerket seg positivt i trafikksikkerhetsarbeidet. Nå inviterer Samferdselsdepartementet fylkeskommunene til å nominere to eller tre kommuner til årets kåring.
Innfører løyvekrav for varebiler23.1.2025 06:00:00 CET | Pressemelding
Regjeringen innfører løyvekrav for godstransport med varebiler med tillatt totalvekt mellom 2,5 og 3,5 tonn. Endringen vil gjelde fra 1. januar 2026.
Statens vegvesen overtek ansvaret for Rv. 13 mellom Vinje og Sogndal22.1.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
– Etter ei heilskapleg vurdering har regjeringa landa på at ansvaret for riksveg 13 mellom Vinje og Sogndal overførast frå Nye Veier til Statens vegvesen. Vi gjer dette for å samle ansvaret for drift og vedlikehald for dei ulike fjellovergangane, hos ein aktør, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Høring: Foreslår regelendringer som skal sikre at Bane NOR får nok tid i sporet til å utføre mer vedlikehold og fornyelse20.1.2025 15:50:21 CET | Pressemelding
Mer vedlikehold og fornyelse av infrastrukturen er nødvendig for å opprettholde og forbedre tilstanden på jernbanenettet. Det fører til behov for mer tid i sporet til å gjennomføre tiltakene, men kapasiteten er i dag sprengt. Samferdselsdepartementet sender nå på høring forslag til regelverksenringer som skal legge til rette for at Bane NOR kan reservere tilstrekkelig med tid i sporet, samtidig som det påvirker brukerne av jernbanen minst mulig.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom