Statens vegvesen

Fodnestunnelen blir nattestengd, natteferjer via Lærdal

6.9.2024 08:45:22 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Frå 9. september til og med 23. desember blir Fodnestunnelen nattestengd i samband med vedlikehaldsarbeid. Det blir eigne ferjeruter via Lærdal om natta.

Rv. 5 Fodnestunnelen. Foto: Kart: Statens vegvesen
Rv. 5 Fodnestunnelen. Foto: Kart: Statens vegvesen

Tunnelen blir stengd frå klokka 20.00 til 06.00 med gjennomkøyring frå Lærdal klokka 20.40, 21.40 og 05.40.

Bilar som kjem med ferje frå Mannheller klokka 20.40 og 21.40 får passera gjennom tunnelen med ledebil. 

Frå klokka 21.40 til 05.40 vil det gå ferje mellom Lærdal til Mannheller og Fodnes. Sjå rutetabell her.

Arbeidet startar oppatt etter nyttår 2.januar 2025 klokka 20.00 med same stengetider som før jul.

Trafikantar kan til ei kvar tid finna oppdaterte trafikkmeldingar på 175.no.

Nettene der tunnelen er stengd, vil det ikkje vera mogleg med transport av farleg last som inneber avgrensingar i passasjertalet på ferja. Det opplyser ferjeoperatør Norled.

Vår førre pressemelding om saka kan du lesa her.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Her er den nye rutetabellen.
Her er den nye rutetabellen.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye