Byter fuger på rv. 5 Storehagen bru
Statens vegvesen byter fuger på Storehagen bru i Førde 2.-6. september.

Arbeida vil føregå måndag til fredag, og då utelukkande på nattestid (klokka 21.00-06.00), den tida av døgnet då det er minst trafikk.
Brua vil vere open for trafikk medan arbeida pågår, med manuell dirigering og innsnevra køyrefelt.
Dette er drift og vedlikehald
I periodar vil brua verte stengd for gåande. Dei kan då i staden kan bruke Langebrua som kryssar Jølstra litt lenger inne, om lag 250-300 meter unna.
– Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid kan vere krevjande for trafikantane. Og det er nettopp derfor vi legg arbeida til den tida på døgnet då det er minst trafikk, seier byggeleiar Jon-Vegar Aga Kjærgaard i Statens vegvesen.
I tillegg er det viktig å minne om at vi gjer dette for trafikantane, for at vegen framleis skal vere trygg og framkomeleg, legg han til.
– Og det er nettopp dette drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om. Drift å halde vegen open i dag, vedlikehald er å syte for at vi klarar det i morgon. Godt bruvedlikehald er ein del av dette samfunnsoppdraget, understrekar han.
– Rett tiltak til rett tid
Vegvesenet har ansvaret for om lag 6.000 bruer og brukonstruksjonar over heile landet.
– Eit strengt inspeksjonsregime sørger for at vi har oversikt over tilstanden på desse. Det bidrar til at vi kan gjere rett tiltak til rett tid. Som i dette tilfellet å byte fuger, avsluttar byggeleiar Jon-Vegar Aga Kjærgaard i Statens vegvesen.
Storehagen bru er 60 meter lang og vart bygd i 1987. Brua gjennomsnittleg trafikkert av 10729 køyretøy per dag. Det er dette som vert kalla ÅDT. Av dette er 11 prosent, eller 1180, lange køyretøy (tungtrafikk).
Kontakter
Jon-Vegar Aga KjærgaardByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:40295548jon.vegar.aga.kjaergaard@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Toaletta på Trollstigen opnar i midten av mai22.4.2025 15:45:12 CEST | Pressemelding
- Vi er veldig glade for å melde at toaletta ved Trollstigen opnar i midten av mai, sjølv om Trollstigvegen mellom Trollstigplatået og Isterdalen er stengd fram til og med 14. juli, seier Silje Myhre Amundsen, seksjonsleiar for Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen.
Fredag stenges E6 ved Eidsvolltunnelen22.4.2025 15:13:26 CEST | Pressemelding
Ny Sletta bru er nå ferdigstøpt over nordgående løp. Fra fredag kl. 21 til søndag kl. 12 stenges E6 for å legge om trafikken, slik at brua kan ferdigstilles over sørgående løp.
Åtvarar mot feilparkeringar på høgfjellet18.4.2025 15:52:17 CEST | Pressemelding
Bilar som parkerer i vegbanen på riksveg 7 over Hardangervidda skaper problem for brøytemannskap og andre trafikantar.
Avlyser konkurranse om rammeavtale for rådgivnings- og prosjekteringstjenester til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle15.4.2025 12:06:05 CEST | Pressemelding
For å kunne rette opp i uklarheter i konkurransegrunnlaget, og sikre effektiv konkurranse om anskaffelsen, er det nødvendig å avlyse konkurransen og lyse den ut på nytt.
Arbeid på Fodnes og Mannheller ferjekaiar rett over påske15.4.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjer arbeid på Fodnes ferjekai natt til onsdag 23. april, og på Mannheller natt til torsdag 24. april.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom