Riksrevisjonen

Andelen unge som får uføretrygd er meir enn dobla sidan 2010

Del

Fleire unge mottar helserelaterte stønader viser ei ny undersøking frå Riksrevisjonen. Det er kritikkverdig at den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene ikkje fungerer godt nok til å få fleire mellom 18 og 30 år over i arbeid eller utdanning.

Illustrasjonsbilde satt sammen av to foto. Foto 1: To personer sitter på et stupebrett over svaberg og fjord. Småbåthavn og åser i bakgrunnen. Foto 2: Ung mann ved skranke bak et glassvindu med rød logo.
69,5 prosent av dei under 30 år som fekk arbeidsavklaringspengar, har ein psykisk diagnose til grunn for ytinga. Giorgio Grani /Unsplash og BF Sandnes /Scanstockphoto.com BF Sandnes /Scanstockphoto.com

–  Andelen unge under 30 år som får uføretrygd er meir enn dobla sidan 2010. Det er ei urovekkande utvikling.  I framtida får vi fleire eldre, og behovet for arbeidskraft vil auke. Me har ikkje råd til at så mange unge fell ut av arbeidslivet, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

– Noreg treng arbeidskrafta deira. Dei unge treng å bli tilknytt arbeidslivet, understrekar han.

Riksrevisjonens undersøking viser at den arbeidsretta bistanden ikkje er tilstrekkeleg tilpassa unge utanfor arbeidslivet. Fleire unge har samansette utfordringar og behov for meir bistand  frå Nav.

– Det er uheldig at unge som treng meir bistand ikkje får hjelp tidlegare. Konsekvensen blir at for mange av dei blir passive og ikkje kjem raskt nok i ein aktivitet som bidrar til at dei kjem i arbeid, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Dialogen mellom Nav og dei unge inneheld i for liten grad ein plan som skal få brukaren i arbeid eller utdanning. I tillegg er ikkje arbeidsmarknadstiltaka tilstrekkeleg tilpassa for at unge skal kome i arbeid. Mange rettleiarar i Nav opplever at det ikkje er tilstrekkeleg tilgang på relevante tiltaksplassar.

Arbeidsevnevurderinga legg føringar som bidreg til at helsesituasjonen blir dominerande i oppfølginga av unge. Riksrevisjonen meiner det er uheldig at ressursane og dei moglegheitene dei unge har til å kome i arbeid, ikkje er meir framståande i den arbeidsretta oppfølginga mot målet om arbeid eller utdanning.

– Det er kritikkverdig at den arbeidsretta bistanden ikkje bidreg nok til å få fleire unge over i arbeid eller utdanning. Mange av dei kan og vil jobbe, og styresmaktene må sørgja for at dei får moglegheit til det. Arbeids- og inkluderingsdepartementet må sørgje for at Nav tilpassar verkemiddel og tiltak etter behova til dei unge, understrekar Schjøtt-Pedersen.

Tiltaka er ikkje tilpassa dei unge

Ved utgangen av 2023 var talet på unge som fekk arbeidsavklaringspengar omlag
30 000. Riksrevisjonens nye undersøking viser at 69,5 prosent av dei har ein psykisk diagnose til grunn for ytinga. 

Av dei 344 000 som fekk arbeidsretta bistand, har 24 prosent blitt utgreidde for eller fått behandling for psykiske helseutfordringar i spesialisthelsetenesta.

Unge med psykiske lidingar får ikkje i tilstrekkeleg grad ei heilskapleg og koordinert oppfølging av Nav og helsetenesta.

– Mange av desse har lettare lidingar. Den arbeidsretta bistanden er ikkje tilstrekkeleg tilpassa dei unge, seier Schjøtt-Pedersen.

Les meir om undersøkinga på riksrevisjonen.no

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Linjediagram som syner auken i antal personar under 30 år som har fått uføretrygd og arbeidsavklaringspengar i åra 2010–2023.
Figur: Antal personar under 30 år som har fått uføretrygd og arbeidsavklaringspengar i åra 2010–2023
Riksrevisjonen Kjelde: Nav
Last ned bilde

Om oss

Riksrevisjonen er Stortingets største og eldste kontrollorgan. Gjennom revisjon av regnskap og undersøkelser sjekker vi hvordan regjeringen og statsforvaltningen gjør jobben sin.

Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye