Arbeid i Fodnestunnelen påverkar bil- og ferjetrafikken
23.8.2024 11:23:10 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
No startar Statens vegvesen eit stort vedlikehaldsarbeid i Fodnestunnelen. Slik påverkar det trafikken.

– Dei gamle platekvelva i tunnelen skal skiftast ut og erstattast med ny vass- og frostsikring. I tillegg skal det sprengast to nye havarinisjar med tekniske bygg, og det skal monterast ny kabelstige og nytt lys i heile tunnelen, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.
Arbeida startar måndag 26. august.
For å minimera ulempene for trafikantane, vert jobben gjort som nattarbeid, på den tida av døgnet det er minst trafikk. Det skal jobbast i tunnelen kvar natt heile veka.
Slik blir konsekvensane for trafikantane
Det blir kolonnekøyring gjennom natta, tilpassa ferjetidene på sambandet Mannheller- Fodnes.
– Frå og med 9. september må vi nattestenga tunnelen kvar natt heile veka frå klokka 22.00-06.00 på grunn av sprengingsarbeid. I dette tidsrommet vert det sett opp alternativ rutetabell med nattferje Mannheller-Fodnes-Lærdal-Mannheller. Reisande med ferja 21.40 frå Mannheller vil sleppa gjennom før tunnelen stenger. Siste kolonne frå Lærdal går klokka 21.45 (med avgang frå Fodnes klokka 22.00), legg Hovland til.
Den alternative rutetabellen vil gjelda i perioden med nattestengd tunnel, frå 9. september i år til 31. mai 2025, med nokre tilpassingar opp mot heilagdagar. For oppdatert rutetabell til ei kvar tid, sjekk www.norled.no.
Nettene der tunnelen er stengd, vil det ikkje vera mogleg med transport av farleg last som inneber avgrensingar i passasjertalet på ferja. Det opplyser ferjeoperatør Norled.
Dette er tunnelen
Fodnestunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 2600 køyretøy. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 19 prosent, eller 494, lange køyretøy (tungtrafikk).
Vedlikehaldsarbeidet i tunnelen er forventa å vera ferdig hausten 2026.
Del av Vegvesenet sitt samfunnsoppdrag
Arbeidet er ikkje ei totaloppgradering av tunnelen i henhold til Tunnelsikkerheitsforskrifta (TSF), men er likevel eit stort og viktig arbeid som er ein del av Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag med å drifta og vedlikehalda riks- og europavegnettet.
– Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørga for at vi klarar det i morgon. Jobben Statens vegvesen skal i gang med i Fodnestunnelen, er eit døme på dette, avsluttar Hovland.
Nøkkelord
Kontakter
Sveinung HovlandProsjektleiar, tunnelStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:97517080sveinung.hovland@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Skredsikrer østre portal ved Svotunnelen4.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skredsikrer området over Svotunnelen på rv. 13 mellom Tau og Årdal på trekning Tau-Hjelmeland i Rogaland.
Ulykkene rammet Østlandet - 6 omkom i trafikken i april1.5.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
28 personer har mistet livet i trafikken så langt i år, og det er 10 flere omkomne enn på samme tid i fjor. Seks av de døde i april, alle på Østlandet.
Reparerer rekkverk ved E6 Skjervengan kulvert30.4.2026 14:22:12 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen reparerer skadet rekkverk ved E6 Skjervengan kulvert i Mosjøen.
Statens vegvesen restaurerer historiske vegar i Vestland30.4.2026 12:24:38 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen jobbar no på Stalheimskleivi og Den Trondhjemske postvei i Sunnfjord.
Stenging i Fløyfjelltunnelen neste helg – berre sørgåande løp29.4.2026 15:01:16 CEST | Pressemelding
Neste helg, frå fredag 8. mai til måndag 11. mai, skal Statens vegvesen gjennomføre naudsynt arbeid i Fløyfjelltunnelen. Berre sørgåande løp (mot Bergen sentrum) blir stengt, medan nordgåande løp er ope.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom