Lnett og KE Nett får løyve til å bygge ny kraftleidning og to transformatorstasjonar på Jæren
16.8.2024 14:44:40 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Lnett AS løyve til å bygge ein ny kraftleidning mellom Håland i Time og Vagle i Sandnes kommune. KE Nett får samstundes løyve til å bygge nye transformatorstasjonar på Tjøtta og Hatteland i Klepp kommune.

– Den nye utbygginga er viktig for straumforsyninga på Jæren. Den skal sørge for trygg kraftforsyning og auka overføringskapasitet for framtida, seier Ingrid Myrtveit, seksjonssjef i NVE.
Forbindelsen mellom Håland og Vagle er den hittil siste i ei rekke utbyggingar som utgjer spenningsoppgradering av Jærnettet.
– Kapasiteten i det gamle nettet er fullt utnytta på dei kaldaste dagane i året. Denne utbygginga er difor sentral for den vidare utviklinga av regionen, og eit viktig ledd i elektrifiseringa av samfunnet, seier Myrtveit.
Kraftleidninga på 132 kilovolt (kV) skal gå frå Håland i Time kommune, til Tjøtta og Hatteland i Klepp, og endar i Vagle i Sandnes kommune. Leidninga vil knytte saman regionalnettet på Jæren mellom transformatorstasjonen på Håland i Time, som stod ferdig i 2023, og Vagle i Sandnes.
Jordkabel i Klepp
Kraftnettet finansierast av eit spleiselag der alle straumkundar betaler gjennom nettleiga. Stortinget har vedtatt at kraftleidningar som har eit spenningsnivå på 132 kV i all hovudsak skal byggast som luftleidning. Årsaka er at jordkabel på dette spenningsnivået er fleire gongar dyrare enn luftleidning.
I denne saka har Klepp kommune vedtatt at dei på ei ca. 6,3 km lang strekning mellom Grønhaug og Hatteland vil betale meirkostnaden ved å nytta jordkabel framfor luftleidning. NVE gir derfor Lnett konsesjon til å bygge jordkabel på denne strekninga, med vilkår om at meirkostnaden skal finansierast av kommunen. Jordkabelen vil dermed ikkje gi høgare nettleige for straumkundane.
Stiller krav til anleggsarbeidet
Gjennom fleire høyringar, folkemøte og synfaring, meiner NVE at vi har funne den beste løysinga for plassering og utforming av kraftleidninga og stasjonane. NVE stiller krav om at Lnett og KE Nett skal lage detaljplanar som syner korleis anleggsarbeida skal gjennomførast for å minimere verknadene for lokalsamfunnet. Planane vil mellom anna ta føre seg omsynet til landbruksdrift og hekkande fugl, i tillegg til midlertidig bruk av vegar og riggområde.
Planen skal godkjennast av NVE før arbeidet kan starte.
Gamalt nett kan rivast
Med den nye leidninga i drift kan ein rive Tu transformatorstasjon og den gamle 50 kilovolts-leidninga mellom Holen, Tu og Hatteland. Denne forbindelsen går mellom anna over Frøylandsvatnet nord for Bryne.
Nøkkelord
Kontakter
Ingrid Myrtveit, seksjonssjef for nettkonsesjonar
E-post: inmy@nve.no
Tlf: 22 95 93 28
Jan Are Gildestad, sakshandsamar/seniorrådgjevar
E-post: jag@nve.no
Tlf: 22 95 94 38
Lenker
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE forventer redusert kraftoverskudd, stor usikkerhet om datasentre19.5.2026 09:30:00 CEST | Pressemelding
Norge hadde rekordhøy kraftproduksjon og et historisk høyt kraftoverskudd i 2025. Likevel peker utviklingen mot en strammere kraftbalanse de neste årene. En viktig årsak er den forventede veksten i antallet datasentre.
Mjøndalen er bedre sikret mot flom og kvikkleireskred13.5.2026 10:09:05 CEST | Pressemelding
Etter flere år med arbeid er et av Norges største flomsikringsprosjekter nå ferdigstilt. Rundt 1300 innbyggere i Mjøndalen er bedre beskyttet mot flom, og samtidig er risikoen for kvikkleireskred redusert.
Fagne får løyve til å bygge ei ny kraftleidning frå Fitjar til Tysnes13.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
NVE gjev nettselskapet Fagne løyve til å bygge ny kraftleidning mellom Midtfjellet transformatorstasjon i Fitjar kommune og Søreid i Tysnes kommune. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon på Tjøreneset i Tysnes. Dei nye anlegga vil avlaste Stord transmisjonsnettstasjon og gje eit sterkare regionalnett i Sunnhordaland.
NVE fastsetter utredningsprogram for Stelåga Kraftverk8.5.2026 13:58:25 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Stelåga kraftverk i Rødøy kommune. Programmet beskriver ulike temaer Blåfall AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE held fast ved nyleg reviderte miljøkrav – avslår to søknader frå Statkraft8.5.2026 13:46:05 CEST | Pressemelding
NVE avslår to søknader frå Statkraft Energi AS om å endre nyleg fastsette miljøkrav i vilkårsrevisjonane for reguleringane i Folla-Vindøla og Tokke-Vinje. NVE meiner endringane det er søkt om vil gripe inn i sentrale føresetnader for miljøforbetringane som skulle oppnåast gjennom vilkårsrevisjonane.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom