Statens vegvesen

Skredsikring som verkar

Del

Sjå skilnaden på rv. 15 Dårflot i Stryn før og etter skredsikring.

Skredsikring rv. 15, Dårflot, Oppstryn.
Før og etter. Skred 2018 (til venstre) og 2024 (til høgre). Foto: Statens vegvesen

For to år sidan bygde Statens vegvesen skredsikringsanlegg ved rv. 15 Dårflot i Oppstryn, ved Djupesvora.

Lesja Bulldozerlag AS gjorde jobben for ein kontrakt på 9 millionar pluss moms.

Dette er jobben som vart gjort

Magasinet nærast vegen vart utvida. Slik har det fått større kapasitet både ved skred og høg vassføring. Det er til stor hjelp i dette området som er utsett både for sørpe-, flaum- og snøskred.

I skredkanalen vart det etablert tersklar og erosjonssikring på utsette område. Tersklar er høgdeforskjellar i terrenget. Desse bidreg til å ta farten og energien ut or skreda.

Kulverten under vegen vart forlengt inn i terrenget, og det vart montert betongrekkverk mellom elva og vegen.

I tillegg vart det høgare i terrenget bygd to flaumskredgjerde av typen Geobrugg VX-140 for å samla opp skredmasse. Dette bidreg til å ta energi ut av dei store skreda som kan koma ned den bratte fjellsida.

… og slik har det verka

Nyleg gjekk det eit skred i dette området. Bileta viser tydeleg at skredsikringa verkar.

– Som vi ser av bileta, så fungerte skrednetta etter hensikta. Dei stoppa store mengder med til dels stor stein som elles kunne ha kome inn på vegen. At stein vert stoppa, bidreg og til at magasinet betre kan handtera mengdene som kjem ned der. I tillegg har dreneringa har god funksjon, seier geolog Jens Tveit i Statens vegvesen.

– Når skredfaren er over, vert skrednetta rydda. Som ein del av prosjektet sytte vi for å byggja tilførselsvegar slik at vi utan problem kjem heilt inn til skredkanalen for å rydda opp, seier Pål-Anders Rindal som var Statens vegvesen sin byggeleiar for prosjektet.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Skredsikring rv. 15, Dårflot, Oppstryn.
Før: Etter skred på staden i 2018. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Skredsikring rv. 15, Dårflot, Oppstryn.
Før: Etter skred på staden i 2018. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Skredsikring rv. 15, Dårflot, Oppstryn.
Før: Etter skred på staden i 2018. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Skredsikring rv. 15, Dårflot, Oppstryn.
No: Etter skred på staden i 2024. Her ser ein tydeleg korleis det er bygd inn tersklar, altså høgdeforskjellar, i terrenget. Tersklane bidreg til å ta farten og energien ut or skreda. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Skredsikring rv. 15, Dårflot, Oppstryn.
Etter eit skred nyleg. Her ser vi og tilførselsvegane inn til skredkanalen. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Skredsikring rv. 15, Dårflot, Oppstryn.
Her ser vi kor effektivt flaumskredgjerda stoppar stein. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Skredsikring rv. 15, Dårflot, Oppstryn.
… noko som og gjer magasinet nærast vegen betydeleg meir effektivt. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Skredsikring rv. 15, Dårflot, Oppstryn.
Byggeleiar Pål-Anders Rindal inspirerer anlegget etter bygging for to år sidan. Foto: Jens Tveit, Statens vegvesen
Last ned bilde
Skredsikring rv. 15, Dårflot, Oppstryn.
Byggeleiar Pål-Anders Rindal inspirerer anlegget etter bygging for to år sidan. Foto: Jens Tveit, Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye