Stengjer Mannheller ferjekai natt til 20. august
16.8.2024 11:24:51 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen stengjer Mannheller ferjekai natt til 20. august grunna naudsynt vedlikehald.

– Det er ein heilt vanleg slitasjeskade på ein heisebjelke som lyfter brua opp og ned, og difor må vi erstatta bjelken, seier byggjeleiar Kim Dagsland i Statens vegvesen.
Slik blir ferjetidene i samband med arbeidet
Siste avgang frå Mannheller før arbeida startar blir klokka 23.00, medan siste avgang frå Fodnes blir 22.40.
Fyrste avgang frå Mannheller etter arbeida er klokka 04.00. Fyrste frå Fodnes er klokka 03.30.
Medan Mannheller ferjekai er stengd, vil Norled bruka kaien i Kaupanger. For oppdaterte rutetider, sjå Norled sin rutetabell.
– Vi gjer det for trafikantane
Statens vegvesen har forståing for at stengd ferjekai kan vera krevjande for trafikantene.
– Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei. Vi har lagt arbeidet til den tida av døgnet då det er minst trafikk, for å minimera ulempene for trafikantane, legg Dagsland til.
Dette er drift og vedlikehald
Statens vegvesen har ansvaret for drift og vedlikehald av 10.600 km riks- og europaveg over heile landet, inkludert 16 ferjestrekningar.
Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarar det i morgon. Og det å erstatta ein heisebjelke på ein ferjekai, er ein del av dette.
Nøkkelord
Kontakter
Kim DagslandByggeleder Statens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41695627kim.dagsland@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ny gul midtstripe på rv. 415.6.2026 18:28:25 CEST | Pressemelding
Strekningen mellom Stasjonsbyen og Ljosåna på rv. 41 er ferdig utbedret og har fått gul midtstripe. Nå starter Statens vegvesen bygging av den neste parsellen, Ljosåna–Sundtjørn.
E6 i Innlandet: Asfaltering mellom Kolomoen og Skaberud gir redusert framkommelighet5.6.2026 10:16:30 CEST | Pressemelding
Fra 10. til 12. juni skal Statens vegvesen asfaltere E6 i retning Oslo mellom Kolomoen og Skaberud i Stange kommune. Arbeidet pågår hele døgnet og vil føre til redusert framkommelighet og noe venting. Vi ber trafikantene sette av ekstra tid.
Arbeidet med hovudkablane til nye Sotrabru starta i dag4.6.2026 15:02:46 CEST | Pressemelding
Litt før klokka 10:00 torsdag blei den første av totalt 82 delkablar trekt over fjorden, og dermed er ein av dei mest sentrale fasane i bygginga av brua i gang.
Lærling markerte byggestart på rv. 804.6.2026 13:27:41 CEST | Pressemelding
Byggingen av fem kilometer ny rv. 80 mellom Sandvika og Sagelva er i gang. Skal gi tryggere og raskere veg mellom Bodø og Fauske.
Viktig vedlikehold av E6 Skogn-Ronglan fra søndag kveld4.6.2026 11:03:41 CEST | Pressemelding
Fra førstkommende søndag til fredag 12. juni blir det utført nødvendig vedlikeholdsarbeid på E6 mellom Skogn og Ronglan. Arbeidet utføres på kveld og natt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom