Forsvarets lærlingar med rekordsuksess
15.8.2024 13:48:29 CEST | Forsvaret | Pressemelding
Nesten halvparten av lærlingane i Forsvaret har bestått fagprøva med beste karakter. Det syner dei siste tala frå fagprøver som blei gjennomførte ved Forsvarets lærestader i fjor.

Til saman blei det gjennomført 318 fagprøver i Forsvaret i 2023. Det er det høgaste talet på fagprøver i Forsvaret nokon gong, og unge gjer utvilsamt suksess i Kongens klede. Totalt bestod 317 fagprøva si i Forsvaret i 2023, og over 48 prosent fekk karakteren bestått særs godt.
God oppfølging og ungt miljø
Jørgen Ellingsen ved Opplæringskontoret for Forsvaret forklarar dei gode tala med høg kvalitet på fagopplæringa og tett oppfølging frå dyktige instruktørar og faglege leiarar.
– Frå den nasjonale lærlingundersøkinga har vi over tid òg sett at Forsvarets lærlingar skårar betre enn gjennomsnittet på dei fleste område, og spesielt godt på trygt arbeidsmiljø, HMS og god fagopplæring, seier Ellingsen.
Han seier at Forsvarets gode vilkår med gratis kost og losji og svært gode velferdsordningar, er ein del av oppskrifta.
– Samstundes har vi kanskje eit litt yngre og meir dynamisk arbeidsmiljø enn i andre verksemder.
Fleire søkjer maritimt
Langtidsplanen for Forsvaret legg opp til ei ambisiøs satsing i Sjøforsvaret, som skal få fleire fartøy som treng mannskap. Søkartala til læreplassar i maritime fag har auka og syner ei god utvikling i vår. Til dømes har talet på søkjarar til matrosfaget auka med 11 prosent frå i fjor.
– Ein tredel av Forsvarets læreplassar finst til sjøs, så det er svært gledeleg at unge ser til oss. Forsvaret har eit stort mangfald av stillingar, og erfaringa du kan få hos oss, er ettertrakta. Det gjeld anten du vel å halde fram i Forsvaret eller i det sivile, fortel Ellingsen.
Fleire kokk- og teknikarlærlingar
I tillegg til det maritime, skal det ifølgje langtidsplanen bli satsa stort på fleire andre område i Forsvaret. Den kanskje viktigaste innsatsfaktoren for å lukkast vil vere personell. Nye avdelingar og nytt materiell krev at Forsvaret utdannar stadig fleire dyktige spesialistar og fagarbeidarar.
Også i andre viktige fag som kokk, flymekanikar, dataelektronikar og service- og administrasjonsfag har Forsvaret merkbart betre søkartal enn i 2023.
Nøkkelord
Lenker
Om Forsvaret
På oppdrag frå politikarane løyser Forsvaret ei rekkje oppdrag for å halde Noreg trygt. Forsvaret er det sterkaste verkemiddelet norske styresmakter har. Politikarane har bede Forsvaret om å løyse fleire oppgåver på vegner av samfunnet. Vi har samanfatta oppgåvene våre i fem hovudoppdrag:
- Forsvare Noreg og Noregs allierte
- Overvake og drive etterretning
- Trygge grensene og sikre handlefridom for politikarane
- Samarbeide internasjonalt
- Støtte det sivile Noreg

Følg pressemeldinger fra Forsvaret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvaret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvaret
Forsvarets operative støttekommando (FOSK) opprettes 1. januar 202716.9.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Opprettelsen gjøres for å styrke operativ evne, samle kompetansemiljøer for understøttelse og for å effektivisere driften.
5000 heimevernssoldater trener i Oslo-regionen11.9.2026 13:30:18 CEST | Pressemelding
Fra 14. til 18. september gjennomfører Heimevernet årets største heimevernsøvelse, øvelse Hovedstad 2026. Nær 5000 soldater vil delta i trening i Oslo og Akershus.
Kong Harald Vs gravferd: Salutter landet over8.9.2026 17:37:41 CEST | Pressemelding
I forbindelse med gravferden onsdag 9. september blir det avfyrt sørgesalutt og dobbelt kongesalutt fra Forsvarets saluttpliktige lokasjoner.
Luftforsvarets konferanse Greener & Meaner er utsatt31.8.2026 10:59:22 CEST | Pressemelding
Som følge av HM Kong Harald Vs bortgang og den kommende begravelsen, utsettes konferansen til våren 2027.
Sørgesalutt landet over klokken 1228.8.2026 10:38:27 CEST | Pressemelding
Forsvarets saluttstasjoner avfyrer sørgesalutt klokken 12.00 i dag, fredag. Sørgesalutten består av 21 skudd med 30 sekunder pause mellom hvert skudd.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom