Nye flyruter til Ålesund og Bodø

Del

Flyselskapet Discover Airlines opnar to nye ruter sommaren 2025: Frankfurt–Ålesund og München–Bodø. Begge rutene vil ha to vekentlege avgangar.

Foto: Avinor / Helene Wattanapradit Jensen
Foto: Avinor / Helene Wattanapradit Jensen

– Noreg opplever aukande fokus og interesse frå internasjonale ferie- og fritidsreisande, og Tyskland er vår viktigaste marknad i Europa. At Ålesund- og Bodø-regionen blir knytt til denne marknaden med direkteruter frå henholdsvis Frankfurt og München, har stor betydning for lokal og regional utvikling. Desse besøkande har høg betalingsvilje fordi regionane byr på unike opplevingar av høg kvalitet, seier ruteutviklar i Avinor, Nina Julianne Jensen.

Frankfurt–Ålesund
Frankfurt–Ålesund blir operert frå 3. mai til 29. september med to vekentlege avgangar på onsdagar og laurdagar. Ruta blir operert med flytypen Airbus 320.

Dag 

Retning 

Avgang 

Ankomst 

Reisetid 

Onsdag

FRA–AES 

07:15

09:45

02:30

Onsdag

AES–FRA

10:30

12:50

02:20

Laurdag

FRA–AES 

07:15

09:45

02:30

Laurdag

AES–FRA

10:30

12:50

02:20

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er svært glade for at Discover Airlines vel å satse på regionen, og gler seg over at samarbeidet med Avinor for å få fleire direkteruter til Ålesund lufthavn, Vigra, gir resultat.

– Vi ønsker å få fleire tyske gjestar til å besøke regionen vår, og med direkterute frå Frankfurt vil Sunnmøre bli mykje meir tilgjengeleg og dermed også meir attraktiv for potensielle besøkande. Frankfurt er dessutan eit svært viktig knutepunkt i Europa, og gjestar frå heile verda mellomlandar der. Denne direkteruta vil difor vere viktig også for å få gjestar frå andre land til å velje å besøke regionen vår, sier Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

München–Bodø
München–Bodø blir operert frå 2. juni til slutten av oktober. Ruta startar med ein vekentleg avgang på måndagar og utvidar til to vekentlege avgangar frå 30. juni. Då vil det gå fly både måndagar og torsdagar. Ruta blir operert med flytypen Airbus 320.

Dag 

Retning 

Avgang 

Ankomst 

Reisetid 

Måndag

MUC–BOO

10:00

13:10

03:10

Måndag

BOO–MUC

14:10

17:25

03:15

Torsdag

MUC–BOO

10:00

13:10

03:15

Torsdag

BOO–MUC

14:10

17:25

03:15

– Bodø ligg i ein spennande region der Lofoten er merkevaren som også driv opp interessa for Salten og Helgeland frå Europa. Etter kvart som Bodø gjennom eit større regionalt samarbeid aukar fokuset og investeringane i dei viktigaste utanlandsmarknadane, forventar vi at interessa for og besøket til regionen vil auke i åra framover, seier Jensen i Avinor.

Aukar kapasiteten i Noreg
I tillegg til dei to nye rutene aukar Discover Airlines kapasiteten for sommarsesongen 2025. Frankfurt–Evenes vil både få lengre sesong og gå frå to til tre vekentlege frekvensar. Totalt vil Discover fly til fire destinasjonar i Noreg: Ålesund, Bodø, Evenes og Alta.

Discover Airlines er eit flyselskap i Lufthansagruppen med basar i Frankfurt og München. Selskapet opererer ein flåte på 14 Airbus 320 på kort- og mellomdistanse-rutene.

Nøkkelord

Kontakter

Pressetelefon (ikke SMS)Kun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye