Fiskebåt

- Fiskeflåten treng fleire dyktige jenter

Del

- Eg stortrivst i jobben som fiskar. No vil eg at fleire jenter skal sjå kor spennande yrke dette er, seier Vilde Strandman (27), fiskar på fabrikktrålaren Ramoen.

Fv. Susanne Giske (Fiskebåt), Vilde Strandman (Ramoen) og Jannicke Gangstad (Fiskebåt)
Fv. Susanne Giske (Fiskebåt), Vilde Strandman (Ramoen) og Jannicke Gangstad (Fiskebåt) Foto: Odd Kristian Dahle

Vilde Strandman frå Ålesund er ei av fire kvinnelege fiskarar som no skal fortelle andre jenter om dei spennande moglegheitene som er innan fiskaryrket. 

I dag lanserte organisasjonen Fiskebåt den digitale kampanjen «Jenter om bord», under Arendalsuka.

Gjennom ein digital kampanje skal jenter i alderen 15 til 25 år, kunne spørre aktive kvinnelege fiskarar om korleis livet på sjøen er.

- Dei kan spørre om alt dei lurer på. Det kan vere alt frå praktiske ting, som kva dei gjer på jobben, og om dei lurer på korleis arbeidsmiljøet er om bord. Så vil dei få svar gjennom ein videosnutt frå ei av dei fire jentene som er med i denne kampanjen, seier rådgivar Susanne Giske i Fiskebåt.

Saman med kollega Jannicke Gangstad, er ho ansvarleg for kampanjen som skal vare ut året.

- Vi håpar og trur på stor interesse. Dei siste åra har det blitt fleire kvinnelege fiskarar, noko som er bra også for arbeidsmiljøet om bord i fiskebåtane. Vi trur det er mange som sit med spørsmål som dei ønskar svar på, seier Gangstad.

Og gode svar skal dei få lovar Vilde Strandman. Ho er ein av fire kvinnelege fiskarar som skal svare på spørsmål som kjem inn.

- Eg skal gjere mitt beste, og ser det som viktig at vi får rekruttert fleire jenter, seier Strandman. 

Dei fire som skal svare på spørsmål som kjem inn, er på forskjellige typar fiskebåtar, og har forskjellige oppgåver om bord.

- På den måten vil vi kunne gi gode og relevante svar på det jentene på land lurer på, seier Susanne Giske i Fiskebåt.

Du finn meir om kampanjen på https://www.jenterombord.no

Nøkkelord

Kontakter

Om Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder.

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye