OsloMet

Ny oppgang for økonomistudia på OsloMet

Del

Økonomiutdanningar, helse- og mediefag er blant dei mest populære studia på OsloMet i år, viser årets opptakstal. På lærarutdanningane er det framleis ledige studieplassar.

Foto av gul logo til OsloMet på fasaden av et av våre bygg, delvis skjult bak grønne grener til et tre.
Foto: Benjamin A. Ward

Heile 9472 søkarar har fått tilbod om studieplass på OsloMet til hausten, viser tal frå Samordna opptak. Det er ein oppgang på meir enn 200 studentar samanlikna med i fjor, og meir enn 800 fleire enn for to år sidan.

Søkarane er framleis godt kvalifiserte – på 24 av studia er poenggrensa for å få opptak over 50 poeng.

– Vi er glade for at mange søker seg til OsloMet, særleg fordi vi tilbyr mange utdanningar som vi veit at det er stort behov for i samfunnet. Tala viser utdanningane våre treff søkarane godt, både dei som søker for første gong og dei som vil fylle på med meir utdanning, seier prorektor for utdanning, Silje Fekjær.

– Vi ser fram til å ta imot studentane, og håper dei vil vere nysgjerrige. Det er fint når studentane er opne om det dei ikkje skjønnar, tør å stille “dumme” spørsmål og seie kva dei meiner – slik utviklar vi kunnskapen saman på eit universitet, seier ho.

Økonomiutdanningane veks

Økonomiutdanningane held fram med å vekse, og på alle studium i økonomi, administrasjon og leiing er poenggrensa i år over 50 poeng. OsloMet har aldri tatt opp fleire studentar til økonomiutdanningane enn i år.

Aller mest populært er bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, med 918 kvalifiserte søkarar til dei 290 plassane. Også administrasjon og leiing i offentleg verksemd og den femårige siviløkonomutdanninga har mange kvalifiserte søkarar. Årsstudiet i økonomi og leiing har hardast konkurranse om plassane, med 9,6 førstevalssøkarar per studieplass.

Mange vil studere mediefag

Søkartala på bachelorstudiet i journalistikk aukar i år, og studiet får ei av dei høgste poenggrensene på OsloMet, med 57,2 poeng. Også media og kommunikasjon, og fotojournalistikk har mange søkarar. Årsstudiet i media og kommunikasjon har ei poenggrense på 61,7, medan poenggrensa på bachelorstudiet er 53,5.

Kreative fag som kunst og design – mote og produksjon og design og kommunikasjon i digitale medium opplever også hard kamp om studieplassane, og har begge poenggrenser på 57.

Framleis mange søkarar til helse- og sosialfaga

Trass i at søkartala på sjukepleiarutdanningane har gått ned nasjonalt, har OsloMet greidd å fylle opp plassane med kvalifiserte søkarar. Universitetet har aldri tidlegare sendt ut fleire tilbod om studieplass på sjukepleiarutdanninga enn i år.

– Helsetenesta treng sjukepleiarar, og vi vil gjere vårt for å bidra til å utdanne så mange som mogleg, seier prorektor for utdanning, Silje Fekjær.

Fleire andre helse- og sosialutdanningar har også mange kvalifiserte søkarar. Blant dei mest populære er fysioterapi, sosialt arbeid, barnevern og paramedisin.

Ledige studieplassar på lærarutdanningane

Lærarutdanningane har hatt ein nedgang i søkartal dei siste åra, også på OsloMet. Denne trenden held fram i år og det er dermed framleis mogleg å søke plass både på grunnskolelærarutdanningane, på barnehagelærarutdanninga, og på enkelte av yrkesfaglærarutdanningane.

– Vi er avhengige av å utdanne fleire kvalifiserte lærarar til skule og barnehage. Eg håper fleire vil velje å utdanne seg til meiningsfulle yrke som vil gi ein trygg jobb og moglegheit til å bu kvar som helst i heile landet, seier Fekjær.

For dei som ønskjer å bli lærarar i design, kunst og handverk er det framleis mogleg å søke opptak til Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, design, kunst og handverk. Her er opptakskrava endra slik at det ikkje lenger er karakterkrav i norsk og matematikk eller poengkrav for å vere kvalifisert for opptak.

Populære årsstudium

Det er framleis rift om plassane på dei kortare studia på OsloMet. Årsstudia i økonomi og leiing, media og kommunikasjon og informasjonsteknologi har alle ei poenggrense på over 60 poeng. Også årsstudia i bibliotek- og informasjonsvitskap og design og kommunikasjon i digitale medium er svært populære.

– At årsstudia er ettertrakta også i år viser at det er viktig å møte det store behovet for kompetanseheving i arbeidslivet. Livslang læring handlar om mykje meir enn å ta enkeltkurs. Årsstudium og masterutdanningar gir høve til å lære meir og få nye moglegheiter i arbeidslivet, noko mange verdset etter å ha vore i jobb lenge, seier Silje Fekjær. 

Ti på topp: poenggrenser OsloMet

  1. Økonomi og leiing, årsstudium 63,5
  2. Økonomi og leiing, deltid, årsstudium 61,9
  3. Media og kommunikasjon, årsstudium 61,7
  4. Informasjonsteknologi, årsstudium 60,5
  5. Ortopediingeniør, bachelor 57,6
  6. Journalistikk, bachelor 57,2
  7. Bibliotek- og informasjonsvitskap, årsstudium 57,1
  8. Design og kommunikasjon i digitale medium, årsstudium, deltid 57
  9. Kunst og design - mote og produksjon, bachelor 57
  10. Økonomi og administrasjon - siviløkonom, 5 år 55,8

Ti på topp: antal kvalifiserte førstevalssøkarar OsloMet

  1. Økonomi og administrasjon, bachelor 918
  2. Fysioterapi, bachelor 794
  3. Sykepleie, Oslo, bachelor 626
  4. Sosialt arbeid, bachelor 574
  5. Administrasjon og leiing i offentleg verksemd, bachelor 549
  6. Anvendt datateknologi, bachelor 524
  7. Barnevern, bachelor 501
  8. Vernepleie, bachelor 373
  9. Dokumentasjonsforvalting, årsstudium, deltid 326
  10. Barnehagelærar, bachelor 286 

Ti på topp: antal førstevalssøkarar per studieplass 

  1. Økonomi og leiing, årsstudium 9,6
  2. Kunst og design - studieretning mote og produksjon, bachelor 9,3
  3. Media og kommunikasjon, årsstudium 9,1
  4. Økonomi og leiing, årsstudium, deltid 8,8
  5. Paramedisin, bachelor 8,2
  6. Fotojournalistikk, bachelor 7,2
  7. Bibliotek- og informasjonsvitskap, årsstudium 5,9
  8. Radiografi, bachelor 5,3
  9. Administrasjon og leiing i offentleg verksemd, bachelor 5,1
  10. Dokumentasjonsforvalting, årsstudium, deltid 5,0 

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

OsloMet – storbyuniversitetet har cirka 22.000 studenter og 2.600 ansatte, og har studier i Pilestredet og på Kjeller.

OsloMet tilbyr et bredt spekter av høyere utdanning innen profesjonsrettede studier i Norge.

OsloMet er også en ledende leverandør av forskningsbasert kunnskap for velferdssamfunnet.

Følg pressemeldinger fra OsloMet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra OsloMet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra OsloMet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye