Miljødirektoratet

Førebels vurdering av lakseinnsiget klar

Del

Ei vurdering av årets lakseinnsig så langt har no kommen. Miljødirektoratet vil neste veke gjere vedtak om det vidare laksefisket i sommar.

Laksefiske i Nidelva ved Trondheim (arkivfoto).
Laksefiske i Nidelva ved Trondheim (arkivfoto). Foto. Jarl Koksvik/Miljødirektoratet. Biletet kan brukast av pressa i samband med denne saka.

Frå 23. juni stengde Miljødirektoratet laksefisket i 33 elvar og i sjøen frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag, etter rapportar om svært lite laks så langt i år.

Vedtak klart i tidsrommet 8.-10. juli

No har Norsk institutt for naturforskning (NINA) levert eit notat til Miljødirektoratet (vedlagd PDF i denne pressemeldinga), som samanfattar innsig, oppvandring og fangst av laks hittil i sesongen. Miljødirektoratet vil dei næraste dagane analysere notatet, og gjere vedtak om kvar det blir lov og ikkje å fiske laks vidare i sommar.

Vedtaket kan ventast å vere klart i tidsrommet 8.-10. juli. Miljødirektoratet vil sende ut ei pressemelding når vedtaket er klart.

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Dokumenter

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye