Meir støtte til klima- og naturtiltak i kommunane
1.7.2024 11:53:29 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Miljødirektoratet kan auke støtta til klima- og naturtiltaka frå kommunane i 2024 etter semja om revidert nasjonalbudsjett.

– Eg er glad for at Stortinget prioriterer pengar til klima og natur. Dette er viktige ordningar som bidreg til at kommunane kan kutte utslepp, omstille seg og ta vare på meir natur, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Stortinget har vedteke revidert nasjonalbudsjett. Det gir meir pengar i potten til støtteordningane Klimasats, Natursats og støtte til utsleppsfrie hurtigbåtar.
– Det skjer utruleg mykje spennande i mange kommunar i arbeidet for å avgrense klimagassutslepp og stanse tap av natur. Desse midlane gjer det mogleg for Miljødirektoratet å gi ytterlegare draghjelp til dette arbeidet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
270 millionar i Klimasats-støtte
Klimasats, som støttar kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar, blir styrka med 50 millionar kroner. Det betyr at Miljødirektoratet i 2024 skal fordele rundt 270 millionar kroner til tiltak som kuttar utslepp av klimagassar og bidreg til omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Det blir det høgaste tildelte beløpet sidan Klimasats vart oppretta i 2016.
Svar i august
Søknadsfristen for Klimasats i 2024 var 15. februar, og Miljødirektoratet er godt i gang med å behandle søknadene. Miljødirektoratet fekk søknader for til saman 712 millionar kroner, og den ekstra tildelinga gjer at direktoratet kan støtte fleire prosjekt. Dei fleste søknadene er forventa å vere svart på i august.
68 millionar til naturmangfald
Natursats, som støttar arbeidet i kommunane med å vareta og betre tilstanden for naturmangfaldet, blir auka med 15 millionar kroner gjennom budsjettavtalen. Det betyr at Natursats-ordninga kan auke beløpa til allereie igangsette tiltak som fekk mindre i tilskot enn det som vart søkt om, og dessutan fordele tilskot til nye tiltak. Det har vore stor interesse for ordninga. Miljødirektoratet har fått over 300 søknader frå kommunar om tilskot, og ser ikkje behov for ein ny søknadsrunde.
50 millionar til prosjektet Fremtidens Hurtigbåt
I revidert nasjonalbudsjett blir det også sett av 50 millionar kroner til prosjektet Fremtidens Hurtigbåt. Miljødirektoratet vil kome tilbake til korleis dette vil gjennomførast i praksis.
Nøkkelord
Lenker
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Snøugla inn på global bevaringsliste etter norsk forslag30.3.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Snøugla er nå satt på Bonnkonvensjonens bevaringsliste. Større internasjonal oppmerksomhet kan gi nytt håp for den kritisk truede arten.
Snøugla inn på global bevaringsliste etter norsk forslag30.3.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Snøugla er no sett på Bonnkonvensjonens bevaringsliste. Større internasjonal merksemd kan gi nytt håp for den kritisk trua arten.
Tatovørene har tatt grep27.3.2026 11:49:05 CET | Pressemelding
Miljødirektoratets tilsyn av tatoveringsblekk viser at stadig flere produkter oppfyller kravene som skal beskytte mot helsefarlige stoffer.
Ny rapport: gjedda i Tana kan ta mye utvandrende villaks26.3.2026 09:00:00 CET | Pressemelding
På oppdrag fra Miljødirektoratet har Norsk institutt for naturforskning (NINA) undersøkt i hvor stor grad gjedde spiser laksesmolt (laksunger som skal vandre til havet).
Villaksen trenger din hjelp25.3.2026 08:21:57 CET | Pressemelding
Nå starter årets lakseoppsyn, og Miljødirektoratet ber publikum om tips som kan bidra til å beskytte de sårbare villaksbestandene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom