Miljødirektoratet

Ber om tips og styrkjer kontroll av laksefiske

Del

Statens naturoppsyn aukar nærværet, og ber publikum tipse om ulovleg laksefiske etter at fisket i 33 elvar og store sjøområde måtte stengjast.

Laksefiskar som kastar med fluge i Verdalselva (arkivfoto).
Laksefiskar som kastar med fluge i Verdalselva (arkivfoto). Foto: Kim Abel/Naturarkivet. Biletet kan brukast av pressa i samband med denne saka.

– Miljødirektoratet styrkjer gjennom Statens naturoppsyn nærværet i dei elvane som er stengde for laksefiske, og i sjøområda knytt til dei same elvane, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro. 

– Felles dugnad å redde laksen 

Den auka innsatsen mot ulovleg laksefiske skjer etter at Miljødirektoratet såg seg nøydde til å stoppe fisket av laks i 33 elvar frå 23. juni, og i sjøen frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag. Så langt i laksesesongen har det vore rekordlåge mengder laks som har komme opp i elvane frå havet, i Trøndelag og sørover.  Stansen i laksefisket vart innført for å sørgje for  at det kjem nok gytefisk opp i elvane, til at det blir nok lakseungar neste år til å føre bestandane vidare. 

– Det er ein felles dugnad å redde den atlantiske laksen vår. Vi ber alle som observerer ulovleg laksefiske både i elv og sjø om å sende inn tips, seier miljødirektør Ellen Hambro. 

Tips-ordning og reaksjonar på miljøkriminalitet 

Publikum kan sende inn tips om ulovleg laksefiske og annan miljøkriminalitet på Miljødirektoratets nettside. Alle tips vil bli behandla fortløpande. 

Miljødirektoratet reagerer med anmeldelser og straffegebyr på ulovleg fiske. Les meir om korleis Miljødirektoratet reagerer på miljøkriminalitet, og sjå statistikk

Ny vurdering tidleg i juli  

Miljødirektoratet gjer ei ny evaluering av innsiget av laks for heile landet i starten av juli, og vurderer behov for tiltak, inkludert dei vassdraga og sjøområda som vart stengde for fiske 23. juni.

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye