Oddbjørn Eide skal leie kyrkjebevaringsfondet
Riksantikvaren har no tilsett Oddbjørn Eide som dagleg leiar av programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet.

Han startar i stillinga 16. september.
– Oddbjørn Eide har brei erfaring som leiar og har god innsikt i vedlikehaldsutfordringar i kyrkjesektoren, seier Turid Kolstadløkken, avdelingsdirektør hjå Riksantikvaren. – Han har stort engasjement for vern og bruk av kyrkjene, og vi gleder oss til å få han med på laget.
Eide har lang fartstid frå kyrkjeforvaltning som leiar av kyrkjeleg fellesråd i Stjørdal dei siste 12 åra. Han er også nestleiar i styret for Hovedorganisasjonen KA, arbeidsgivarorganisasjonen for kyrkjelege organisasjonar.
– Gjennom mine 12 år som kyrkjeverje har eg kjend på det store ansvaret som ligg i å ha ansvar for våre fantastiske kyrkjebygg, seier Eide. – Eg håper å kunne bidra til at fondet blir ei viktig støtte for å ivareta kyrkjene våre og lette byrda for kyrkjeeigarane. Kyrkjene våre er berarar av vår felles tros- og kulturarv, og å få bidra til bevaringa deira gjennom denne stillinga er noko eg ser fram til. 
Kyrkjebevaringsfondet har nett lyst ut dei første tilskotsmidlane.
Skal ha sete i Trondheim
Programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet skal ha sete i Trondheim, og er leia av Riksantikvaren. Sekretariatet vil bestå av dagleg leiar og skal ha totalt 12 tilsette frå samarbeidspartnarane i arbeidet med kyrkebevaringsfondet. Sju av dei tilsette kjem frå Riksantikvaren, mens Hovedorganisasjonen KA har tre og Den norske kyrkja 1,5 tilsette i sekretariatet.  
 
Programstyret for kyrkjebevaringsfondet er leia av Den norske kyrkja ved preses Olav Fykse Tveit, medan Riksantikvaren har tre plassar i styret, og Kyrkjerådet og Hovedorganisasjonen KA har ein representant kvar.  
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Lenker
Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Freder Kistefos Træsliberi31.10.2025 08:15:39 CET | Pressemelding
Riksantikvaren freder tresliperiet på Kistefos på Jevnaker, et viktig og verdifullt industrianlegg i norsk historie.
Nasjonalt viktige steder i Vestfold på høring30.10.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren og Vestfold fylkeskommune sender en ny oversikt over 41 kulturmiljøer i byer, bygder og landskap på høring.
Nasjonalt viktige stadar i Vestfold på høyring30.10.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren og Vestfold fylkeskommune sender ein ny oversikt over 41 kulturmiljø i byer, bygder og landskap på høyring.
Riksantikvaren freder sykehusbygg fra andre verdenskrig23.10.2025 13:32:24 CEST | Pressemelding
Det gamle krigslasarettet i Sinsenveien 76 i Oslo sikres nå for fremtiden.
Riksantikvaren fredar sjukehusbygg frå andre verdskrigen23.10.2025 13:32:24 CEST | Pressemelding
Det gamle krigslasarettet i Sinsenveien 76 i Oslo blir no sikra for framtida.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom