Statens vegvesen

Mål om oppstart i september for arbeid på E39 Vestnes ferjekai

Del

Statens vegvesen skal snart i gang med strakstiltak på E39 Vestnes ferjekai i Vestnes kommune. Kiosken skal rivast og det skal leggast betre til rette for mjuke trafikantar.

Vestnes ferjekai i Vestnes kommune i Møre og Romsdal.
Vestnes ferjekai i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Foto: Statens vegvesen.

Ferjesambandet Molde-Vestnes frakta ifjor 1.1186.405 personar, 904.026 køyretøy og 7.950 motorsyklar, og var Møre og Romsdal sitt mest trafikkerte ferjesamband i 2023.

Dette skal gjerast 

Situasjonen på Vestnes ferjekai i dag er store utflytande områder, og lite system for blanda trafikk av køyretøy og mjuke trafikantar. 

– Strakstiltaka  skal mellom anna auke trafikksikkerheita for mjuke trafikantar ved å styre trafikken til og frå parkeringsarealet, redusere lengda på dagens fotgjengarkryssing og legge til rette for av- og påstigning til buss like inntil ferjekaia. Den gamle ‘’Furneskiosken’’ blir riven og det skal settast opp eit heilt nytt servicebygg nærare kaia. Det skal også etablerast løysing for sykkelparkering, og renovasjonsløysinga skal vidareførast, seier byggeleiar Kristian Hauståker i Statens vegvesen. 

Sjå også vedlagt illustrasjon av dei planlagte arbeida 

Strakstiltaka inngår som ein del av eit større arbeid som er planlagt for Vestnes Ferjekai. Statens vegvesen er også i gang med detaljregulering for kaia og tilhøyrande landområde.  

Planarbeidet  omfattar mellom anna etablering av gang- og sykkelveg og trygg kryssing av E39 med samband heilt til Vestnes sentrum. Vidare omfattar det tilrettelegging for ny og dobbel ferjekai i tillegg til eksisterande kai, som vil få ny funksjon.

 Ny rammeavtale

Dette blir den første «minikonkurransen» som blir lyst ut på den nye rammeavtalen ‘’Mindre vegarbeid område midt 2024-2026’’ som vart signert av alle entreprenørane 26.juni.  

– Om alt går etter planen og entreprenørane har kapasitet, håpar vi på oppstart i starten av september 2024, avsluttar Hauståker. 
 
Statens vegvesen vil komme tilbake med meir informasjon når det nærmar seg oppstart for arbeida.  

Prosjektside for planarbeidet: 

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Vestnes ferjekai i Vestnes kommune i Møre og Romsdal.
Vestnes ferjekai i Vestnes kommune i Møre og Romsdal.
Foto: Statens vegvesen.
Last ned bilde
Illustrasjonen viser kva som skal gjerast på Vestnes ferjekai.
Illustrasjonen viser kva som skal gjerast på Vestnes ferjekai.
Illustrasjon: Statens vegvesen.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye