90 år med nyheiter på «Dagsnytt»
1.7.2024 06:00:00 CEST | NRK | Pressemelding
Den første sendinga gjekk på lufta tirsdag 1. juli 1934. I dag feirar NRKs nyheitsflaggskip på radio, «Dagsnytt», 90-årsdag med direktesendingar frå Oslo sentrum.

Det var Toralv Øksnevad som las den første «Dagsnytt»-bulletengen for 90 år sidan. Han blir rekna som grunnleggjaren av den moderne nyheitstenesta i NRK.
Mykje har skjedd sidan då. Nyheitstilbodet til NRK har utvikla seg i takt med nye medievanar og er i dag fleirmedialt. Publikum kan få med seg nyheiter frå NRK både på TV, radio og nett.
«Dagsnytt» er framleis ein viktig del av dette tilbodet. I dag fyller programmet 90 år.
Ein berebjelke i NRK sitt tilbod
Oppstarten for denne nyheitssatsinga skulle visa veg for korleis journalistikken har utvikla seg på fleire plan.
– Manuskripta til dei første nyheitsbulletengane er diverre tapte, men spora fram til «Dagsnytt» sitt 90-årsjubileum er framleis ferske. Alt då var det ein diskusjon om kva konsekvensar vidareutviklinga av ein «kringkastingsjournalistikk» i NRK ville få for avisjournalistikken. Den gongen som no var svaret at avisene måtte satsa meir på lokalt stoff, meir på bakgrunnsstoff og meir på spesialstoff. «Dagsnytt» er framleis ein berebjelke i NRK sitt tilbod, så dette er ein stor dag, seier Vibeke Fürst Haugen, kringkastingssjef i NRK.
Over 1,3 millioner lyttarar
«Dagsnytt» leverer siste nytt kvar heile time gjennom heile døgnet, alle dagar i året. Midt på natta, klokka 03, har programmet nesten 50.000 lyttarar. Det tilsvarer to gonger kapasiteten på Ullevaal stadion.
Flest lyttarar har den ti minutt lange sendinga kl. 07.30. Då er det om lag halv million som får med seg sendinga på radio og TV. På kvardagane er det over 1,3 millionar som får med seg «Dagsnytt» på NRK sine radiokanalar.
– «Dagsnytt» er ein vital nittiåring som appellerer breitt i det norske folk. Det er viktigare enn nokon gong med redaktørstyrte nyheitsflaggskip som folk kan stola på. Mellom dei er «Dagsnytt» eit ankerfeste som døgnet rundt held det norske folk oppdatert med påliteleg rapportering av det viktigaste som skjer heime og ute, seier Knut Magnus Berge, nyheitsredaktør i NRK.

Sender fra Oslo sentrum måndag
I høve jubileet sender «Dagsnytt» direkte frå musikkpaviljongen i Studenterlunden i Oslo sentrum kl. 11.00, 12.00 og 13.00 måndag 1. juli.
Programleiarane Jon Branæs, Vidar Eidhammer og Tone Nordahl er på plass for å senda nyheiter og for å treffa publikum.
Folk må gjerne koma innom og ta kontakt. «Dagsnytt»-gjengen vil gjerne ha tilbakemeldingar om NRK Dagsnytt eller NRK sitt nyheitstilbod.
Kontakter
Vetle NielsenKommunikasjonsansvarligNRK
Tel:+47 99473874vetle.nielsen@nrk.noBilder


Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
Leo Ajkic blir ny detektiv i Maskorama21.8.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Leo Ajkic er klar som ny detektiv når Maskorama returnerer med ny sesong. Han tar plass i panelet sammen med Tone Damli og Tete Lidbom.
"Sentralbordet på NRK" - premiere i dag!20.8.2026 05:00:00 CEST | Pressemelding
«Sentralbordet på NRK» gir deg en morsom pause fra hverdagen, med en gjeng du garantert kommer til å bli glad i. Premieren er i dag, i NRK Radio.
Slik blir høsten på NRK13.8.2026 13:00:00 CEST | Pressemelding
Høsten byr på helt nye, store satsinger og gjensyn med publikumsfavoritter som A-laget, Maskorama og LIS.
Digital visning av NRKs høstlansering 13. august13.8.2026 10:47:52 CEST | Pressemelding
I dag lanserer NRK programmer som har premiere i høst. Presse som ikke er til stede kan følge presentasjonen digitalt.
Tre nye talenter klare for NRKs praktikantprogram for funksjonsmangfold11.8.2026 10:23:48 CEST | Pressemelding
Av totalt 48 søkere er Anna Vetaas Sjøtun, Alexander Lunde Petersen og Mathea Norberg Lindstad plukket ut til det andre kullet i NRKs opplæringsprogram for personer med funksjonsnedsettelse.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom