Miljødirektoratet

Laksefisket blir stansa i delar av landet frå 23. juni

Del

Frå 23. juni stengjer laksefisket i 33 elvar og i sjøen frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag, etter rapportar om svært lite laks så langt i år. 

Laksefiske i Nidelva i Trondheim.
Laksefiske i Nidelva i Trondheim. Jarl Koksvik/MIljødirektoratet

– Det er med tungt hjarte vi stansar laksefisket. Vi veit at laksefisket i sommar er ein viktig tradisjon og til stor glede for mange, men no tel rett og slett kvar laks. Det er vårt ansvar å sørgje for at det kjem nok gytefisk opp i elvane til at det blir nok lakseungar neste år til å føre bestanden vidare. Det er avgjerande for å ikkje risikere langvarig svikt i innsiget av laks, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

–  Må gjere tiltak

Ho understrekar at innsiget av laks frå havet til elvane har vore på historisk låge nivå dei førre åra, og at det i år førebels ser endå dårlegare ut. Miljødirektoratet ser seg derfor nøydde til å stoppe fisket etter laks og sjøaure i 33 elvar frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag, frå klokka 24 natt til søndag 23. juni. Sjølaksefisket blir stansa på same strekning, med unntak av Drammensfjorden og Drivaregionen på Nordmøre.

Det blir også innført forbod mot fiske etter laks med stong og handsnøre i sjø. I tillegg blir det påbod om å gjenutsetje all laks som blir fanga i andre fiske i sjø. Elvane som blir stengde er dei som ifølgje fangsttal og annan tilgjengeleg informasjon blir rekna for å ha aller størst risiko for å få for lite fisk på gyteplassane.

– No er det risiko for alvorleg skade på laksebestandane, og vi meiner derfor at vi må gjere tiltak. I mange elvar der stor laks utgjer ein vesentleg del av bestanden ligg fangstane hittil langt under halvparten samanlikna med dei seinare åra, sjølv om vassføring og vasstemperatur tilseier at fiskeforholda stort sett skulle vore gode, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Aldri før innført avgrensingar så tidleg

Miljødirektoratet har registrert at det i nokre elvar allereie er innførte ekstra avgrensingar i laksefisket på lokalt initiativ.  

– Den vanlege rutinen vår er at vi i starten av juli evaluerer laksesesongen, og innfører avgrensingar i laksefisket både i elv og sjø viss det viser seg nødvendig. Vi vurderer at dette truleg ville vorte for seint i år, i dei elvane der vi no stengjer laksefisket allereie frå 23. juni, seier Ellen Hambro.

Miljødirektoratet tek no i bruk ein kriseregel i lakse- og innlandsfisklova for å avgrense laksefisket. Også tidlegare har direktoratet vore nøydde til å avgrense fisket midt i sesongen, men ikkje så tidleg og i eit så stort omfang.

Stansar berre der det er kritisk behov

Miljødirektoratet har gjort ein grundig jobb med å innhente nødvendig bakgrunnsinformasjon, og har lagt vekt på følgjande tre kriterium i avgjerda av kva elvar som blir stengde:

  • Fangstane så langt er vesentleg lågare samanlikna med fjoråret
  • Fråvær av stor laks der det vanlegvis er høg del stor laks som gyter  
  • Elvar med høg risiko for å ikkje nå gytebestandsmålet

– Menneskeskapte påverkingar

Ein rapport frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning (VRL) 17. juni peikar på påverking frå lakseoppdrett og klimaendringar som dei største truslane mot den atlantiske laksen.

– Vi må dessverre vere førebudde på at klimaendringar, i kombinasjon med andre negative menneskeskapte påverkingar, kan medføre alvorlege konsekvensar for naturen stadig oftare. Denne innstramminga i laksefisket er eit døme på det, seier Hambro.

Gjer ny vurdering i juli

– I elvar lenger nord enn Trøndelag, og i elvar som har mest smålaks, kjem laksen normalt seinare til elvane. Dette gjer at vi ventar vi på situasjonen der til vi skal gjennomføre den rutinemessige midtveisevalueringen av laksesesongen i byrjinga av juli. Då vil vi, så langt praktisk mogleg, også gjennomføre ei ny vurdering av situasjonen for laksen i dei områda der det no delvis blir stengt for fiske, seier Hambro.

Kjem det ny informasjon som tilseier at situasjonen er betre i dei stengde elvane enn det ser ut til no, kan det også bli aktuelt å opne for fiske igjen. Miljødirektøren oppmodar elveeigarane i område som ikkje er ramma av vedtaket om stenging, til å treffe fangstavgrensande tiltak før midtveisevalueringen av laksesesongen i starten av juli, der lokal kunnskap tilseier at det er nødvendig.

– Forskrifta om stans i fisket er fastsett utan høyring på grunn av behovet for rask handling. I etterkant av erfaringane frå laksesesongen i sommar vil vi leggje til rette for dialog om rutinane for tiltak i laksesesongen med ramma partar, seier Hambro.  

Dette er elvane som blir stengde for lakse- og sjøaurefiske frå klokka 24 natt til søndag 23. juni:

Østfold: Glomma m. Aagardselva.

Agder: Tovdalselva, Otra, Mandalselva, Lygna

Rogaland: Figgjo, Hjelmelandsåna, Nordelva (Åbøelva), Vikedalselva.

Vestland: Uskedalselva, Steinsdalselva, Oselva, Nærøydalselva, Sogndalselva, Daleelva, Gaula i Sunnfjorden, Nausta, Åelva og Ommedalselva, Gloppenelva, Strynselva, Hjalma.

Møre og Romsdal: Austefjordelva, Korsbrekkelva, Rauma, Eira, Surna.

Trøndelag: Orkla, Gaula, Nidelva, Stjørdalselva, Verdalselva, Steinkjerelva og Byaelva, Namsenvassdraget inkludert Høylandsvassdraget og Sanddøla.

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye