Sogn og Fjordane Holding og Eviny skal utgreie grunnlaget for ein framtidig eigarstruktur i SFE
Det komande tiåret vil vere avgjerande for energiomstillinga og den grøne industriveksten på Vestlandet. Energiselskapa vil spele ei avgjerande rolle for regional utvikling med ringverknader som gagnar heile regionen. Derfor har styret i Sogn og Fjordane Holding og styret i Eviny sagt ja til å utgreie grunnlaget for korleis selskapa best mogleg kan møte framtida sitt behov for kraft og nett på Vestlandet. Sogn og Fjordane Energi (SFE) skal delta i utgreiinga for å ivareta selskapet sine interesser.
Eviny har tatt initiativ til samtalar mellom Eviny og SF Holding, og dei to selskapa har signert ein intensjonsavtale som seier at selskapa saman med SFE i fellesskap skal sjå på tre ulike alternativ. Slå saman selskapa, fortsette eigarskapen som i dag, eller at Eviny ikkje lenger er aksjonær i SFE.
- Vestlandet står midt i eit avgjerande tiår der vi skal omstille Norges viktigaste eksportregion. Kraftbransjen har eit særleg ansvar for å legge til rette for å vidareutvikle industrien og dei arbeidsplassane vi har for å mogleggjere ny industri. I over hundre år har tilgangen på fornybar kraft vore fundamentet for levande lokalsamfunn på heile Vestlandet. No står vi føre eit tiår som vil definere framtida for generasjonar framover, seier styreleiar Jenny Følling i SF Holding.
- I denne omstillinga vil behovet for tilgang til meir fornybar energi, betre distribusjon av krafta, og utvikling av ny teknologi gjere at vi kan utnytte eksisterande kraft og nett betre. Med dette bakteppet og dei behova som ligg føre oss, er det heilt naturleg å sjå på korleis Vestlandet kan stå best rusta. Ein viktig del av dette er å sjå på korleis SFE best mogleg kan levere på dette viktige samfunnsoppdraget, seier Følling.
SF Holding er største eigar i SFE med 49,51 prosent av aksjane. Følling understrekar at begge selskapa har sagt ja til å utgreie tre alternativ for framtida si vidareutvikling av SFE. Utgreiinga vil skje over to fasar, kor fase 1 startar 16. september 2024 og endelege rapport frå arbeidsgruppene blir lagt fram for eigarane innan 18. desember 2024.
Eigarkommunane i SF Holding og SFE vil så fatte vedtak om kva slaga alternativ som skal utgreiast vidare.
- Det betyr at vi er tidleg i prosessen og at det er mykje som skal utgreiast. Vi ønskjer no ein open og god dialog med styret i SFE, eigarane og dei tilsette i selskapa. Dette handlar om kva som er til det beste for Vestlandet, våre eigarar, og dei tilsette, seier Følling.
Kraftbransjen i Norge er i betydeleg endring. Fleire selskap ser på korleis ein kan møte samfunnet sitt behov for meir kraft og meir kapasitet. Eviny er nest største eigar i SFE med 36,80 prosent av aksjane.
- Vi i Eviny er opptekne av korleis vi som region best møter dei mogelegheiter og utfordringar som ligg føre oss. Vi står i ei brytningstid. Det er avgjerande å sjå på kva som er best for vår region for å gjennomføre dei mest lovande prosjekta raskare, og dermed sikre ny og effektiv energi både for lokale samfunn og for Vestlandet som heilskap. Som offentleg eigde kraftselskap skal vi sjå til at vi set oss i best mogleg posisjon til å utvikle prosjekt regionen treng, skape resultat som kjem eigarane våre til gode i form av utbytte, og for å skape sterke fagmiljø som sikrar spanande og framtidsretta arbeidsplassar over heile regionen, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik i Eviny.
Det største gapet mellom tilgjengeleg og etterspurt kraft i Norge er på Vestlandet. Samtidig er Vestlandet den største industri- og eksportregionen.
- Om vi ikkje klarer å utvikle nok kraft og nett i tide dette tiåret, står industriarbeidsplassar og moglegheiter i fare. SFE og Eviny er avgjerande aktørar for Vestlandet for å auke verdiskapinga for fellesskapet. No skal vi utgreie kva som set oss i best stand for å levere på oppdraget og oppgåvene vi har føre oss, seier konsernsjefen i Eviny.
Faktaboks: Sogn og Fjordane Holding (SF Holding) forvaltar den tidlegare eigarskapen til Sogn og Fjordane fylkeskommune, og er i dag eigd av Vestland fylkeskommune og kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.
Nøkkelord
Kontakter
Rolf Sanne-GundersenKonstituert kommunikasjonssjefEviny
Tel:970 55 208Rolf.sanne-gundersen@eviny.noOm Eviny
Eviny er et av Norges største energi- og teknologikonsern, og produserer fornybar energi fra 39 vannkraftverk og to vindkraftverk på Vestlandet.
Over 500.000 nordmenn bruker Evinys ladestasjoner for elbil. Eviny leverer ellers fibertjenester og fjernvarmenett, bygger landstrøm til skip, og elektrifiserer havbruk og transportnæringen. Selskapet leverer også løsninger som gjør byggeplasser utslippsfrie, og bygger et av verdens første nettverk for hurtiglading av elbåter. Evinys entreprenørselskap prosjekterer, bygger og drifter fibernett og lav- og høyspentanlegg.
Datterselskapet BKK frakter strømmen hjem til 450.000 vestlendinger i 19 kommuner.
Eviny er eid av 17 vestlandskommuner, Statkraft samt to lokale kraft- og elektrisitetslag.
Følg pressemeldinger fra Eviny
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Eviny
Kristian Vassbotten blir ny leiar for vasskraftverka i Eviny Fornybar18.12.2024 09:41:15 CET | Pressemelding
Kristian Vassbotten er tilsett som divisjonsleiar med ansvar for drifta av Eviny sine 39 vasskraftverk. Han startar i jobben 1. april og vil ha base i Førde i Sunnfjord kommune.
Venter flere tusen til Brann - Viking på Torgallmenningen29.11.2024 07:17:29 CET | Pressemelding
3500 Brann-tilhengere trosset kulden og fikk med seg nest siste serierunde på storskjerm på Torgallmenningen. Nå inviterer Eviny og Sparebanken Vest til en ny folkefest i Bergen sentrum med visning av Brann – Viking, Lars Vaular, kulturministeren, og det som kan bli Branns første gull på 17 år.
Inviterer til folkefest og gullkamp22.11.2024 08:36:28 CET | Pressemelding
Eviny og Sparebanken Vest inviterer til folkefest på Torgallmenningen når Brann spiller sine to siste seriekamper. Store og små supportere kan følge gullkampen på storskjerm, vinne signerte drakter og bli med på allsang av legendariske Brann-sanger.
Gullkamp til folket på Torgallmenningen16.11.2024 17:56:04 CET | Pressemelding
Eviny og Sparebanken Vest går sammen for å bidra til at Bergen by og Vestlandet kan ta del i Branns gullkamp. Innbyggerne får nå mulighet til å følge Branns to siste seriekamper på storskjerm på Torgallmenningen.
Utgreiinga er ferdig – No skal eigarane i SFE ta stilling til vidare prosess11.11.2024 18:00:00 CET | Pressemelding
Representantar frå Sogn og Fjordane Energi (SFE), Eviny og Sogn og Fjordane Holding (SF Holding) har no avslutta utgreiingsarbeidet om konsekvensar av ulike modellar for framtidig eigarskap i SFE. No skal styret i SF Holding og Eviny basert på dette kunnskapsgrunnlaget gi råd til sine eigarar om ein skal arbeide vidare med ei full fusjonsutgreiing.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom