Testar rettleiar ved rasutsette fjellgardar
Riksantikvaren ønskjer auka fokus på beredskap og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturmiljø. No er Sunndal kommune pilot for arbeidet med ny nasjonal rettleiar på feltet.
- Riksantikvaren jobbar for å auke merksemda om kulturminne og kulturmiljø i beredskapsarbeid, og å styrke samarbeidet tvers av sektorar og nivå , seier Hanna Lønning Gjerdi, seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren - Slik kan vi saman bidra til å minske øydelegging og hindre tap av kulturarv ved ekstreme hendingar som naturkatastrofar eller i krig.
Noreg har ingen kulturminne eller kulturmiljø å miste, og når eit kulturminne blir borte, er det borte for alltid. Det betyr at vi alle må gjere vårt beste for å verne kulturminne og kulturmiljø mot forfall, brann, flaum, ras og konsekvensane av eit villare og våtare vêr.
- Kulturminne og kulturmiljø er ikkje godt nok integrert i beredskapen i norske kommunar, seier Lønning Gjerdi. - Det freistar vi å endre på no og utarbeider difor ein rettleiar som kommunane kan bruke for å gjere eigne ROS-analyser på kulturarv.
Rettleiaren knyter seg nært til DSB (Direktoratet for sikkerheit og beredskap) sine system, for å sikre best mogleg samordning av lokalt beredskapsarbeid.
Kulturarven er ekstra sårbar
I ein verd prega av klimaendringar, naturkatastrofar, krig og konflikt, er det viktig at vi legg planar for hendingar som kan truge kulturarven og kulturminna våre. Dessverre blir ofte kulturminne og kulturmiljø utelatne frå kommunale og regionale ROS-analyser, eller dei blir tillagt lite fokus.
- Det er viktig å sikre kulturskattane våre, seier Lønning Gjerdi. - Med eit klima i endring følgjer det fleire utfordringar som potensielt kan gjere alvorleg skade på viktige nasjonale kulturminne og kulturmiljø.
Den nye rettleiaren vil vere eit viktig verktøy for kommunane, fylkeskommunane, eigarar og forvaltarar av kulturmiljø i dette arbeidet.
Sunndal kommune er først ut
Piloten i Sunndal skal testast i eit område med fleire ulike kulturmiljøverdiar, som blant anna har status som Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse og som Utvald kulturlandskap i landbruket. Her er det fleire viktige fjellgardar og landskap, som blant anna ligg utsett til for steinras.
- Vi har samla eit tverrfaglet team frå Sunndal kommune, så no skal vi verkeleg bli gode på ROS-analysar, seier Malene Aaram Vike, leiar i avdeling for samfunnsutvikling i Sunndal kommune.
Til hausten skal også fleire kommunar i Innlandet teste rettleiaren. Dei aktuelle kommunane er Lom, Skjåk og Lillehammer.
- Det er kjempeverdifult at vi får delta på dette saman med folk frå Riksantikvaren, Statsforvaltaren, Møre og Romsdal fylkeskommune og Norconsult, seier Aaram Vike. - Sunndal har mange viktige kulturmiljø og fleire ulike utfordringar, og difor har vi folk frå både teknisk, kultur, og plan her i dag. Vi er veldig glad for både å få teste og bidra til utforminga av rettleiaren.
Her skal en teste rettleiaren på varierande typer kulturmiljø, blant anna freda bebyggelse, middelarderkyrkjegard og tett trehusmiljø. Målsettinga er at rettleiaren skal vere ferdig innan utgangen av 2024.
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder
Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Se oversikten: 164 søknader om kirketilskudd22.11.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Antallet søknader til kirkebevaringsfondet øker - fra hele landet.
Kraftig økning i søknader til fartøy og verdensarv21.11.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Søknadssummen for fem av Riksantikvarens tilskuddsordninger til kulturminner overstiger 1,1 milliard kroner for 2025.
- Vi treng betre beredskap for kulturarven1.11.2024 14:12:34 CET | Pressemelding
Riksantikvaren og Kulturdirektoratet er bekymra for kulturarven i Noreg. - Kultur og kulturarv er vår felles identitet, og må være ein del av den nasjonale beredskapen.
Nye funn bekrefter: Myklebustskipet var stort21.10.2024 14:21:09 CEST | Pressemelding
– Dette er kanskje Norges største vikingskip, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Ny oversikt over kulturmiljø og landskap i Telemark8.10.2024 11:58:26 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren sender no utkast til rapport for kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i Telemark på høyring. Det er i alt forslag om 33 landskap i 14 kommunar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom