Drop-in-dåp: 150 born og vaksne døypt
13.6.2024 06:50:00 CEST | Den norske kirke | Pressemelding
Dei siste vekene har 150 born, unge, vaksne og eldre blitt døypt i drop-in-dåp i Den norske kyrkja. – Mange set pris på fleksibiliteten og det enkle, seier kyrkjerådsleiaren.

Den siste tida har 150 personar blitt døypt i ein drop-in-dåp i Den norske kyrkja. Det viser ei oppteljing som Kyrkjerådet har gjort.
I Kolbotn kyrkje i Nordre Follo vart ein 85-åring døypt. Les meir her.
Den norske kyrkja har i mai og i inngangen til juni hatt ei felles periode med drop-in-dåp. I denne perioden har det vore over 34 høve til å bli døypt i ein heilt enkel seremoni.
– I dåpen får vi løftet om at Jesus er med oss alle våre dagar, seier kyrkjerådsleiar Harald Hegstad.
– Dåpen er ei kjærleikserklæring frå Gud til alle som vil bli døypt. Det er ei heilag handling der Gud tek imot oss, og gjev rom for ei ny byrjing, uansett alder.
Ynskjer fleksibilitet
Med eit ope kyrkjerom og ein fastsett dato, har drop-in-seremoniane blitt varmt teke i mot av Den norske kyrkja sine medlemmer.
Ulike undersøkingar som Kyrkjerådet har gjort, viser at mange av kyrkja sine medlemmer etterlyser fleksibilitet og lågare tersklar på kyrkjelege handlingar som dåp og bryllaup.
– Mange set pris på fleksibiliteten og det enkle i ein drop-in-dåp, samtidig som dei opplever det som høgtideleg og meiningsfullt å bli døypt. Dåpen gjev tilhøyrsle til det store fellesskapet i kyrkja, seier kyrkjerådsleiaren.
Nøkkelord
Kontakter
Anders Emil KaldholPressekontakt og konstituert nestleder, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt
Tel:98801428ak547@kirken.noBilder

Om oss
65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane.
Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D
Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet.

Følg pressemeldinger fra Den norske kirke
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Den norske kirke
Bøn for kronprinsesse Mette-Marit i gudstenester på søndag4.6.2026 11:22:25 CEST | Pressemelding
I Den norske kyrkja er det ofte forbøn for kongen og hans hus. På søndag oppmodar biskopane i folkekyrkja å særskilt be for kronprinsessa og familien.
Dette er den nye biskopen i Stavanger21.5.2026 19:00:00 CEST | Pressemelding
Kirkerådet har tilsatt Tor Magne Nesvik som ny biskop i Stavanger bispedømme. Han kommer fra stillingen som prost i Ytre-Stavanger og konstituert domprost i Stavanger. Den nye biskopen presenteres i Stavanger domkirke i morgen, 22. mai kl. 11.00.
Presseinvitasjon: Møt ny Stavanger-biskop18.5.2026 14:46:33 CEST | Pressemelding
På torsdag tilsetter Kirkerådet ny biskop i Stavanger bispedømme. Pressen inviteres til å møte den nye biskopen i Stavanger domkirke fredag 22. mai kl. 11.00.
Kirkeansatte opplever sterk motivasjon og at det er meningsfullt på jobb8.5.2026 07:40:00 CEST | Pressemelding
I en fersk undersøkelse blant ansatte i Den norske kirke uttrykker ansatte høy motivasjon og gode muligheter til å styre egen jobbhverdag. På topp er opplevelsen av å bidra til noe meningsfullt.
Et steg nærmere ny biskop i Stavanger bispedømme30.4.2026 13:30:00 CEST | Pressemelding
Biskopene og Stavanger bispedømmeråd har gitt sin uttalelse i prosessen med å tilsette ny biskop i Stavanger bispedømme. Ny biskop tilsettes 21. mai.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom