Rasteplassen Liasanden langs Nasjonal turistveg Sognefjellet opnar på ny – no oppgradert for syklistar og andre mjuke trafikantar.
11.6.2024 15:03:38 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Den stemningsfulle rasteplassen Liasanden langs Nasjonal turistveg Sognefjellet opnar 27. juni i ny sykkelvenleg drakt. Nye uteareal med sitjegrupper, betre fasilitetar for syklistar og bilfritt område er den nye miljøprofilen til rasteplassen. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård vil foreta den høgtidelege opninga.

Den rolege, lune rasteplassen i skogen ved Liasand var den første rasteplassen som sto ferdig langs dei nasjonale turistvegane i 1997. Etter 27 år med mange besøkande og mykje trafikk var Liasanden betydeleg nedsliten med skadar på røter og undervegetasjon, og derfor klar for eit løft.
Den oppgraderte rasteplassen har fått nye benkar i tre, og to skur med tak som gir ly for ver og vind; noko som har vore eit tilbakevendande ynskje frå syklistar. Dei opphavlege arkitektteikna toaletta frå 1997 blir ståande oppgraderte som eit tidsminne. Som eit miljøvenleg tiltak har Statens vegvesen stengt skogen for bilkøyring og viser til felles parkering i aust: Derifrå kan dei reisande lett spasere inn i rekreasjonsområdet.
Nyetablert vegetasjon vil framleis kunne vera sårbar for tråkk, så noko avsperring kan vere aktuelt ut sesongen.
Torsdag 27. juni kl. 12.00 gjenopnar Statens vegvesen Liasanden rasteplass. Slik blir opningsprogrammet:
• Musikkinnslag v/gruppa «4 Sølvsupre Menn»
• Velkomen v/Per Ritzler, Statens vegvesen
• Arkitekturen v/Torun Golberg, Jensen & Skodvin
• Ordførar Kristian Frisvold, Lom kommune
• Silje Myhre Amundsen, Statens vegvesen
• Mari Arnøygard Wedum, Visit Jotunheimen
• Opning v/samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
• Servering v/Lom Bygdekvinnelag
Arkitekt: Jensen & Skodvin
Entreprenør: Mesta
Byggherre: Statens vegvesen
Gjennom 30 år har Statens vegvesen tilrettelagt atten utvalde naturskjønne strekningar langs fjell, foss, kyst og fjord. Nyskapande arkitektur i form av rasteplassar, utsiktsramper og servicebygg, saman med tankevekkjande kunst inspirerer og begeistrar vegfarande frå både inn- og utland. Tilrettelegginga av attraksjonen Nasjonale turistvegar bidrar til verdiskaping i reiselivsnæringa i tråd med hensikta med satsinga.
Kontakter
Per RitzlerSeniorrådgiverStatens vegvesen, Nasjonale turistveger
Tel:911 04 480per.ritzler@vegvesen.nowww.nasjonaleturistveger.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Godt i gang med skredsikring på Skredestranda22.5.2026 12:57:02 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen er godt i gang med skredsikring på E39 Skredestranda i Stad kommune i Nordfjord.
Vegarbeid på E136 ved Førnessvingen i Vestnes kommune22.5.2026 12:49:23 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter i juni vegarbeid på E136 ved Førnessvingen, mellom Gjermundnes og Hjelvika i Vestnes kommune. Arbeidet skal pågå til desember 2026.
Lyser ut konkurranse om ny Fale bru i Sunndal22.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har lyst ut konkurransen om å bygge ny bru på Rv. 70 over elven Driva. Anslått kostnad er på 453 millioner kroner.
Brannøving i rv. 13 Fatlatunnelen21.5.2026 18:49:35 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen arrangerer, saman med nødetatane og Sivilforsvaret, fullskala brannvernøving i Fatlatunnelen tysdag 26. mai.
Statens vegvesen avslørte «postkassefirma»21.5.2026 12:53:21 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har tilbakekalt alle transportløyvene til et transportselskap som kun var etablert i Norge med en postadresse, uten reell drift i landet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom