Medietilsynet

Millionar til prosjekt om KI i lokalaviser og nærradio

Del

Norske lokalmedium vil lære meir om kunstig intelligens. Fleire får innovasjonsstøtte frå Medietilsynet til prosjekt som skal vurdere god bruk av KI.

Mann fotografert bakfra mens han sitter ved arbeidsplassen og redigerer på en skjerm foran seg.

Medietilsynet har fordelt nær 23 millionar kroner i innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Blant 71 søknader får 41 prosjekt pengar frå støtteordninga.   

– Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.  

I år går om lag tre av fire støttekroner, totalt nesten 17 millionar kroner, til små, lokale medium. 

 – Innovasjonsstøtta skal hjelpe nettopp små og lokale medium til å digitalisere og fornye seg, seier Sekkelsten.

Mange KI-prosjekt i år

Kunstig intelligens, KI, var eit tema som gjekk igjen i søknadsbunken, og fleire får pengar til KI-prosjekt.  

Hallingdølen og eit samarbeidsprosjekt med fire andre lokalaviser om KI får mest pengar, med 1 331 500 kroner. Medietilsynet legg vekt på at dette vil ha stor overføringsverdi til andre lokalmedium når prosjektet er gjennomført.  

JærRadioens prosjekt «KI som utjevningsmandat» får 1 140 000 kroner. Også her er det lagt vekt på overføringsverdi, og at prosjektet vil gi verdifull erfaring som mange kan lære av. JærRadioen søkte på vegner av elleve kommersielle lokalradioverksemder i JærRadiogruppen.  

Avisa Hemnes får 1 142 000 kroner til prosjektet «Hvordan kan de aller minste avisene bruke AI og levende bilder».

Mest støtte til små, lokale medium

Ikkje alle prosjekt dreier seg om kunstig intelligens. Det blir også gitt støtte til anna innovasjon og utvikling.   

Storfjord Bladlag (Storfjordnytt) får 1 250 000 kroner til prosjektet «Brukarinnsikt». Fleire enn ti lokalaviser står bak prosjektet som handlar om innsiktverktøy og utvikling av redaksjonelt innhald basert på analysar. 

Fleire nærradioar får tilskott til teknisk oppgradering. NEA Radio får éin million kroner, mens fleire andre radioverksemder får 300 000 kroner kvar.  

Sjå alle mottakarane her.

Faktaboks om innovasjonsstøtta: 

  • Innovasjons- og utviklingstilskottet er i 2024 på 22 825 000 kroner. 
  • Støtta skal særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium. 
  • Om lag 17 millionar kroner går i år til små, lokale medium. 
  • Medietilsynet fordeler støtta etter innstilling frå Fagutvalet for innovasjons- og utviklingstilskott.  
  • Det kom inn 71 søknadar til behandling i år. Til saman blei det søkt om litt meir enn 60 millionar kroner. 
  • 41 av søknadene fekk innvilga støtte. 
  • Innovasjonsstøtta blei innført i 2018 etter forslag frå Mediemangfaldsutvalet.

Nøkkelord

Kontakter

Om Medietilsynet

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye