Må ha ny behandling mot lakseparasitt i elva Driva
10.6.2024 11:59:22 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Miljødirektoratet gjer ekstra tiltak mot lakseparasitt i Driva i sommar, etter at smitta lakseungar i fjor haust vart påviste i øvre delar av elva.

– Vi kan ikkje vere sikre på at dei lakseungane som framleis er i øvre delar av Driva frå før fiskesperra vart etablert i 2017, ikkje er smitta av lakseparasitt. Derfor tek vi ein ekstra runde med klorbehandling no i sommar, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Vart verande i elva lengre enn forventa
Miljødirektoratet gjorde ei enkel behandling av delar av øvre Driva med klor i fjor haust, og etter det vart det ikkje funne spor av den dødelege lakseparasitten Gyrodactylus salaris gjennom DNA-prøver av vatnet. Likevel trengst ei ekstra behandling i år, fordi nye prøver viser at det framleis er lakseungar i øvre delar av Driva, som stammar frå gyting før fiskesperra vart etablert.
Lakseungar vandrar normalt ut i havet seinast etter fem år. Sidan fiskesperra i Driva vart etablert i 2017 antok Miljødirektoratet at området ovanfor fiskesperra var tom for både laks og lakseparasitt etter andre behandling av elva i 2023.
I Driva har det likevel vist seg at ein del lakseungar har vorte igjen lenger enn fem år, noko Miljødirektoratet går ut frå kjem av at laksen veks saktare i høgda på grunn av mindre næring og kaldare vatn.
Behandlingar i juli og august
Lakseungar som framleis er ovanfor fiskesperra kan i desse dagar vandre ut i havet. Viss dei er smitta av lakseparasitten kan dei på sin veg ut i havet overføre smitten til lakseungar som står på nedsida av sperra. For å fange opp eventuelle smitta lakseungar som ikkje vandrar ut i havet så vil delar av elva Driva som ligg ovanfor fiskesperra bli behandla med klor i siste halvdel av juli. I august blir det gjennomført behandling nedanfor sperra, for å ta knekken på lakseparasittar som eventuelt har sett seg på lakseungar nedanfor sperra.
Det er Veterinærinstituttet, NIVA og NINA som skal gjennomføre klorbehandlingane, på oppdrag frå Miljødirektoratet.
Brukar skånsam klorbehandling
All behandling mot lakseparasitt i Driva-elva i år vil skje med bruk av klor, som tek livet av parasitten utan å skade fisken. Første gong klorbehandling mot Gyrodactylus salaris vart brukt i Noreg, var i Driva og Litledalselva i 2022.
– Klorbehandling har vist seg som eit godt og nytt verktøy i kampen for å få bukt med den dødelege lakseparasitten Gyrodactylus salaris, utan å skade fisken. Vi håpar årets behandling gjer at vi kan seie oss ferdige i Drivaregionen, og kan starte i Drammensregionen neste år. Det vil då vere den siste staden i Noreg der parasitten framleis finst, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Villaksen på veg tilbake
I andre elvar i Drivaregionen er behandlinga mot Gyrodactylus salaris ferdig. Dette gjeld elvane Usma og Batnfjordselva, der tilbakeføring av opphavlege laksestammar frå genbank starta no i vår.
– No når elvane er frie for lakseparasittar ser vi verdien av å ha teke vare på dei opphavlege laksestammane i genbank gjennom mange år, slik at desse kan vende heim igjen, seier Ellen Hambro.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Halvparten av EE-produktene var forbudte å selge24.6.2026 13:35:40 CEST | Pressemelding
En europeisk kontroll av produkter viste at halvparten inneholdt forbudte stoffer og dermed var ulovlige å selge. Miljødirektoratet deltok i aksjonen sammen med 12 andre land.
Følger med på sjelden ulv22.6.2026 15:15:49 CEST | Pressemelding
En ulv innvandret fra den finsk-russiske bestanden er påvist i Oppdal i Trøndelag. Ulven kan bli et viktig genetisk tilskudd til ulvebestanden.
Økt innsats og færre pukkellaks18.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Tiltak mot pukkellaks har vært svært effektive i mange elver. Mengden har gått ned i Øst- Finnmark, men den fortsetter å spre seg.
Fortsatt behov for streng regulering av laksefisket17.6.2026 09:12:49 CEST | Pressemelding
Statusrapport for norske laksebestander viser at tilstanden er kritisk og at det er få tegn til bedring. Det vil fortsatt være behov for streng regulering av fisket.
Restaurering av marin natur kan bidra til å hjelpe Oslofjorden15.6.2026 14:01:37 CEST | Pressemelding
Restaurering og andre naturforbedrende tiltak kan bidra til en bedre miljøtilstand i fjorden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom