NRK

Slik blir sommaren og september på NRK

Del

I sommar og til hausten kan NRK by på store sportsopplevingar, mykje nytt drama og masse moro for store og små.

Ulike utfordringar: Karsten Warholm jaktar medaljar i EM og OL i sommar. Herman Flesvig og Mikkel Niva må ut på oppdrag over heile Europa, her på eit litt spesielt karneval i Nord-Makedonia.
Ulike utfordringar: Karsten Warholm jaktar medaljar i EM og OL i sommar. Herman Flesvig og Mikkel Niva må ut på oppdrag over heile Europa, her på eit litt spesielt karneval i Nord-Makedonia. NRK/ Tor Even Mathisen, Nexico / NRK

I dag lanserer NRK nokre av programma som kjem i sommar og tidleg på hausten.

- For ein sommar vi har i vente på NRK! Det blir masse sport: EM i både friidrett og fotball, før OL endeleg kjem tilbake på NRK – direkte frå Paris. Men vi får også møte dei 67 morosamaste i Noreg i programmet Dette er humor og mange andre spennande personar i Sommer i P2. Eg vil også nemne eit breitt podkast-tilbod for dei yngste, med Fantorangenfortellinger, Brannbamsen Bjørnis og masse gull frå arkivet. Og så gler eg meg til august. Då kjem Oppdrag Europa, som er det splitter nye reiseprogrammet til Mikkel Niva og Herman Flesvig, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

Her følgjer ei oversikt over kva du kan glede deg til framover. Programma for seinhausten blir lanserte etter sommaren.

Oppdrag Europa

Oppdrag Europa reiser den nysgjerrige og optimistiske Mikkel Niva og den engstelege pessimisten Herman Flesvig til nokre av Europas minst besøkte land. På kvar tur får dei eit oppdrag dei må løyse.

Målet er å bli betre kjent med landet og komme «under huda» på kvar stad dei besøker. Korleis går det når Herman og Mikkel må lære seg walisisk godt nok til å spele i ein stor såpeopera? Det blir både fornøyeleg og uføreseieleg når Herman og Mikkel improviserer løysingar på utfordringane dei møter undervegs.  

Våre beste år

null
Pernille Sørensen, Bjørn Tomren, Tobias Solli Kaarfald og Cala Holmboe har hovudrollene dramakomedien Våre beste år. Henrik Sander/Feelgood TV, NRK

Ein raddisfamilie flyttar til vestkanten midt på 80-talet og får jappetida midt i trynet. Sonen Ole Martin blir forvandla til ein liten materialist, mens dottera Simone blir tatt av den politiske høgrebølga. Samtidig kjempar mamma Siri ein desperat kamp for å stanse amerikaniseringa av ungdomsprogrammet ho jobbar i på NRK.

I dramakomedien Våre beste år møter vi Pernille Sørensen i rolla som mamma Siri, Bjørn Tomren som hennar tafatte Gerhardsen mann, Christian Mikkelsen som sjølvsikker FpU-leiar, Ida Elise Broch som ustabil AKP-ar og mange andre skodespelarar kjent for komisk talent. Serien er inspirert av boka av Ole Martin Ihle, «Da He-Man kom til Norge».

Dette er humor
I Dette er humor snakkar heile 67 norske komikarar om det morosamaste dei har laga og kva som får dei til å le. Spennet er stort – her er den eldste komikaren 55 år eldre enn den yngste.

To og to komikarar møtast i studio til samtale – nokre er gamle samarbeidspartnarar, mens andre har aldri møttest før. Vi får gjensyn med stolte augeblikk frå norsk humorhistorie og klipp komikarane helst hadde sett vart gøymt (og gløymt) i arkivet. 

Premiere: 14. juni

Kommunikasjonsansvarleg:  sarah.jordanson.fauske@nrk.no


Dates in real life

null
Ida må vekk frå PC-en og ut i den verkelege verda i dramaserien Dates in real life. Maipo Film/NRK

I denne dramaserien møter vi Ida, som for det meste lever online. Når kjærasten hennar Marvin, som ho aldri har møtt, plutseleg annonserer at han dater ein anna person IRL, rasar verda saman for Ida. Ida bestemmer seg for å finne sin eigen fysiske partner, samtidig som ho aldri gir slepp på håpet om å få Marvin tilbake.

Dates in real life har allereie fått pris for beste serie i International Panorama Series Mania. I rolla som Ida møter vi Gina Bernhoft Gørvell.


Her lukter det fesk

null

Denne serien byr på stor fisk og musikalske møte i Finnmarks spektakulære natur. Bilal Saab, musikar og fiskeguide, tek med seg ein anna fiskeinteressert, norsk artist på eit fiskeeventyr. I tillegg til fangst på kroken har dei også eit anna mål: Kvar episode vil by på ei unik, felles framføring med Bilal og artisten. Agnete Saba, Kjartan Lauritzen, Kurt Nilsen, Broiler og Ida Maria er musikarane Bilal deler lidenskapen sin for fiske og musikk med.  


Sportssommar på NRK

Nokre av verdas beste idrettsutøvarar skal kjempe om edelt metall i sommar. Hos NRK kan du sjå og følgje dei store meisterskapa.

Friidretts-EM i Roma 

Frå 7. til 12. juni er det europameisterskap i friidrett. Blant anna Jakob Ingebrigtsen, Narve Gilje Nordås og Karsten Warholm er venta å stille til start.

Ida Nysæter Rasch er programleiar frå Roma, mens Jann Post, Vebjørn Rodal og Christina Vukicevic Demidov kommenterer. 

Fotball-EM i Tyskland

null
Carl-Erik Torp, Emil Gukild og Ingerid Stenvold blir å sjå på NRK under fotball-EM. Espen Solli/NRK

24 av dei beste herrelandslaga på kontinentet er klare for å kjempe om tittelen som europameister. Meisterskapet startar fredag 14. juni og varer til søndag 14. juli.

NRK deler også denne gongen rettane til fotball-EM med TV 2. Ingerid Stenvold og Emil Gukild er NRKs programleiarar frå studio på Marienlyst. Christian Nilssen, Andreas Stabrun Smith og Patrick Rowlands skal vere TV-kommentatorar, mens Carl-Erik Torp, Kristoffer Løkberg og Åge Hareide er ekspertkommentatorar på dei TV-sende kampane.

Les meir om fotball-EM her

null
Eirik Fure, Jann Post, Ole Rolfsrud og Ida Nysæter Rasch er nokre av profilane som skal jobbe med OL på NRK. Celina Øier/NRK

Sommar-OL i Paris

Endeleg! For første gong sidan 2012 skal NRK sende OL på TV. Dette skjer etter at NRK og Warner Bros. Discovery blei einige om å dele på rettane. Årets største idrettsevenement finn stad i den franske hovudstaden frå 26. juli til 11. august.

NRK skal sende alt av friidrett frå sommar-OL i Paris lineært og i NRK TV, inkludert triatlon, kappgang og maraton.

Ole Rolfsrud og Eirik Fure er programleiarar i studio i Oslo, mens Ida Nysæter Rasch er på plass som programleiar på Stade de France. Kommentatorar er blant anna Jann Post, Vebjørn Rodal og Christina Vukicevic Demidov. 

NRK sender også Paralympics, frå onsdag 28. august til søndag 8. september.

Humor, kultur og underhaldning


Om du vil le litt, men samtidig ha sportsleg spenning, er EM i hageleker akkurat det du treng.

null
Oliver Bergset og Martin Belgen har med seg skjønnheitsinfluensar Tim Kristian,  treningsinfluensar Hedda Schroeder Skaug, komikar Karsten Blomvik og fotballekspert Kasper Kvello. Influensar Agnete Husebye og komikar Martin Sleipnes er også blant deltakarane. Michael Schult Ulriksen/NRK

Seks norske kjendisar ofrar alt i denne humorrealityen, der dei konkurrerer i ulike hageleikar. Kubb og frisbee får nye tvistar, og i kvar runde må taparen reise heim. Til slutt står vi igjen med ein europameister i hageleikar. Oliver Bergset er programleiar, mens Martin Belgen Isaksen er trenar og dommar.

  • Premiere: Juni

Pride

Full av farge, glede og fest med meining: 29. juni går prideparaden gjennom Oslos gater, og i Høydepunkter fra prideparaden får du nettopp det, frå det mangfaldige og fargerike opptoget.

Pål Plassen er kommentatoren som losar oss gjennom TV-sendinga, og Kirsti Falch-Nilsen er NRKs utegåande reporter blant glade pridedeltakarar.

  • Premiere: 29.juni

Festkonsert Oslo Pride 50 år  

null
Silya Nymoen og Per Sundnes tek deg gjennom festkonsert i Operaen når Oslo Pride feirar 50 år. Robert Rønning/NRK

29. juni er det også storslått musikalsk feiring av mangfald i Den Norske Opera og Ballett. Ane Brun, Jarle Bernhoft, Bjørn Tomren, Kim Rysstad med fleire står på scenen saman med Kringkastingsorkesteret og Operaens barnekor. Silya Nymoen og Per Sundnes er programleiarar for ein kveld som vil by på opera, joik, jazz, strupesong, pop og kveding. 


Eurovision Young Musicians
17. august møtest elleve unge musikarar til finale i Eurovision Young Musicians i Bodø. Deltakarane er blant dei beste klassiske solistane i Europa under 22 år. For Noreg stiller den 20 år gamle pianisten Sebastian Egebakken Svenøy. Han danka ut dei norske konkurrentane sine i Virtuos-finalen på NRK tidlegare i år.

Silje Nordnes og Mona Berntsen er programleiarar, og konkurransen vil blir sendt på både radio og TV i ei rekke europeiske land.

Kommunikasjonsansvarleg: nan.kristin.myhre@nrk.no

Til hausten blir det også nye sesongar med kjente program.

Fra bølle til bestevenn

null
Hundetrenar Maren Teien Rørvik skal prøve å hjelpe fem nye hundar og eigarane deira i fjerde sesong av Fra bølle til bestevenn. Max Emanuelson, Monster/NRK

Dei elskar hundane sine over alt på jord, men draumen om ein bestevenn er blitt eit mareritt. I fjerde sesong av Fra bølle til bestevenn prøver hundetrenar Maren Teien Rørvik å hjelpe eit nytt kull med hundar og eigarane deira. Vi får også følge Maren i hennar prosess med å skaffe seg og oppdra ein ny kvalp.

Du kan lese meir om den nye sesongen og om deltakarane her: Ny sesong av «Fra bølle til bestevenn»


Alle mot 1
Endeleg er Alle mot 1 tilbake med ny sesong full av morosame, rare og spektakulære eksperiment du kan gjette på, der ein deltakar skal prøve å vinne over heile Noreg. Denne gongen har Selda Ekiz og Selma Ibrahim med seg Karsten Blomvik i programleiartrioen.

Plutseleg dukkar dei opp i kommunen din, og du får sjansen til å vere med på eit eksperiment. Alle mot 1 er programmet der alt kan skje. 

Gauteshow
Det blir også ny sesong av Gauteshow, med oppstart i august.

 

Radio og podcast

For enkelte er The kid from red bank, Reiseradioens kjenningsmelodi sjølve lyden av sommar. Denne blir det sjølvsagt gjenhøyr med i år også. Her er programleiarane i Reiseradioen i  sommar:

  • Marte Stokstad og Kåre Magnus Bergh
  • Anne Lindmo og Halvor Haugen
  • Amir Horori og ubestemt
  • Markus Vangen og Tara Lina Shahin
  • Ingrid G. Linhave og Solveig Kloppen
  • Ingunn Thon og Lars Os
  • Else Kåss Furuseth og Markus Neby
  • Ronny Brede Aase og Live Nelvik

Premiere: 22. juni

Reiseradioens sommerleker

null
Nytt sommarprogram: Rune Nilson inviterer til uhøgtideleg konkurranse i Reiseradioens sommerleker NRK

I år får Reiseradioen ei «veslesøster»: Reiseradioens sommerleker er eit nytt og underhaldande konkurranseprogram kor lyttarane får bryne seg på kvissar og utfordringar i alle tenkelege kategoriar. Programleiar Rune Nilson vil gjennom heile sommaren servere spørsmål, rebusar og skattejakter til alle som vil vere med.

  • Premiere: 22. juni

Sommer i P2

null

Tradisjonen tru kan du komme tett på svært ulike menneske i Sommer i P2. Den prisvinnande molekylærbiologen Sigrid Bratlie, kunstnar Nikolai Torgersen og Raudt-politikar Mímír Kristjánsson er nokre av dei som vil fortelje personlege historier og spele musikken dei meiner høyrer med.

  • Premiere: 26. juni


Hele historien: Raset i regnet
Spenn opp ditt indre filmlerret og kom tett på dramaet som utspann seg i Jølster: I Hele historien: Raset i regnet skal vi til den idylliske vestlandsbygda. Ein fin sommarferiedag 2019 blir Jølster råka av eit enormt styrtregn. Det utløyser over 160 ras av stein og jord, når elvar og bekkar går over breiddene sine på kort tid. Dei mange bilistane hamnar i dødsfeller nede på vegane rundt det store Jølstravatnet.

  • Premiere: 30. juli


P3sommer
P3sommer sender på NRK P3 frå morgon til kveld måndag til og med fredag frå slutten juni og fram til starten av august. I kvart sitt team skaper Oskar Fjørtoft Sandanger og Hedda Gundersen Gullikstad, Zeineb Gaadi Hagi og Vilde Pettersen, Espen Muzamura og Mohamed Salah Ahmed, og Magnus Vattekar Sandvoll og Sigrid Johanne Ahlquist Slagstad sommarstemning.

NRK P3 skal for andre år på rad ta over Campingscenen på Slottsfjell 10. og 11. juli. Der blir det underhaldning med blant andre Nate og Arian (StudioP3), Adelina og Tete (P3morgen) og Dr. Jonas og Markus Vangen (Lekekassa) – for ikkje å snakke om karaokefest med Kaja og Oskar frå Absolutt fredag.

Nye podkastar

Det er også klart for fleire nye podkastar. Er Love Island ein av dine guilty pleasures, kan du glede seg over ein Træsh-spesial: Gruppechatten- Love Island med Adelina Ibishi, Arian Engebø og Anna Folkestad.

  • Premiere: 10. juni

Også dei yngste kan glede ei rekke nye podkastar.

Fantorangenfortellinger 

null
I løpet av sommaren kjem det åtte nye Fantorangenfortellinger.

I verda til Pivi, Fantorangen og Fantus kan alt skje, og det gjer det. Dei reiser til månen, møter Havfrua og Fantus veks og blir diger. Høyr dei gøyale, rare og spennande forteljingane på sengekanten, i bilen eller i pausen.

Premiere: 21. juni

Labyrint om natten
 
Det blir også spennande og morosame forteljingar frå Labyrint – med litt promp og fjert. Mens Daidalos og Daidalosa søv om natta, blir Labyrinten til leikeplass for robotane. Då kan dei gjere kva dei vil – så lenge dei ikkje blir oppdaga! 

Krampus blir forelska, Lupus reiser med eit poffeskip og Kamina må jakte på spøkelseslyden.

  • Premiere: 19. juli

Brannbamsen Bjørnis 

Lurer du på korleis du blir en god brannkonstabel? Brannbamsen Bjørnis gir deg gode tips og spennande opplevingar i nye historier i sommar. 

  • Premiere: 21. juni

Klassen-rådet
For dei litt eldre barna kjem blant anna Klassen-rådet med Selma Ibrahim. Ho pratar med skodespelarane frå Klassen og  saman løyser dei innsende ungdomsproblem. Det minner om  Lørdagsrådet, men for barn og ungdom.

  • Premiere: 21. august

Seriesommar

NRK TV vil som vanleg har eit rikt utval av både dramaseriar og dokumentarar du kan sluke i eitt jafs.

null
Flydramaet Red eye ein av mange seriar du kan sjå i NRK TV i sommar.

Her er nye dramaseriar i NRK TV

  • Red eye: Når flyet til Beijing lettar, lever alle dei 237 passasjerane. Men det er ein mordar på jobb blant dei. Kor mange må døy før natta er omme?

  • Ekskona: Tasha har alt: ein vakker heim, draumemannen og ei nydeleg dotter. Livet kunne vore perfekt – om det berre ikkje var for Jacks giftige ekskone, Jen.

  • The Bay, sesong 5: Når ei ung kvinne blir funnen drepen, må Jenn, som sjølv er i sorg, legge eigne kjensler til side. Jobben krev at ho er sterk for dei pårørande.

  • Hotel Portofino: På familien Ainsworths hotell er gjestene like kravstore som dei er velståande. Sola skinn i det glade 20-tallets Italia, men mørke skyer truer

  • Lykkevika sesong 3 og 4: Då mora døyr, drar Johanna heim til sommarbyen Lykkevika. Men der er alt som før - med sladder, utruskap og gravide tenåringar. Svensk småby-krim.

  • Furia: Politimannen Asgeir flytter til ein idyllisk by på Vestlandet. Her møter han Ragna, og saman viklar dei seg inn i eit nettverk av høgreekstreme krefter.


Frå slutten av august kjem sesong 2 av The Responder og Colin fra regnskap. Vi får også sesong 4 av Grace  og den norske dramaserien Ida tar ansvar frå 2022.

Både NRK P3 og VG trilla 5 på terningen den gong: «Sint, ung mann møter konfliktsky, ung kvinne. Sammen skaper de bekmørk dramatisk humor med fornøyelige sidefortellinger», skreiv VG.

null
Sjå «snakkis-dokumentaren» Miraklet i Gullspång i NRK TV i sommar. Mer Film/NRK
  • Mirakelet fra Gullspång: Dette er det mest spinnville du har sett på lenge. To norske søstrer kjøper leilegheit i Sverige. Møtet med seljaren snur opp ned på livet deira – gong på gong.
  • Boris Johnson – makt og skandalar: Ingen har prega Storbritannia av i dag som Boris Johnson. Nære vener – og fiendar – fortel om mannen, maktspelet og det spektakulære fallet.
  • Stacey Dooley overnatter : Prostituerte, polygamistar og ein pappa på deling – Stacey drar på helgebesøk til folk med eit liv litt utanom det vanlege.
  • Gloriavale – flukten fra sekten: New Zealands mest ekstreme kult minner mange om TV-serien «The Handmaid’s Tale». Her fortel avhopparar om overgrep og hjernevasking

Det kan komme justeringar i premieredatoar. Kontakt pressevakt@nrk.no for informasjon om program som ikkje har ein kommunikasjonsansvarleg, og sjå nrk.no/presse for fleire bilde.

Det vil bli ei ny lansering til hausten for program som har premiere frå slutten av september og utover.

Bilder

Ulike utfordringar: Karsten Warholm jaktar medaljar i EM og OL i sommar. Herman Flesvig og Mikkel Niva må ut på oppdrag over heile Europa, her på eit litt spesielt karneval i Nord-Makedonia.
Ulike utfordringar: Karsten Warholm jaktar medaljar i EM og OL i sommar. Herman Flesvig og Mikkel Niva må ut på oppdrag over heile Europa, her på eit litt spesielt karneval i Nord-Makedonia.
Last ned bilde
Pernille Sørensen, Bjørn Tomren, Tobias Solli Kaarfald og Cala Holmboe har hovudrollene dramakomedien Våre beste år.
Pernille Sørensen, Bjørn Tomren, Tobias Solli Kaarfald og Cala Holmboe har hovudrollene dramakomedien Våre beste år.
Last ned bilde
Ida må vekk frå PC-en og ut i den verkelege verda i dramaserien Dates in real life.
Ida må vekk frå PC-en og ut i den verkelege verda i dramaserien Dates in real life.
Last ned bilde
Silya Nymoen og Per Sundnes tek deg gjennom festkonsert i Operaen når Oslo Pride feirar 50 år.
Silya Nymoen og Per Sundnes tek deg gjennom festkonsert i Operaen når Oslo Pride feirar 50 år.
Last ned bilde
Flydramaet Red eye ein av mange seriar du kan sjå i NRK TV i sommar.
Flydramaet Red eye ein av mange seriar du kan sjå i NRK TV i sommar.
Last ned bilde
I løpet av sommaren kjem det åtte nye Fantorangenfortellinger.
I løpet av sommaren kjem det åtte nye Fantorangenfortellinger.
Last ned bilde
Last ned bilde
Nytt sommarprogram: Rune Nilson inviterer til uhøgtideleg konkurranse i Reiseradioens sommerleker
Nytt sommarprogram: Rune Nilson inviterer til uhøgtideleg konkurranse i Reiseradioens sommerleker
Last ned bilde
Hundetrenar Maren Teien Rørvik skal prøve å hjelpe fem nye hundar og eigarane deira i fjerde sesong av Fra bølle til bestevenn.
Hundetrenar Maren Teien Rørvik skal prøve å hjelpe fem nye hundar og eigarane deira i fjerde sesong av Fra bølle til bestevenn.
Last ned bilde
Sjå «snakkis-dokumentaren» Miraklet i Gullspång i NRK TV i sommar.
Sjå «snakkis-dokumentaren» Miraklet i Gullspång i NRK TV i sommar.
Last ned bilde
Eirik Fure, Jann Post, Ole Rolfsrud og Ida Nysæter Rasch er nokre av profilane som skal jobbe med OL på NRK.
Eirik Fure, Jann Post, Ole Rolfsrud og Ida Nysæter Rasch er nokre av profilane som skal jobbe med OL på NRK.
Last ned bilde
Carl-Erik Torp, Emil Gukild og Ingerid Stenvold blir å sjå på NRK under fotball-EM.
Carl-Erik Torp, Emil Gukild og Ingerid Stenvold blir å sjå på NRK under fotball-EM.
Last ned bilde

Om NRK

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye