Stadig fleire forseinkingar og innstillingar på jernbanen
Det blir stadig fleire forseinkingar og innstillingar på jernbanen, viser Riksrevisjonens nyaste undersøking. Hovudårsaka er feil i infrastrukturen. Dei som bruker jernbanen, står igjen med eit dårlegare togtilbod.

– Samferdselsdepartementet, Jernbanedirektoratet og Bane NOR har lenge visst om utfordringane på jernbanen. Dei har fått mykje pengar for å sikre eit godt togtilbod, men har ikkje gjort det som trengst av vedlikehald og fornying. Konsekvensen er at vi står igjen med eit dårlegare togtilbod, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Dei siste åra har Stortinget løyvd mykje pengar til investeringar, drift, vedlikehald og fornying på jernbanen. Frå 2016 til 2024 auka løyvingane med 12,6 milliardar kroner, til totalt 26,3 milliardar – nær ei dobling på åtte år (reelle tal).
Kvart fjerde persontog og kvart tredje godstog er forseinka eller innstilt
Det har vore eit mål over mange år å skape eit godt togtilbod for både innbyggarar og næringsliv. Det er viktig for brukarane at toget kjem og går når det skal.
Riksrevisjonen har rekna ut kor mange tog som faktisk var i rute i perioden 2016 til 2023. Undersøkinga viser følgjande:
- I 2023 var kvart fjerde persontog og kvart tredje godstog forseinka eller innstilt.
- Fjoråret gav det dårlegaste resultatet i heile perioden. Da var toga forseinka i totalt 37 000 timar – 12 000 fleire enn i 2016.
- Andelen forseinkingar og innstillingar har auka med rundt åtte prosentpoeng i perioden. Det gjeld både persontog og godstog.
Trass i meir pengar går altså utviklinga i heilt feil retning. Det er kritikkverdig at ein stor del av toga ikkje er i rute, og at omfanget av forseinkingar og innstillingar har auka. Riksrevisjonen meiner at dette kan gjere jernbanen mindre attraktiv, svekke omdømmet til jernbanen og gjere at folk får mindre tillit til han.
– Det er rett og slett ikkje haldbart at ein så stor del av toga er forseinka eller innstilte. Det går utover kvardagen til folk. Det går utover næringslivet. Her må det takast grep raskt, viss ikkje kan fleire kome til å velje bort toget, seier Schjøtt-Pedersen.
Den siste kundeundersøkinga til Jernbanedirektoratet viser at dei som reiser med tog, er mindre fornøgde enn før. Forseinkingar og innstillingar er ein av hovudgrunnane, seier kundane.
Feil i infrastrukturen er hovudårsaka
I tillegg til misfornøgde kundar kostar forseinkingar og innstillingar samfunnet mykje pengar. Difor har Riksrevisjonen undersøkt kvifor så mange tog ikkje er i rute. Å forstå årsakene er ein føresetnad for å løyse problemet.
Undersøkinga viser at hovudårsaka er dårleg infrastruktur. Det er Bane NOR sitt ansvar.
Feil i infrastrukturen får store konsekvensar for togtrafikken og dei som reiser. Feil på jernbanespor, signalanlegg eller med straumtilførselen fører til innstillingar og store forseinkingar. Dei siste åra har vi sett dette til dømes på Follobanen, ved Oslo S og i Bergen. For mange har dette ført til ulemper over lang tid.
– Det er kritikkverdig at infrastrukturen er dårleg vedlikehalden og manglar fornying. Trass i ein betydeleg auke i løyvingane til jernbanen, er vedlikehaldsetterslepet stort og det aukar framleis, understrekar Schjøtt-Pedersen.
Samferdselsdepartementet må følgje opp Bane NOR betre og sørge for at pengane Stortinget løyver, blir brukte til å gi eit betre togtilbod.
Også andre typar feil fører til forseinkingar og innstillingar. Uventa hendingar, til dømes ekstremvêret «Hans», er ei årsak som styresmaktene ikkje rår over. Feil på sjølve toga er også ei viktig årsak. Det er togselskapa som har ansvaret for å gjere noko med desse.
Ei mindre forseinking éin stad kan raskt forplante seg og påverke større delar av togtrafikken. Problemet blir endå større når fleire tog blir sette inn og kapasiteten er på brestepunktet.
– Heile jernbanesektoren må jobbe med punktlegskapskulturen sin. Det kan sjå ut til at aksepten for forseinkingar er for stor. Slik skal det ikkje vere, avsluttar Schjøtt-Pedersen.
Nøkkelord
Kontakter
Siri Bentserud WingereiKommunikasjonssjef
Tel:990 39 479sbw@riksrevisjonen.noOm oss
Riksrevisjonen er Stortingets største og eldste kontrollorgan. Gjennom revisjon av regnskap og undersøkelser sjekker vi hvordan regjeringen og statsforvaltningen gjør jobben sin.
Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Flere unge bryter loven – forebyggingen har sviktet18.6.2025 13:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Unge som bryter loven, blir stadig yngre og lovbruddene mer alvorlige. – Undersøkelsen vår viser at myndighetene har sviktet i det forebyggende arbeidet. Det er kritikkverdig, sier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Pressekonferanse i dag: Ny rapport om ungdomskriminalitet18.6.2025 07:30:00 CEST | Presseinvitasjon
Riksrevisjonen har undersøkt hva myndighetene har gjort for å forebygge og håndtere barne- og ungdomskriminalitet. Velkommen til pressekonferanse i dag kl. 13.
Pressekonferanse: Myndighetenes innsats mot ungdomskriminalitet13.6.2025 13:14:24 CEST | Presseinvitasjon
Hva har myndighetene gjort for å forebygge og håndtere ungdomskriminalitet? Det har Riksrevisjonen undersøkt. Velkommen til pressekonferanse onsdag 18. juni kl. 13.
Langt igjen til samanhengande digitale tenester11.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Arbeidet med livshendingane har i liten grad gitt innbyggjarane betre samanhengande digitale tenester. Usikker finansiering og dårleg samordning er hovudproblema.
Jordbruket langt frå å nå klimamåla sine5.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Jordbruket skal gjennomføre store utsleppskutt innan 2030, men ingenting tyder på at det er mogleg. Målkonfliktane er store og klimaavtalen mellom staten og jordbruket er urealistisk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom