Vi må sortere fleire typar avfall i 2025

Del

Frå 1. januar 2025 må kommunar og næringsliv utsortere og samle inn fleire avfallstypar, mellom anna tekstilavfall.

Bilde av avfallskonteinere, i ulike fargar.
Kommunar og bedrifter må samle inn fleire avfallstypar i 2025. Foto: Kjersti D. Moxness, Miljødirektoratet

- Vi må krympe restavfallet! For at Noreg skal nå avfallsmåla til EU, må du og eg gjere jobben med å sortere avfallet rett, anten vi er heime, på jobben eller på hytta. Kommunane og næringslivet må leggje til rette for dette og sørgje for separat innsamling av meir avfall, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Dei nye krava gjeld utsortering, separat innsamling og førebuing til ombruk eller materialgjenvinning av papp- og papiravfall, glas- og metallemballasje og tekstilavfall.

Hovudformålet er å auke førebuing til ombruk og materialgjenvinning, og gjennom dette leggje til rette for meir sirkulær økonomi og redusere klima- og miljøbelastninga ved å bruke ressursane våre lengst mogleg og betre.

Dei nye utsorteringskrava er nødvendige for å klare forpliktingane våre etter EØS-avtalen. EU-kravet er at landa skal oppnå 65 prosent førebuing til ombruk og materialgjenvinning av hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet innan 2035. Noreg ligg i dag på omtrent 37 prosent.

Kommunar og næringsliv må leggje til rette for meir sortering

Alle kommunar må frå neste år leggje til rette for at vi skal sortere papp-, papir-, glas- og metallemballasje og tekstilavfall. Dette kjem i tillegg til allereie gjeldande krav om utsortering av plast og matavfall. Krava vil også gjelde avfall frå fritidsbustader, hytter og næringsverksemder.

For næringslivet vil særleg krav om separat innsamling av tekstilavfall og glas- og metallemballasje, medføre behov for nye sorterings- og innsamlingsløysingar for ein del verksemder.

Faktaboks: Desse avfallstypane skal sorterast ut og samlast inn separat frå 1. januar 2025:

  • papp- og papiravfall
  • glas- og metallemballasje
  • tekstilavfall

Tekstilavfall skal hentast eller bringast

I dag hentar mange kommunar mykje av hushaldsavfallet, til dømes utsortert matavfall og plastavfall, der vi bur. Neste år må alle kommunar tilby innbyggjarane ei sorteringsløysing også for tekstilavfall.   

- Alt for mykje tekstil hamnar i restavfallet. No får kommunane krav om å samle dette inn separat og sende det til førebuing til ombruk og materialgjenvinning. Som følgje av at alle EU og EØS-land får krav om utsortering av tekstilavfall, forventar vi at det vil utvikle seg ein marknad slik at langt meir av tekstilavfallet vil bli førebudd til ombruk eller materialattvunne, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Kommunane står fritt til å velje innsamlingsløysing, og kan sjølv avgjere om dei vil samle inn tekstilavfall gjennom hente- eller bringeordning. Dei kan også velje å samarbeide med dei aktørane som i dag samlar inn brukte tekstil for ombruk.

Parallelt med kravet om utsortering jobbar både EU og Noreg for å få på plass produsentansvar for tekstil. Det inneber at dei som produserer og importerer tekstil må sørgje for og finansiere løysingar for innsamling, sortering, førebuing til ombruk og materialgjenvinning av tekstil.

- Det legg ansvar og kostnaden der det høyrer heime – hos produsentane. Likevel tek det noko tid å forme ut eit slikt produsentansvar og vi må vente på rammene for dette frå EU – i mellomtida er dette utsorteringskravet eit steg i rett retning mot omstillinga til ein sirkulær økonomi, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Faktaboks: Henteordning versus bringeordning

Henteordning:

  • alle former for henting ved husstandane, inkludert fellesløysingar for burettslag og avfallssug

Bringeordning:

  • innsamlingsordningar for tekstil, glas- og metallemballasje i behaldarar på sentrale plassar
  • oppsamlingspunkt for hytter og fritidsbustader
  • kommunale gjenvinningsstasjonar der hushald leverer avfall

Faktaboks: Tilleggskrav for kommunar

  • Målkrav for utsortering:
    • Papp- og papiravfall:                   80 prosent frå 2028
    • Glas- og metallemballasje:         85 prosent frå 2028
  • Henteordning:
    • papp- og papir                              frå 1. januar 20025
    • glas- og metallemballasje           frå 1. juli 2025

 Avfallsgebyret vil auke noko

Miljødirektoratet forventar at krava vil føre til at andelen hushaldsavfall og liknande avfall frå næringslivet som blir førebudd til ombruk eller materialgjenvinning, vil auke med ca. 1,5 prosentpoeng i 2035. Ifølgje berekningane vil kostnadsauken medføre ein auke av avfallsgebyret på cirka 5-20 kroner per husstand.

For næringslivet er dei totale kostnadene usikre, men Miljødirektoratet forventar at kostnadene særleg er knytt til utsortering og separat innsamling for glas- og metallemballasje.

Rettleiar for kommunar 

Rettleiar for verksemder 

Rettleiarane vil bli oppdaterte med nye krav frå juni 2024. 

Nøkkelord

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye