Jordleigeprisane aukar forsiktig
Hovudtrenden i Landbruksdirektoratets årlege undersøking er at jordleigeprisane aukar noko, men det er store variasjonar mellom produksjonar og regionar. Nær halvparten av jordbruksarealet i drift her i landet er leigejord.

På nasjonalt nivå har gjennomsnittsprisen på leigejord til grasdyrking auka med 2,5 prosent frå 2023 til 2024. Samtidig har gjennomsnittsprisen på leigejord til korndyrking auka med 1,9 prosent, og prisen på leige av jord til potetdyrking med 1,2 prosent.
Snittprisen på leigejord til grønsaks- og bærdyrking har derimot gått ned med 0,9 prosent det siste året. Prisen har gått litt ned i fleire år på rad.
Leige av jord til innmarksbeite er i snitt 5,9 prosent dyrare enn i fjor, men på nivå med prisane i åra før. Den berekna snittprisen for leige av jord til utmarksbeite har samtidig gått ned med heile 36,5 prosent det siste året, men Landbruksdirektoratet antar at prisen som vart rapportert i fjor truleg var for høg.
Her finn du alle tal frå årets undersøking av jordleigeprisar
Nær halvparten av jordbruksarealet er leigejord
I 2022 var 48 prosent av alt areal i drift leigejord viser tal frå SSB. I løpet av dei siste 50 åra har del leigejord av jordbruksareal i drift auka betrakteleg. Til samanlikning var berre 15 prosent av jordbruksarealet leigejord i 1969.
Størst del leigejord av areal i drift i 2022 var det i fylka Troms og Finnmark, Agder og Vestfold og Telemark med høvesvis 64, 60 og 58 prosent.
I jordleigeundersøkinga 2024 har Nord-Noreg dei lågaste gjennomsnittsprisane på dei fleste områda dei har produksjon. Delen leigejord av det totale jordbruksarealet i drift i Troms og Finnmark var på 64 prosent i 2022, som var det høgaste talet blant alle fylka.
- Mange kommunar med lave jordleigeprisar opplyser at interessa for å drive jordbruksareal er liten. Dei som eig jordbruksareal i slike område leiger det difor meir enn gjerne ut gratis for å oppfylle driveplikta, seier rådgjevar Mikael Meland Leksen i Landbruksdirektoratet.
Rogaland har dei høgaste leigeprisane på fire av seks produksjonsområde i årets jordleigeundersøking. Samtidig hadde dei i 2022 den minste delen leigejord, berre 38 prosent, av fylka.
-Høge prisar på jordleige tyder at det er interesse for å drive jordbruk og moglegheit for god lønsemd. Då er det ikkje overraskande at fleire av dei som eig jordbruksareal vil drive jorda sjølv, kommenterer Leksen.
Forbetra svarprosent
Landbruksdirektoratet presenterer årleg gjennomsnittlege prisar for ulike produksjonar. Kjelda til gjennomsnittsprisane i undersøkinga er anslag frå landbrukskontora i kommunane. Vi har i år lagt mykje arbeid i å kontrollere dei innsendte tala. Difor meiner vi at årets resultat er truverdige.
Årlege endringar kan tolkast som endringar i betalingsvilje for jord, og indirekte som ein indikator på endringar i lønsemda i jordbruket. Ein bør likevel være varsam med slike tolkingar, ettersom resultata kan være sterkt påverka av kvaliteten på datamaterialet. Dette gjeld i størst grad for grønsaks- og potetjord.
- Det er alltid ei viss uvisse knytt til desse tala. Leigeprisane varierer kraftig både mellom kommunar og innanfor dei. Dessutan seier veldig mange av dei vi snakkar med i kommunane, at dei har lite oversikt over kontraktsprisar. Diverre er det mange som ikkje sender kopi av leigeavtalen til kommunen, sjølv om dette er eit krav ifølge jordlova, seier rådgjevar Mikael Meland Leksen i Landbruksdirektoratet.
Svarprosenten i undersøkinga har i år auka frå 82 til 89 prosent. Dette gir eit sikrare datagrunnlag. Dei små endringane i årets undersøking tyder også på at prisnivået som er målt, er meir presist enn tidlegare.
Kjelde for arealtal/leigejord i artikkelen er SSB 2023.
Nøkkelord
Kontakter
Mikael Meland LeksenLandbruksdirektoratet / Avdeling handel og industri
mikael.meland.leksen@landbruksdirektoratet.noPressevaktPressevakten er betjent hverdager mellom kl. 08.00-15:00
Tel:400 21 171presse@ldir.noBilder


Lenker
Om oss
Landbruksdirektoratet gir faglige råd, iverksetter landbrukspolitikken og legger til rette for landbruket og matindustrien.
Følg pressemeldinger fra Landbruksdirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruksdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Landbruksdirektoratet
Normal sesong for slakt av reinsdyr24.10.2025 10:43:42 CEST | Pressemelding
Per 18. oktober 2025 er det slaktet 26 879 reinsdyr. Dette ligger noe over gjennomsnittet de siste ti årene, og årets sesong startet tidligere enn vanlig.
Vil øke forbruket av reinkjøtt22.10.2025 11:55:21 CEST | Pressemelding
Markedsutvalget for reinkjøtt fikk nytt mandat og ny sammensetning i sommer. Nå jobbes det med å forstå hvordan næringen kan øke salgstallene med et produkt mange har et positivt forhold til.
Samisk språk og kultur over alt i uke 4320.10.2025 14:44:55 CEST | Pressemelding
Samisk språkuke – giellavahkku – er i gang. Målet er at samiske språk skal høres over hele landet. Det blir interessante arrangementer for å synliggjøre samiske språk og kultur fra nord til sør.
Billige melkekvoter til unge bønder i Troms og Finnmark14.10.2025 08:28:51 CEST | Pressemelding
For å rekruttere flere unge bønder, ble det i årets jordbruksoppgjør enighet om å få på plass en ordning for kjøp av billig melkekvote i de to nordligste fylkene.
Hogsten øker, tømmerprisene avtar13.10.2025 11:55:01 CEST | Pressemelding
Avvirkningen etter tredje kvartal 2025 er på 10,3 millioner kubikkmeter, en oppgang fra samme tidspunkt i 2024. Det kan samtidig se ut som om den langvarige prisøkningen på tømmer har flatet ut og vi ser en svak nedgang.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom