Kystverket

Anleggsarbeid i innseglinga til Florø frå 1. juni

Del

Kystverkets utdjupingsprosjekt Innsegling Florø startar opp 1. juni. Utbetringa av farleia skal auke framkoma i innseglinga, slik at fleire riggar kan anløpe Florø hamn.

Wasa Dredging i aksjon med mudringslekterar ved Mortingbåen utanfor Florø i 2023.
Wasa Dredging i aksjon med mudringslekterar ved Mortingbåen utanfor Florø i 2023. Foto: Ole-Irgen Hammer/Kystverket

For å auke sjøsikkerheita og framkoma inn til Florø, og redusere risikoen for grunnstøytingar og kollisjonar som i verste fall medfører tap av liv eller utslepp av olje eller andre miljøgifter i naturen, skal Kystverket fjerne fleire grunner i hovudfarleia til Florø i Vestland fylke. Ei ny navigasjonsinnretning blir også etablert i samband med tiltaket, samstundes som nokre av dagens navigasjonsinnretningar blir flytta for å passe til den nye seglingskorridoren.

– Det er særs viktig at alle sjøfarande er obs på at det blir anleggsarbeid i farleia utanfor Florø frå juni og utover hausten. Entreprenøren Wasa Dredging kjem sannsynlegvis til å nytte to riggar som blir flytta litt mellom dei seks ulike lokasjonane som skal utdjupast. Kystverket ber sjøfarande vise forsiktigheit og omsyn til dette. I anleggsperioden får farleia ei midlertidig merking som snevrar inn seglingsbreidda alt etter kvar entreprenøren arbeider, fortel prosjektleiar John André Vegge i Kystverket.

Legg til rette for offshoreriggar

Innseglinga til Florø skal utdjupast til 19 meters djupne, slik at breidda på seglingskorridoren blir utvida til 140 meter heilt inn til Westcon Yards Florø.

– Det er mellom anna mange offshoreriggar som kjem inn til Florø for ombygging, klassing og vedlikehald. No set innseglinga til Florø ei avgrensing på kva for type riggar som kan anløpe Florø hamn. Riggane som kjem inn er vanlegvis lasta med mykje utstyr og flyt difor djupare enn ein rigg i ballastkondisjon. Djupne- og breiddeforholda har medverka til at verftet i Florø har tapt kontraktar, samstundes som riggar som opererer på norsk sokkel utanfor Florø-området har vore nøydd til å segle over lengre distansar for å komme til verft som har ei innsegling utan avgrensingar, forklarer Vegge

Støyande arbeid

Anleggsarbeidet skal pågå mellom klokken 07.00 og 23.00 frå måndag til laurdag. Til saman skal 107 000 kubikkmeter prosjekterte faste massar sprengast og fjernast frå sjøbotnen. Kvar desse massene skal deponerast og korleis dei skal fordelast er framleis avhengig av politiske prosessar i kommunen.

– Sprengningane på sjøbotnen og den påfølgjande handteringa av steinmassene er arbeid som dessverre skaper støy. Prosjektet skal sjølvsagt halde seg innafor grenseverdiane i regelverket for både støy og rystingar. No i mai blir det dessutan gjennomført synfaringar og tilstandskartlegging på bygningar som er i nærleiken av sprengningsområda, fortel Vegge.

Videokartlegging påviser hamnespy

I samband med at anleggsarbeidet skal starte i neste månad, har Kystverket nyleg filma alle grunnene der det er planlagt utdjuping for å avdekke om det framleis er hamnespy i området.

– Videokartlegginga viser at det er funne hamnespy på dei to austlegaste lokasjonane. Massene frå desse lokasjonane vil bli deponert i deponi der Statsforvaltaren har gitt løyve til deponering av slike masser, og vil deretter bli dekt over med reine masser, fortel Vegge.  

Nøkkelord

Kontakter

Prosjektleiar John André Vegge
992 96 127 / john.andre.vegge@kystverket.no

Om Kystverket

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.

Følg pressemeldinger fra Kystverket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kystverket

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye