Den norske kirke

Hundre millionar til kyrkjebevaring

Del

Regjeringa set av hundre millionar kroner til kyrkjebevaring i revidert nasjonalbudsjett for 2024. – Klare til å ta i mot søknader om kyrkjebevaring, seier preses Olav Fykse Tveit som er styreleiar i kyrkjebevaringsprogrammet.

Preses Olav Fykse Tveit er styreleiar i Kyrkjebevaringsprogrammet. Han er glad for dei første hundre millionane til istandsetjing og vedlikehald av kyrkjebygg. (Foto Titt Melhuus / Den norske kyrkja)
Preses Olav Fykse Tveit er styreleiar i Kyrkjebevaringsprogrammet. Han er glad for dei første hundre millionane til istandsetjing og vedlikehald av kyrkjebygg. (Foto Titt Melhuus / Den norske kyrkja)

Dei neste åra skal det årleg gå rundt 500 millionar kroner til istandsetjing og vedlikehald av kyrkjebygg. Totalt er det snakk om rundt 10 milliardar kroner. Regjeringa presenterte i februar strategien for kyrkjebevaringsprogrammet.

I revidert nasjonalbudsjett for 2024 set regjeringa av 100 millionar kroner til formålet.

– Kyrkjene er viktige signalbygg i lokalsamfunnet, og det hastar med å kome i gang med kyrkjebevaringsprogrammet. Sekretariatet er under etablering og snart klare til å ta i mot søknader om kyrkjebevaring frå kyrkjeeigarane. Dei hundre millionane vil i år gå til prosjekt som allereie er klare eller ulike forprosjekt.

Det seier Den norske kyrkja sin leiande biskop, Olav Fykse Tveit. Han er styreleiar for kyrkjebevaringsprogrammet. I styret sit også representantar frå Kyrkjerådet, Hovudorganisasjonen KA og Riksantikvaren.

Bevaringsprogrammet handlar ikkje berre om vedlikehald, men også om formidling, understrekar Fykse Tveit:  

– Kyrkjebygga er viktige formidlarar av vår historie og kulturarv, både lokalt og nasjonalt. Dei representerer dei lange linjene i samfunnet, og det må vi formidle til nye generasjonar. Gjennom vedlikehald, bruk og formidling vil interessa for bygget auke. Det kan igjen gje betre kunnskap og forståing for kvarandre – og eit enda større ønske om bevaring.

Fykse Tveit meiner kyrkjebevaringsprogrammet er viktig i lys av Moster-jubileet i år:

– Kyrkjene er formidlarar av den gode bodskapen i evangeliet og om alle menneske sitt likeverd. Kyrkjebevaringsprogrammet blir difor eit viktig program – også i lys av den komande feiringa av kristenretten 1000 år på Moster.

Revidert nasjonalbudsjett for 2024 gjer ingen endringar i Den norske kyrkja sitt rammetilskot, men inneheld orientering om avtale mellom staten og kyrkja om deling av Opplysningsvesenets fond (OVF). Les meir her.  

Nøkkelord

Kontakter

Anders Emil KaldholPressekontakt og konstituert nestleder, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Tel:98801428ak547@kirken.no

Bilder

Preses Olav Fykse Tveit er styreleiar i Kyrkjebevaringsprogrammet. Han er glad for dei første hundre millionane til istandsetjing og vedlikehald av kyrkjebygg. (Foto Titt Melhuus / Den norske kyrkja)
Preses Olav Fykse Tveit er styreleiar i Kyrkjebevaringsprogrammet. Han er glad for dei første hundre millionane til istandsetjing og vedlikehald av kyrkjebygg. (Foto Titt Melhuus / Den norske kyrkja)
Last ned bilde

Om oss

65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane. 

Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D

Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet. 

kyrkja.no

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye