Passasjertrafikken over lufthamnene auka med 10 prosent i april
4,15 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i april. Dette er ein auke på 10 prosent samanlikna med april i fjor.

Det er særleg talet på innanlandsreisande som aukar, med 14 prosent. Talet på utanlandsreisande auka også, med 5 prosent. Samla er totaltrafikken i tråd med prognosane for året.
-Bakgrunnen for den kraftige veksten på innland i april og den noko lågare veksten på utland, er knytt til at påska i fjor fall i april. Påska er ein periode med få reiser innanlands og auke blant utanlandsreisande, fortel Gate Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
Riise legg vidare til at utviklinga i fraktmarknaden held fram med styrke, og det blir transportert betydeleg meir gods over Oslo lufthamn enn vi såg i same periode i fjor: -For april er voluma opp med 22 prosent, eller heile 15 143 tonn, medan det så langt i år er ein oppgang på 15 prosent og 59 755 tonn. Dette er i tråd med vår strategi om å trekke meir fraktvolum over våre lufthamner for å styrke tilgjengelegheita til den norske marknaden for gods og passasjerar, framfor at gods blir floge inn og ut frå andre stader i Europa for så å sendast på lastebil til og frå Noreg.
-Sommarprogramma til flyselskapa kom i gang i overgangen mars til april, og voluma aukar dermed også betydeleg når vi går inn i ein travel sesong for reiselivet. Vi merkar oss at flyselskapa forventar høg etterspurnad inn i sommaren, og Avinor skal sørge for at avviklinga ved våre lufthamner går bra, slik at dei reisande får ei god oppleving på flyplassen, avsluttar Riise.
Passasjertal og flyrørsler i april
2,5 millionar passasjerar reiste innanlands i april, ein auke på 14 prosent frå april i fjor.
Talet på reisande utanlands var 1,6 millionar, ein auke på 5 prosent frå i fjor. Samanlagt er det 10 prosent fleire reisande enn i april i fjor.
Det var 62 675 flyrørsler i april. Dette er 6 prosent meir enn i april i fjor.
Sjå fleire trafikktal i vedlegga.
Ny rekord i droneflyging - meir enn 2000 flygingar i april
I april vart det meldt inn 2117 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar.
–Dette er meir enn dobla frå april i fjor, og er fyrste gong vi har over 2.000 flygingar i Ninox Drone på ein månad, seier Mats Gjertsen som leiar Avinor sitt droneprogram.
- Varmare og betre vêr gir fleire droneflygingar, og vi ventar framleis stor auke i bruken av Ninox Drone, seier Gjertsen.
Nøkkelord
Kontakter
PressetelefonKun til bruk for journalister.
Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Cathrine Fuglesang FramholtMarkeds- og kommuniksjonssjef i Avinor, Kommunikasjonssjef Bergen lufthavn, Flesland
Tel:+47 976 22 141cathrine.framholt@avinor.noBilder




Dokumenter
Om Avinor
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av elfly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Norsk luftrom blant de beste i Europa15.10.2025 07:30:00 CEST | Pressemelding
En fersk rapport fra Eurocontrol viser at luftfarten i Europa har hatt en betydelig forbedring sommeren 2025, med økt trafikk og reduserte forsinkelser sammenlignet med året før. Norge utmerker seg som et av landene som presterer aller best.
Auke i hausttrafikken – utanlandsreiser skil seg ut13.10.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Talet på reisande held fram å auke også i september, med ein auke på to prosent samanlikna med same periode i 2024. Auken kjem av reiselystne nordmenn, men òg av at fleire frå utlandet har fått augo opp for Noreg som feriedestinasjon.
Fakta om dronedeteksjon ved Avinors lufthavner12.10.2025 20:00:00 CEST | Aktuelt
De siste ukene har Avinor fått mye oppmerksomhet etter at norsk luftfart ved flere anledninger har vært preget av mulige droneobservasjoner.
LYGG åpner ny direkte rute mellom Stavanger og Esbjerg7.10.2025 09:08:21 CEST | Pressemelding
Lanseres i februar 2026 – skal styrke forbindelsen mellom energiregionene i Nordsjøen LYGG lanserer i februar 2026 en ny direkte flyrute mellom Stavanger og Esbjerg. Målet er å gjøre reisehverdagen enklere for selskaper og ansatte som jobber på tvers av Nordsjøen. Den nye ruten er utviklet i tett dialog med industrien for å tilpasses både mannskapsrotasjoner og forretningsreisendes behov.
Tips og råd til høstferieutfarten1.10.2025 14:55:29 CEST | Pressemelding
Den neste uka tar mange i Trøndelag høstferie, og reisetrenden er klar. Innenriksreiser og turer ut i Europa står på topplisten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom