Miljødirektoratet

Noreg må førebu seg på eit stigande havnivå

Del

Klimaendringar gjer at havet stig. Ein ny rapport viser at det meste av norskekysten vil oppleve havnivåstigning, dersom den globale oppvarminga held fram som i dag.

Her slår vatnet inn på land i Vågen i Stavanger.
Klimaendringane krev at vi planlegg for eit endra havnivå i Noreg. Her slår vatnet inn på land i Vågen i Stavanger. Foto: Tore Meek / NTB. Biletet kan berre brukast til omtale av denne saka.

Rapporten «Sea level rise and extremes in Norway» skildrar korleis havet er venta å stige langs norskekysten mot midten og slutten av dette hundreåret, og vidare mot år 2300. Rapporten er utarbeidd av Norsk klimaservicesenter (Kartverket, Meteorologisk institutt, NORCE) og Nansensenteret på oppdrag frå Miljødirektoratet.

– Rapporten viser nok ei alvorleg utfordring ved klimaendringane. Havet kjem til å stige når temperaturen i verda aukar. Når det blir kombinert med stormflod og bølgjepåverknad, kan det få store konsekvensar langs den langstrekte kysten vår. Fleire område kan bli liggjande under vatn – periodevis eller permanent – i framtida. Det må vi ta høgd for i planlegging av arealbruk og prøve å førebyggje alvorlege konsekvensar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Her kan du lese rapporten: «Sea level rise and extremes in Norway»

– Havet vil stige meir enn landet hevar seg

Global oppvarming fører til at havet stig, både fordi vatnet utvidar seg når det blir varmare, og fordi is på land smeltar og renn ut i havet. Havnivåstigninga vil variere mellom ulike delar av kysten i Noreg, fordi landhevinga etter siste istid er ulik.

– I Noreg har vi til no i lita grad opplevd konsekvensane av havnivåstigning, sidan landheving veg opp for stigande havnivå. Denne rapporten viser likevel at situasjonen er i ferd med å endre seg. Nokre stader ser vi allereie at havet stig meir enn landet hevar seg, seier miljødirektøren. 

Auka risiko for flaum frå havet

Havnivået stig raskast langs kysten på Sørlandet og Vestlandet og utanfor Nord-Noreg, fordi landet i desse områda hevar seg seinare enn rundt Oslofjorden og i Midt-Noreg.

Nokre desimeter havnivåstigning kan kanskje høyrast udramatisk ut, men ei slik endring gir auka risiko for flaum frå havet. Utsette område blir fløymde over oftare, og vatnet vil nå lengre inn på land. På lang sikt vil delar av Noreg bli ståande under vatn som følgje av havnivåstigning.

Havnivåstigninga kan ikkje reverserast – utsleppskutt avgjer omfang

Klimaendringane avgjer kor mykje havnivået langs norskekysten vil auke fram mot 2100 og tida etter. Jo høgare temperaturen på jorda blir, jo meir vil havet stige. Aukar den globale gjennomsnittstemperaturen med meir enn 2 grader, aukar risikoen for stor havnivåstigning i Noreg.

– På grunn av den lange responstida av havet og innlandsisen på eit varmare klima, vil havnivåstigninga vi allereie ser i dag halde fram i fleire hundre til tusenvis av år framover. Det er stor uvisse om utfallet. Kor mykje havet vil stige avheng i stor grad av kor godt verda lykkast med å kutte klimagassutsleppa. Samtidig som vi førebur oss på det som kjem, må alle land derfor jobbe knallhardt for å unngå dei aller mest dramatiske konsekvensane som vil ramme generasjonane som kjem etter oss, seier Hambro.

Rapporten har rekna ut kor mykje havet vil stige i Noreg med utgangspunkt i ulike scenario for global oppvarming, og er basert på oppdaterte data frå FNs klimapanels sjette hovudrapport.

Les også: FNs klimapanel om havet

Risikoen blir avgrensa viss vi når Parisavtalen

Global oppvarming under 2 grader:

  • Viss den globale oppvarminga blir avgrensa til under 2 grader mot år 2100, vil havet i Noreg stige med gjennomsnittleg 0,13 meter, samanlikna med perioden 1995-2014. Avhengig av kvar du er i landet, vil talet vere høgare eller lågare.
  • Store delar av Sør- og Vest-Noreg og nokon delar av Nord-Noreg vil sannsynlegvis oppleve havnivåstigning, medan havnivået langs resten av kysten kan halde seg stabilt dersom gjennomsnittleg global oppvarming blir avgrensa til 2 grader.

Global oppvarming over 2 grader:

  • Dersom nivået av klimagassutslepp held fram som i dag og gjennomsnittstemperaturen på jorda overskrid 2 grader, er det derimot venta at havet vil stige langs mesteparten av den norske kysten i løpet av dette hundreåret.
  • Med dagens vedtekne politikk for utsleppsreduksjonar på verdsbasis, går vi mot ei global oppvarming på nærare 3 grader, noko som er venta å gi nokre desimeter (under éin meter) havnivåstigning fram mot år 2100. Til dømes, Oslo vil få noko imellom -10 og 40 cm, Stavanger 20 til 70 cm, og Tromsø 0 til 50 cm.
  • Viss global oppvarming går over 2 grader, kan vi ikkje utelukke rask istap frå Antarktis.Det kan i tilfelle føre til at Noreg får ei mykje høgare havnivåstigning.

Global oppvarming rundt 4 grader:

  • Rapporten har også sett på scenario med lågt sannsyn, men som kan få store konsekvensar viss dei først hender.
  • Sterk global oppvarming med ein temperaturauke på rundt 4 grader globalt, kombinert med rask istap i Antarktis, vil føre til at område langs norskekysten, særleg Stavanger og Bergen, kan oppleve nær 2 meter havnivåstigning fram mot år 2100.
  • Kort tid etter år 2100 kan massivt istap frå Antarktis føre til at det gjennomsnittlege havnivået i Noreg raskt vil stige til mellom 4,5 og 5 meter innan år 2150.

Faktaboks om rapporten «Sea level rise and extremes in Norway»

  • Rapporten er utarbeidd av Norsk klimaservicesenter ved Kartverket (prosjektleiar), Meteorologisk institutt og NORCE, i samarbeid med Nansensenteret, på oppdrag frå Miljødirektoratet.
  • Rapporten skildrar korleis havet er venta å stige langs norskekysten mot midten og slutten av dette hundreåret, og vidare mot år 2300, i ulike scenario for global oppvarming.
  • Tala for havnivåstigning er baserte på oppdaterte data frå FNs klimapanels sjette hovudrapport, skreddarsydd til norske område.
  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) utarbeider tilhøyrande rettleiar til kommunane om korleis resultata frå rapporten kan brukast i kommunal planlegging.
  • Resultata frå rapporten vil vere ein del av kunnskapsgrunnlaget til den kommande rapporten «Klima i Noreg 2100» frå Norsk klimaservicesenter
  • Norsk klimaservicesenter legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data slik at dei kan brukast til klimatilpassing og i vidare forsking om effekten av klimaendringar på natur og samfunn.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye