1,3 milliardar kroner i utbytte frå Eviny
Resultatet for Eviny i 2023 vart 3,8 milliardar kroner, som er 2,4 milliardar høgare enn i 2022. Styret i Eviny innstiller på 1,3 milliardar kroner i utbytte til eigarane: 17 kommunar på Vestlandet, Statkraft og to lokale kraftlag.

Innstillinga frå styret skal behandlast på generalforsamlinga 21. mai. Samla sett bidrog Eviny med 5,2 milliardar kroner til samfunnet i 2023 i form av skattar, avgifter og avsett utbytte til eigarane.
– Vi leverer eit solid resultat og er godt rigga for det store samfunnsoppdraget vi har framfor oss. Meir fornybar energi og auka kapasitet i straumnettet er avgjerande for å sikra lokale arbeidsplassar på Vestlandet. Overskotet vårt går i hovudsak tilbake til eigarkommunane våre, der det kjem fellesskapet til gode, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny.
– Viktig bidrag til kommuneøkonomien
Sunnfjord kommune er ein av eigarane og vil få nesten 30 millionar kroner i utbytte.
– Dette er eit viktig bidrag til økonomien i Sunnfjord kommune, slik at vi kan oppretthalda eit godt velferdstilbod til innbyggjarane våre. For oss som eigarar er det viktig at Eviny investerer for å løysa behovet samfunnet har for meir fornybar energi og betre nettkapasitet, samtidig som dei opprettheld eit høgt utbyttenivå som vi kan bruka til å utvikla våre lokalsamfunn, seier ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune.
Vil investera over 40 milliardar kroner på ti år
Eviny har nyleg lansert ein ny konsernstrategi, som markerer eit taktskifte i jakta på meir fornybar energi. Dei neste ti åra skal Eviny investera om lag like store verdiar som er bygd opp over 100 år. Ambisjonen er å investera i overkant av 40 milliardar kroner i ny fornybar energi, straumnett og tiltak for energiomstilling/elektrifisering. Noko av dette kan skje i samarbeid med andre.
– Investeringane i fornybar energi i Noreg er på det lågaste sidan 2010 og har falle med nesten 40 prosent sidan 2018. Vi står overfor eit avgjerande tiår for å omstilla energisystemet vårt og unngå ei norsk kraftkrise, seier Fresvik.
80 000 drakter til barn og unge
Samfunnsoppdraget til Eviny handlar også om å støtta positive tiltak i lokalmiljøa. Eit døme er 6000 barn og unge på Vestlandet som har fått nye drakter frå Eviny i år. Til saman har Eviny delt ut nærmare 80 000 drakter.
– Det er viktig for oss å gi tilbake til lokalsamfunna vi er ein del av. Idrettslaga gjer ein fantastisk innsats, og vi er stolte over å støtta dette arbeidet med utdeling av gratis draktsett, seier Fresvik.
Lågare kraftprisar
Hovudårsaka til den store veksten i resultatet frå 2022 til 2023 er redusert grunnrenteskatt som følgje av lågare kraftprisar i 2023, i tillegg til positive verdiendringar på finansielle kontraktar.
Underliggande resultat, som er justert for verdiendringar på sikringskontraktar og vesentlege eingongseffektar, vart 2,0 milliardar kroner for 2023. Det er 0,9 milliardar lågare enn i 2022. Hovudårsaka er fall i kraftprisane. Områdeprisen i Vest-Norge (NO5) var 67 euro/MWh i 2023 mot 192 euro/MWh året før.
Eviny produserte 6,9 TWh vasskraft i 2023, som er 0,8 TWh mindre enn i 2022. Faktisk produksjon i 2023 var nok til å dekkja det årlege straumforbruket i om lag 430 000 bustadar.
UTBYTTE FORDELT PÅ KVAR EIGAR - 2023
Eigar (eigardel i parentes) |
Aksjar |
Utbytte i kr |
Statkraft Industrial Holding AS (43,44 %) |
64 160 |
567 816 000 |
Bergen kommune (37,75 %) |
55 765 |
493 520 250 |
Alver kommune (3,45 %) |
5 099 |
45 126 150 |
Øygarden kommune (3,43 %) |
5 062 |
44 798 700 |
Askøy kommune (2,48 %) |
3 666 |
32 444 100 |
Sunnfjord kommune (2,27 %) |
3 358 |
29 718 300 |
Tysnes Kraftlag AS (1,70 %) |
2 511 |
22 222 350 |
Kvinnherad kommune (0,91 %) |
1 341 |
11 867 850 |
Kvam herad (0,90 %) |
1 329 |
11 761 650 |
Voss herad (0,67 %) |
993 |
8 788 050 |
Fjaler kommune (0,61 %) |
895 |
7 920 750 |
Austrheim kommune (0,43 %) |
640 |
5 664 000 |
Hyllestad kommune (0,38 %) |
565 |
5 000 250 |
Vaksdal kommune (0,37 %) |
549 |
4 858 650 |
Etne Elektrisitetslag AS (0,35 %) |
517 |
4 575 450 |
Gulen kommune (0,27 %) |
401 |
3 548 850 |
Solund kommune (0,24 %) |
358 |
3 168 300 |
Høyanger kommune (0,12 %) |
172 |
1 522 200 |
Fedje kommune (0,12 %) |
171 |
1 513 350 |
Masfjorden kommune (0,10 %) |
153 |
1 354 050 |
100 % |
147 705 |
1 307 189 250 |
Nøkkelord
Kontakter
Ragnhild Janbu FresvikEviny
Tel:959 28 038ragnhild.fresvik@eviny.noRolf Sanne-GundersenEviny
Tel:970 55 208Rolf.sanne-gundersen@eviny.noBilder

Dokumenter
Følg pressemeldinger fra Eviny
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Eviny
Over 1 milliard i utbytte frå Eviny27.3.2025 22:21:11 CET | Pressemelding
Styret i Eviny innstiller på 1 046 millionar kroner i utbytte til eigarane: 17 kommunar på Vestlandet, Statkraft og to lokale kraftlag.
Eviny oppnår betydelige gevinster i nye kraftmarkeder27.2.2025 10:21:15 CET | Pressemelding
I 2024 oppnådde Eviny over 100 millioner kroner i gevinst fra nye kraftmarkeder i tillegg til merinntekter knyttet til kraftsalg. Foreløpig årsresultat for 2024 viser et underliggende resultat på 1.494 millioner kroner.
Karl Erik Kjelstad er ny styreleder i Eviny16.1.2025 16:41:39 CET | Pressemelding
Karl Erik Kjelstad ble i dag valgt til ny styreleder i Eviny. Med mer enn 25 års erfaring fra energibransjen og industrien bringer Kjelstad med seg verdifull kompetanse inn i rollen som styreleder.
Kristian Vassbotten blir ny leiar for vasskraftverka i Eviny Fornybar18.12.2024 09:41:15 CET | Pressemelding
Kristian Vassbotten er tilsett som divisjonsleiar med ansvar for drifta av Eviny sine 39 vasskraftverk. Han startar i jobben 1. april og vil ha base i Førde i Sunnfjord kommune.
Venter flere tusen til Brann - Viking på Torgallmenningen29.11.2024 07:17:29 CET | Pressemelding
3500 Brann-tilhengere trosset kulden og fikk med seg nest siste serierunde på storskjerm på Torgallmenningen. Nå inviterer Eviny og Sparebanken Vest til en ny folkefest i Bergen sentrum med visning av Brann – Viking, Lars Vaular, kulturministeren, og det som kan bli Branns første gull på 17 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom