NAV best på brukaroppleving
16.4.2024 11:54:14 CEST | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | Pressemelding
Brukaropplevingsprisen gjekk til NAV for den nye skjermdialogen deira for dei som skal søke arbeidsavklaringspengar.

– Dette er stor stas! NAV satsar stort på digitalisering, som mellom anna skal føre til betre brukaroppleving og at brukarane våre blir meir sjølvhjelpne på nett. Det er veldig hyggeleg å få anerkjenning for dette arbeidet, seier Marit Victoria Rosenvinge, leiar for prosjektet som har laga den nye løysinga.
Prisen blei delt ut av Bufdir i samband med Yggdrasilkonferansen 15. april. I grunngjevinga for tildelinga seier juryen at den nye skjermdialogen er både enklare, raskare og verkar mindre skummel for dei som skal søke.
Enklare søknadsdialog
Over 100 000 personar i Noreg søker i løpet av eit år om arbeidsavklaringspengar frå NAV då dei på grunn av sjukdom er heilt eller delvis utanfor arbeidslivet.
I 2022 fekk Team Innbyggar i NAV i oppdrag å betre den digitale dialogen med dei som skulle søke arbeidsavklaringspengar. Søknadsdialogen på nettsidene var både vanskeleg å finne og kravde at søkarane hadde sett seg inn i all teksten på nav.no. Skjemaet var heller ikkje universelt utforma eller hadde klarspråk, og for brukarene var det uvisst om kva som skjedde med søknaden vidare. I tillegg var det opplyst om at NAV trua med å melde søkarane til politiet dersom opplysningane var feil. Alt dette ønskte NAV å endre til ei meir brukarvenleg løysing.
Den nye skjermdialogen viser stor betring. 98 % av dei som har brukt den nye løysinga, er nøgde med ho. Dei brukar i snitt 60 % mindre tid på å svare på alle spørsmåla. Dette tilsvarer omtrent 15 minutt. Språket er blitt enklare og meir vennleg, og skjemaet er i tråd med krava til universell utforming.
Ny pris av året
Brukaropplevingsprisen er ny av året og skal heidre utviklarar, designarar og verksemder som har utvikla universelt utforma digitale løysingar med god design og framifrå brukaroppleving. Brukaropplevingsprisen blei delt ut på Yggdrasilkonferansen, som er ein årleg konferanse for alle som er engasjert i gode, digitale brukaropplevingar.
Det kom inn 21 søknadar. Heiderleg omtale fekk Doffin, som er den norske nettbaserte databasen for kunngjeringar av offentlege anskaffingar.
Kontakter
Karoline Kvellestad IsaksenKommunikasjonsrådgiver
Tel:91773336karolinekvellestad.isaksen@bufdir.noLenker
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Bufdir er eit fagorgan på områda barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling og ikkje-diskriminering og vald og overgrep i nære relasjonar.
Følg pressemeldinger fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Stor interesse for videreutdanning i barnevernet9.7.2026 09:20:10 CEST | Pressemelding
Alle kommuner som har søkt om tilskudd til relevante utdanninger for ansatte i barnevernet har fått midler.
Ferske tall viser at holdninger til skeive har stagnert22.6.2026 11:30:00 CEST | Pressemelding
En ny nasjonal holdningsundersøkelse viser at utviklingen i befolkningens holdninger til skeive har stagnert siden forrige måling, og at skepsisen til kjønnsmangfold og Pride har økt.
Rekordmange nyttar seg av dagtilbodet ved krisesentera8.6.2026 09:00:30 CEST | Pressemelding
Aldri før har så mange brukt dagtilbodet ved krisesentera som i 2025. Samtidig melder fleire krisesenter om kapasitetsutfordringar og ueigna bygg.
Lille norske leksikon vinner Brukeropplevelsesprisen for digitale løsninger21.4.2026 17:02:58 CEST | Pressemelding
Lille norske leksikon vinner Brukeropplevelsesprisen 2026 for å gi enkel tilgang til faktasjekket informasjon, og for et forbilledlig arbeid med klarspråk, brukertesting og tilgjengelighet.
Barnevernsbarometeret 2025: Økt bekymring for de minste barna18.11.2025 11:30:07 CET | Pressemelding
I ny rapport svarer ni av ti barnevernsledere at de har sett utfordringer hos større barn som burde vært avdekket allerede i spe- og småbarnsfasen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom