Norges idrettshøgskole

Tre av fire norske 10-12 åringar trenar kvar veke

Del

Ein ny rapport viser at svært mange norske barn trenar og er med i idretten. Likevel meiner professor at tala kan bli lest som eit varsko til idretten om at dei ikkje klarer å fange opp gruppa som hadde trengt idretten aller mest.

Barn som leikar i gymsal
Gjennom Ungdata junior har over 100.000 barn svart på spørsmål om trening og om dei held på med idrett på fritida. Foto: Daniel Kivle. Daniel Kivle/NIH NIH

Norsk idrett er kjent for at svært mange er innom i løpet av barneåra. Nå har forskarar fått bekrefta dette gjennom tal og data ved å spørre barn i aldersgruppa frå 10-12 år.

Den ferske rapporten «Barn og idretten» frå Ungdatasenteret ved OsloMet og Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett på NIH har desse hovudfunna:

  • Over 100.000 barn har svart på spørsmål om trening og deltaking i idretten gjennom Ungdata junior.
  • 75 prosent svarar at dei trenar ein eller fleire gonger i løpet av veka.
  • 66 prosent svarar at dei driv med idrett som fast fritidsaktivitet ein gong eller fleire i løpet av veka.
  • 14 prosent svarar at dei aldri trenar.        

– Desse tala seier oss at idrett har ein stor betydning i veldig mange folks liv, og at idrettens posisjon er sterk i Noreg. Det er veldig mange barn i dag som er opptatt av å trene og synest det er viktig å ha eit tilbod i idrettslag eller andre treningstilbod, seier ungdomsforskar Anders Bakken ved NOVA.

Oppnår ikkje idrettsglede for alle

Likevel viser rapporten at idretten har utfordringar med å nå sitt eige mål om idrettsglede for alle. Barna som deltok i rapporten blei delt inn i fem grupper etter kva slags sosioøkonomisk bakgrunn dei kom frå. 

Åse Strandbu har skrive rapporten saman med Anders Bakken.

75 prosent av dei med flest ressursar i heimen hadde idrett som fritidsaktivitet, mot 53 prosent av dei med færrast ressursar. 

– Denne studien viser det me har sett tidlegare i ungdomsidretten. Det er mange barn med lågare sosioøkonomisk status som er med, men den sosiale ulikskapen er tydeleg. Det er tydeleg sosial ulikskap i idrettsdeltaking blant barn i Norge, konkluderer professor og leiar for Forskingssenteret for barne- og ungdomsidrett, Åse Strandbu.

Mest aktive i byen

Kvar er det barn er mest aktive? På bygda eller i byen? Rapporten viser klare skilnadar. 

– Me finn at det er meir aktivitet til meir sentralt kommunane ligg. Altså i Oslo og dei store byane, enn på landsbygda, seier Bakken og legg til:

Anders Bakken er sosiolog og har forska på ungdom sidan starten av 1990-talet. Foto: OsloMet.

– Samtidig ser me også at det er ein del variasjon mellom dei 16 største kommunane. Kommunane som hadde lågast deltaking, låg omtrent på nivå med kommunane i bygda. 

Forskarane såg også at dei barna som veks opp i dei største byane, deltek oftare i idretten når dei fyrst er med.

Unge er ikkje mindre aktive enn før

Påverkar den stadig aukande skjermtida trening og idrettsdeltakinga til dei eldste barna på barneskulen?

Sjølv om ein ikkje har liknande tal å samanlikne med for denne aldersgruppa, tyder andre studiar at aktiviteten er stabil.

– Det er interessant, for det er jo mykje snakk om stor skjermbruk i dag. Ein skulle da kanskje tru at barn og ungdom i dag er mindre fysisk aktive. Me kan ikkje bruke vår studie til å kommentere der, men me gjer også ein gjennomgang av andre studiar som går bakover i tid. Det er faktisk er veldig liten endring i fysisk aktivitet, seier Strandbu. 

Idrettsbarna har høg trivsel

Gjennom svara til dei over 100.000 5,6 og 7.klassingane ser ein også klare samanhengar mellom dei som er med i idretten og trivsel i livet. 

– Når vi samanliknar dei barna som er aktive i idrett, og dei som ikkje er det, så er det fleire som svarar at livskvaliteten er høg blant dei som driv med idrett. Dei fortel mellom anna at dei har fleire vener, seier Bakken.

Han trur det er fleire årsaker til dette. 

– Noko av dette kan nok også skuldast at dei som kanskje ikkje har det så bra, kan ha større sjanse for å slutte med idrett. Eller kanskje dei ikkje startar med idrett i det heile tatt. 

Strandbu meiner dette er viktig for idretten å ta til seg.

– Desse funna kan også vere eit varsko til idretten om at den ikkje klarer å få med dei som kanskje hadde trengt idretten spesielt. Det er ikkje slik at ein skal tolke desse tala berre i retning av at idretten er ein stor suksess når det gjeld å betre livskvaliteten, seier Strandbu. 

Les heile rapporten her og høyr forskarane fortelje meir om det som ligg bak tala i NIH-podden. 

Portrett%20%C5se%20Strandbu.
Åse Strandbu har skrive rapporten saman med Anders Bakken. Ho er professor på NIH og leiar av Forskningssenteret for barne- og ungdomsidrett ved NIH. NIH
Portrett%20Anders
Anders Bakken er sosiolog og har forska på ungdom sidan starten av 1990-talet. Foto: OsloMet. OsloMet OsloMet

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.

Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye