– Vi sprang frå dobesøk til mating
19.4.2024 08:17:30 CEST | Bonnier Norsk Forlag | Pressemelding
For over 15 år sidan hadde Elin Eika Bringa sommarjobb på ein sjukeheim. Tida var knapp, folka få. Erfaringa har inspirert romandebuten Snart er eg natt.

– Om sjukeheimane ikkje skal vere anna enn dødens venteværelse, står vi i fare for å bli eit u-land på eldreomsorg. Og det før eldrebølga verkeleg skyt fart, seier Eika Bringa.
Ho har sjølv opplevd det på kroppen. Å ikkje strekkje til i jobben på sjukeheimen.
– Vi sprang få dobesøk til mating, frå eit gråtande andlet til ein utagerande neve. Men eg rakk aldri å sitje. Stryke dei rynkete hendene som heldt meg att, høyre på ei historie som verka etter å bli fortalt. Eg hadde ikkje tid til å sjå kven dei var og kven dei hadde vore, berre det dei hadde blitt. Aldrande deigar på samlebånd.
På dødens rand
I Snart er eg natt møtar vi Gonhild som snart fyller 100 år. Ein journalist frå lokalavisa skal intervjue henne, men samtalane tek uventa vendingar for dei begge. Journalisten ønsker seg ei hyggeleg sak, men må slåss for kvart bidige ord, mens Gonhild gjenopplever scener frå eit langt og uforsonleg liv. Spørsmål ho for lengst trudde seg ferdig med, meldar seg på ny.
Snart er eg natt er ein levande roman frå dødens rand. Den handlar om forspilte sjansar, om å vere på utsida av si eiga historie mens åra renn forbi. Eika Bringa har skrive ein skarp og vittig forteljing om lengselen etter eit anna liv.
Om forfattaren
Elin Eika Bringa (f.1987) kjem frå Bø i Telemark. Ho er poet og har ein master i pedagogikk frå UiO. Snart er eg natt er hennar første roman.
Lansering er 26. april. Ta kontakt for anmeldareksemplar og intervju.
Nøkkelord
Kontakter
Kim Daniel LindegaardPresseansvarlig i Bonnier Norsk Forlag
Tel:920 61 162kim.daniel.lindegaard@bonnierforlag.noBilder


Følg pressemeldinger fra Bonnier Norsk Forlag
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Bonnier Norsk Forlag på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Bonnier Norsk Forlag
Edelmot – Victor Sotberg og Odin Helgheim sikrer seg førsteplassen på bestselgerlisten27.3.2026 08:20:00 CET | Pressemelding
Teamet bak bokserien Edelmot er programleder, tv-profil og YouTuber Victor Sotberg og tegneserieskaper Odin Helgheim (Ragnarok, Drageviking). Helt fra første bok kom ut i 2023, har Edelmot vært en av de aller mest populære bokseriene for barn og ungdom, og har fått en sekser på terningen i Nettavisen, og en femmer i VG.
En av Danmarks mest omtalte debuter – nå på norsk20.3.2026 11:56:32 CET | Pressemelding
Liv Helms selvbiografiske debutroman åpner med at hennes besteforeldre sammen tar sitt eget liv. Hendelsen tvinger barnebarnet til å konfrontere ubehagelige familiehemmeligheter og traumer.
Jørn Lier Horst nominert til Riverton!19.3.2026 10:22:00 CET | Pressemelding
Den siste saken var den mestselgende skjønnlitterære boken i fjor høst, og nå er den nominert til den prestisjetunge Rivertonprisen.
Lottie Brooks rett til topps!17.3.2026 09:16:41 CET | Pressemelding
Katie Kirby og hennes Lottie Brooks' kleine BFF-drama debuterer på førsteplass på bestselgerlisten i Norge.
Hvorfor er vi så besatt av true crime?17.3.2026 07:02:00 CET | Pressemelding
True crime fascinerer som aldri før. I en ny krimserie kombinerer debutanten John Willander Lambrell virkelige, uløste drapsgåter med fiksjon, og gir leserne oppklaring der virkeligheten har latt vente på seg. Serien er allerede solgt til åtte land.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom