Klimatiltaka som kan kutte norske utslepp

Del

Miljødirektoratet har kartlagt moglege klimatiltak i alle sektorar. Rapporten viser at utsleppa kan bli over 60 prosent lågare i 2035.

Bilete av ein mann med arbeidskle som er på eit karbonfangst- og lagringsanlegg på Mongstad.
Stort potensial i elektrifisering og karbonfangst og -lagring: Miljødirektoratet er tydelege på at klimatiltaka må setjast i verk raskt for at vi skal få ned utsleppa. Bilete frå teknologisenteret på Mongstad (TCM). Foto: Ingar Storfjell, NTB.

Onsdag 10. april lanserte Miljødirektoratet rapporten "Klimatiltak i Noreg – kunnskapsgrunnlag 2024", som viser tiltak som vil redusere utslepp av klimagassar frå alle sektorar fram mot 2035.

Eit breitt spekter av verkemiddel må raskt på plass for å få utløyst utsleppskutta. Tiltaka kan saman med gjeldande politikk redusere utsleppa med over 60 prosent samanlikna med 1990.

– Tida til 2050 er knapp. Kjøp av utsleppsreduksjonar i andre land har vore eit rimeleg alternativ så langt, men har gitt lite nasjonal omstilling. Framover skal alle land skjerpe klimamåla sine og kutte utslepp. Det kan bli både dyrt og vanskeleg å få kjøpt utsleppskutt frå andre land. Den nye rapporten vår viser korleis vi kan kutte utslepp av klimagassar nasjonalt, og bidra til nødvendig omstilling her heime, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Nytt og forsterka klimamål til FN

Noreg skal innan februar 2025 melde inn eit nytt og forsterka klimamål til FN. Dette målet vil ha eit lengre tidsperspektiv enn dagens 2030-mål. Klimatiltaka i rapporten til Miljødirektoratet går derfor fram til 2035.

Miljødirektoratet har tidlegare vurdert moglege innretningar og ambisjonsnivå for eit nytt og forsterka klimamål.

Lenkje: Noreg bør ha som mål å redusere utslepp av klimagassar med minst 80 prosent i 2035

Vegen til eit lågutsleppssamfunn

Norske utslepp av klimagassar er til no reduserte med under fem prosent sidan 1990. Med dagens politikk er utsleppa forventa å bli redusert med 27 prosent i 2035.

– Tiltaka i analysen vår gir 63 prosent kutt i Noregs utslepp av klimagassar. Klarer vi det, har vi kome eit godt stykke på veg til å bli eit lågutsleppssamfunn. Ifølgje klimalova skal Noreg kutte utsleppa med 90-95 prosent i 2050, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Om Noreg gjennomfører alle klimatiltaka i det tempoet Miljødirektoratet har lagt til grunn, vil utsleppa i 2035 vere 63 prosent lågare enn i 1990, og vi vil oppnå 55 prosent kutt i nasjonale klimagassutslepp i 2033.

– Vi har sagt det før, og bodskapen er verd å gjenta. Klimaomstillinga må speedast opp! Denne rapporten gir eit solid kunnskapsgrunnlag om korleis utsleppa kan kuttast og kva verkemiddel politikarane kan setje i verk for å realisere kutta, seier Ellen Hambro. 

Industrien har det største potensialet for utsleppskutt

I analysen til Miljødirektoratet gir karbonfangst og -lagring (CCS) store utsleppskutt både i industrien og ved avfallsforbrenning, der fangst av CO2 er under planlegging ved fleire anlegg.

Overgang til bruk av biomasse og grønt hydrogen i industriprosessar er andre døme på klimatiltak som gir store utsleppskutt.

I petroleumssektoren kan kraft frå land gi store utsleppsreduksjonar. Gasskraftverk med karbonfangst og -lagring (CCS) er også eit alternativ.

Felles for desse tiltaka er at dei er knytt til store utsleppskjelder, og at dei er omfattande prosjekt som krev store investeringar. Tydelege rammer er avgjerande for at tiltaka skal setjast ut i livet.  

Transportsektoren kan redusere mykje

Tiltak som fører til at transport blir unngått, til dømes transporteffektiv arealplanlegging og bruk av heimekontor og digitale løysingar, har positive verknader for både klima, arealbehov og ressursutnytting.

Det har også tiltak som flyttar transport til meir klimavennlege og energieffektive transportformer, som til dømes frå bil til gonge, sykkel og kollektivt.  

– Med tiltaka våre blir det færre reiser med bil og fly, samtidig som fleire går, syklar og reiser kollektivt. Då er det også mindre behov for vegutbygging, og dermed mindre utslepp og mindre tap av natur, seier Ellen Hambro.

For å få folk til å ta tog, buss eller sykle og gå i staden å bruke bilen, er det behov for ein kombinasjon av pisk og gulrot. Verkemiddel som gjer sykkel, gonge og kollektivt meir attraktivt, bør kombinerast med bilrestriktive verkemiddel, som omfordeling av vegareal, reduserte fartsgrenser og parkeringsrestriksjonar.

Framleis satsing på elektrifisering av transportsektoren er sentralt for å sikre utsleppskutt framover. Lastebiltiltaket, der alle nye lastebilar er nullutslepp eller går på biogass i 2030, er det største enkelttiltaket i transportsektoren. Det vil åleine kunne kutte omtrent 1,5 millionar tonn i 2035.

I Nasjonal transportplan for 2025-2036 (NTP) er det mellom anna føreslått ein tungbilpakke som er eit godt steg i rett retning. Analysen til Miljødirektoratet peikar på fleire verkemiddel som kan spele saman med denne satsinga for å kunne nå målet om at alle nye lastebilar er nullutslepp eller går på biogass i 2030.

Endra kosthald og redusert matsvinn er dei største klimatiltaka i jordbrukssektoren

I jordbruket kan forbrukarar spele ei viktig rolle ved å redusere matsvinn og endre kosthald. Redusert etterspurnad etter raudt og omarbeidd kjøtt vil i neste omgang påverke kva som blir produsert. Det kan gi store reduserte utslepp frå husdyrhald.

– Å endre vanane til folk tek tid. For å oppnå reduserte utslepp frå matsvinn og endra kosthald, og samtidig sikre dei landbrukspolitiske måla, er det behov for ein samansett verkemiddelpakke, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Også bonden er ein viktig aktør som kan redusere utsleppa ved å leggje om til meir klimavennleg drift. Døme på tiltak som kan gjennomførast på garden er betre gjødselhandtering, bruk av biokol og at husdyrgjødsel blir nytta til produksjon av biogass.

Tilsetning av såkalla metanhemmarar i fôr til drøvtyggjarar kan bidra til å redusere metanutslepp frå fordøyinga, og dermed vere eit effektivt klimatiltak.

Kraft er essensielt for å nå klimamåla

Tilgang på fornybar energi er ein føresetnad for nå klimamåla – både globalt og i Noreg. Energieffektivisering er viktig, men ikkje tilstrekkeleg.

Det er behov for store mengder utsleppsfri energi for å erstatte den fossile energien vi bruker. Dersom alle tiltaka i rapporten blir gjennomførte, vil etterspurnaden etter kraft kunne auke med opp mot 43 TWh i 2035, samanlikna med 2021.

– Noreg er i gang med utbygging av havvind, men det er også behov for meir landbasert vindkraft, som både er ein velkjend teknologi og har lågare kostnad. Vår vurdering er at det kan byggjast meir vindkraft på land i Noreg med akseptable konsekvensar for naturmangfald og karbonrike areal. Samtidig må lokale forhold vere ein viktig del av konsekvensutgreiingar for enkeltprosjekt og takast omsyn til i planlegging og konsesjonsbehandling, seier Ellen Hambro.

Areal er ein avgrensa ressurs

Grøne areal bidreg til opptak og lagring av karbon. Nedbygging av areal gir store klimagassutslepp og har store konsekvensar for naturen. Som forvaltar av plan- og bygningslova legg kommunane føringar for arealbruken for over 80 prosent av areala i Noreg.

Kommunane speler derfor ei nøkkelrolle når det gjeld å redusere negative konsekvensar av arealbruksendringar.

– Redusert nedbygging av areal er viktig for å unngå store klimagassutslepp, og tap og fragmentering av natur. Samtidig treng det grøne skiftet areal, mellom anna til produksjon og distribusjon av fornybar kraft. Det bør derfor vere ei tydelegare prioritering av arealbruken framover. Frå ståstaden vår verkar arealbruk for å nå klimamåla som meir vesentleg enn til dømes endå fleire fritidsbustader, seier Ellen Hambro.

Fakta: Grep som kan setjast i gang raskt, gi store kutt i klimagassar, og bidra til nødvendig omstilling

Verkemiddel må kome raskt på plass for å få det utsleppsreduksjonspotensialet Miljødirektoratet har greidd ut. Rapporten gir ikkje tilrådingar om verkemiddel, men peikar på grep som kan takast dei næraste åra for å byggje ned barrierane aktørane møter, og dermed gi dei utsleppskutta Miljødirektoratet har lagt til grunn.

Nokre døme er:

  • Innføre krav eller premiering i offentlege anskaffingar for maskiner og transporttenester.
  • Innføre ein verkemiddelpakke som gjer det relativt sett betre og rimelegare med kollektiv, sykkel og gonge samanlikna med bilbruk.
  • Forskriftsfeste låg- og nullutsleppskrav for offshoreskip, havbruksfartøy, ferjer og hurtigbåtar.
  • Gi investeringsstøtte for ei rekkje låg- og nullutsleppsløysingar: varebilar, lastebilar, bussar, maskinar og traktorar i jordbruket.
  • Starte arbeidet med å etablere ein verkemiddelpakke for karbonfangstprosjekt.
  • Forskriftsfeste forbod mot fossile brensel til indirekte fyring i ikkje-kvotepliktig industri.
  • Greie ut prisverkemiddel for gjennomføring av kosthaldstiltaket og korleis jordbruket kan omstillast som følgje av endra kosthald.
  • Starte revisjon av lovverket for å styrkje og synleggjere klima- og miljøomsyn i arealplanlegging, mellom anna i plan- og bygningslova.
  • Etablere og styrke tilskotsordningar for vurderte klimatiltak i skogbruket.

Fakta: Klimatiltak i Noreg – kunnskapsgrunnlag 2024

  • Miljødirektoratet analyserer ulike tiltak som kan kutte utslepp av klimagassar og kva barrierar aktørane møter. Analysen peikar også på moglege verkemiddel som kan utløyse utsleppsreduksjonar.  
  • Rapporten ser på tiltak som vil redusere utslepp av klimagassar frå alle sektorar fram mot 2035. Det vil seie både kvotepliktige og ikkje-kvotepliktige utslepp, og utslepp og opptak frå skog og arealbruk.
  • Rapporten er svar på eit årleg oppdrag om å oppdatere kunnskapsgrunnlaget – i samarbeid med andre fagetatar.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Figur som viser utslepp i 2022, og gjenverande utslepp i 2035, gitt at alle tiltak i analysen til Miljødirektoratet blir gjennomførte.
Kutt i utslepp av klimagassar i fleire sektorar: Figuren viser utslepp i 2022, og gjenverande utslepp i 2035, gitt at alle tiltak i analysen til Miljødirektoratet blir gjennomførte.
Last ned bilde
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye