Produsentansvar for utstyr til fiske og akvakultur
Utstyr frå fiske og akvakultur er ei stor kjelde til plastforsøpling. No foreslår Miljødirektoratet å gi produsentane større ansvar.

- Forventninga vår er at eit utvida produsentansvar kjem til å redusere forsøpling og mikroplast i havet, samtidig som det blir auka ombruk og materialgjenvinning av dette utstyret. Det er rett og slett vinn-vinn for miljøet og sikrar ein meir sirkulær økonomi, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
I 2019 kom EUs direktiv om plastprodukt. Direktivet inneheld krav om utvida produsentansvar for ei rekkje plastprodukt og fiskeutstyr med plast frå fiskeri, akvakultur (oppdrettsnæringa) og fritidsfiske. Dette inneber at produsentar og importørar (frå no av omtalt som produsentar) mellom anna må dekkje nødvendige kostnader for separat innsamling av kassert fiskeutstyr og etterfølgjande transport og behandling.
Miljødirektoratet tilrår at produsentansvaret omfattar fiskeutstyr som blir brukt i havet og i ferskvatn, inkludert oppdrettsanlegg på land. No er forslaget sendt til Klima- og miljødepartementet, som etter kvart vil gi Miljødirektoratet oppdrag om høyring. Målet er at forskriftsendringa skal tre i kraft i desember 2024.
Produsentar skal sørgje for separat innsamling
Forskriftsforslaget inneheld krav til produsentar om å sørgje for separat innsamling av kassert fiskeutstyr som inneheld plast. Dette inneber at produsentane skal sørgje for at system for separat innsamling er tilgjengelege i tilstrekkeleg omfang i dei geografiske områda der produkta blir brukte.
Produsentane må leggje til rette for ombruk og materialgjenvinning av innlevert fiskeutstyr når produsentansvaret trer i kraft.
Ettersom dette er ei ny produsentansvarsordning, ønskjer vi ikkje å regulere for mykje detaljar i første omgang. Når produsentansvaret er på plass og vi har hausta erfaringar med ordninga, kan det vere behov for å gjere justeringar i forskrifta. Dette vil vi gjere for å sikre at produsentansvarsordninga bidreg til auka separat innsamling, ombruk og materialgjenvinning av kassert fiskeutstyr. Det kan på sikt innebere å setje minstekrav til separat innsamling og/eller til førebuing til ombruk eller materialgjenvinning.
- Det går føre seg mykje godt arbeid når det gjeld innsamling og materialgjenvinning langs kysten i dag. Vi må derfor byggje vidare på det som allereie eksisterer i dag, før vi eventuelt skjerpar krava, seier miljødirektøren.
Fiskeutstyr er ei stor kjelde til plast i havet
I Noreg viser undersøkingar at 46 prosent av plastavfallet som endar opp på strender kjem frå fiskeri og akvakultur, og at det i hovudsak stammar frå Noreg. Fiskeutstyr på avvegar er marin forsøpling, som blir brote ned til mikroplast og spreier seg over store avstandar. Tapt fiskeutstyr i havet fører også til spøkjelsesfiske, fordi utstyr som garn og teiner held fram med å gjere det utstyret er laga for å gjere, fange fisk og skaldyr. Dette er svært skadeleg for det marine miljøet over tid.
- Omfanget av forsøpling frå desse næringane er alvorleg. Vi er i ein situasjon der dei som lever av havet, forsøplar sitt eige næringsgrunnlag. Vi er nøydde til å samle inn meir av fiskeutstyret og sikre at det går inn i eit sirkulært system for å avgrense miljøproblema denne plasten påfører havet, seier Hambro.
Skal dekkje kostnader for separat innsamling og avfallshandtering
Våre tilrådingar til produsentansvaret legg opp til at utstyrsprodusentar må dekkje nødvendige kostnader som hamnar og andre aktørar får for separat innsamling med etterfølgjande transport og behandling av kassert fiskeutstyr. Døme på andre aktørar er kommunar, bøteri og servicestasjonar hos utstyrsprodusentar.
Det skal etablerast produsentansvarsselskap som blir godkjent av Miljødirektoratet og som skal vareta pliktene på vegne av produsentane. Produsentansvarsselskap skal sørgje for eit tilstrekkeleg innsamlingssystem og kan inngå avtalar med aktørar som legg til rette for separat innsamling og behandling av kassert fiskeutstyr.
Hamnene har sidan 1. oktober 2023 hatt ansvar for å leggje til rette for å samle inn og sortere avfall frå skip, mellom anna kassert fiskeutstyr og tapt fiskeutstyr som fiskarar får som bifangst i samband med fiske.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Dokumenter
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Foreslår å verne sju nye naturområder12.5.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår å verne viktige våtmarksområder, steppelandskap og sjøfuglområder i Rogaland, Innlandet og Trøndelag som naturreservater.
Foreslår å verne sju nye naturområde12.5.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår å verne viktige våtmarksområde, steppelandskap og sjøfuglområde i Rogaland, Innlandet og Trøndelag som naturreservat.
Redd for å møte bjørn?12.5.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
På denne tiden av året er det størst mulighet for å se bjørn. På Miljødirektoratets nye nettside får du tips om hva du bør gjøre hvis du møter en.
Redd for å møte bjørn?12.5.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
På denne tida av året er det størst moglegheit for å sjå bjørn. På Miljødirektoratets nye nettside får du tips om kva du bør gjere om du møter ein.
Alvorlige avvik hos Equinor Njord ved oljeutslipp8.5.2025 07:23:32 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratets tilsyn avdekket alvorlige avvik etter oljeforurensning fra Njord-feltet i Norskehavet nyttårsaften.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom