34 millionar kroner til opprydding av marin forsøpling
Miljødirektoratet gir i år tilskot til 28 prosjekt som skal førebyggje og redusere marin forsøpling.
– Søppel i havet er ei stor miljøutfordring som vi arbeider med å få bukt med nasjonalt og internasjonalt. Den frivillige innsatsen er kjempeviktig, og eg er glad for at det er mange som ønskjer å vere med på å rydde opp og førebyggje marin forsøpling, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Miljødirektoratet har prioritert å gi tilskot til store, samordna prosjekt som organiserer regionale eller nasjonale oppryddingstiltak. Med søknader til prosjekt over heile landet har direktoratet også jobba for å sikre god geografisk fordeling av midlane. Det har også vore viktig å gi støtte til prosjekt som legg til rette for det frivillige.
– Vi har i det siste sett mange døme på korleis plasten er skadeleg for dyrelivet i havet og langs kysten. Det er viktig å fjerne plasten frå naturen for å unngå at han blir brote ned til mikroplast. Miljødirektoratet er glad for å kunne tildele midlar til eit så viktig formål, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Stor interesse for å førebyggje og rydde marin forsøpling
Direktoratet fekk inn totalt 62 søknader om totalt 80,4 millionar kroner, og har fordelt 34 millionar på 28 prosjekt i 2024 og 2025. I tillegg blir det utbetalt 7,7 millionar som i fjor vart tildelt fleirårige prosjekt.
– Det er positivt at engasjementet er så stort, og at mange vil bidra i arbeidet mot marin forsøpling. Oppryddinga som midlane bidreg til gjer ein forskjell for havet, naturen og dyrelivet, seier Hambro.
Lista over mottakarane i år er vedlagd.
Over 2 000 tonn plast og anna forsøpling registrert rydda i fjor
I 2023 vart det registrert 6 003 ryddeaksjonar og over 2 000 tonn rydda marin forsøpling, ifølgje Ryddestatus Norge.
Miljødirektoratet samlar nasjonale ryddedata gjennom ryddeverktøya Rent hav og Rydde. Alle som får støtte frå tilskotsordninga, skal registrere detaljar om ryddeaksjonane sine i ryddeverksstøyane.
Tidlegare var det Senter mot marin forsøpling som administrerte tilskotsordninga for opprydding av marin forsøpling. Senteret vart frå 1. januar 2024 ein del av Miljødirektoratet.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Dokumenter
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
1,9 milliarder småkryp kom hit med planter i fjor18.11.2024 08:00:00 CET | Pressemelding
Nesten tusen ulike arter er oppdaget som blindpassasjerer på planteimport til hagesentre de siste 10 årene. Flere av artene kan gjøre skade i Norge.
1,9 milliardar småkryp kom hit med plantar i fjor18.11.2024 08:00:00 CET | Pressemelding
Nesten tusen ulike artar er oppdaga som blindpassasjerar på planteimport til hagesenter dei siste 10 åra. Fleire av artane kan gjere skade i Noreg.
Vosso-laksen svekket av oppdrettsgener15.11.2024 08:06:04 CET | Pressemelding
Laks med innblandede gener fra oppdrettsfisk er mindre levedyktig enn villaks i Vossoelva, men fortrenger likevel villaksen, viser ny studie.
Vosso-laksen svekka av oppdrettsgen15.11.2024 08:05:31 CET | Pressemelding
Laks med innblanda gen frå oppdrettsfisk er mindre levedyktig enn villaks i Vossoelva, men fortrengjer likevel villaksen, viser ny studie.
No skal vi kjeldesortere meir på jobben13.11.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Frå 1. januar 2025 skal vi kjeldesortere fleire typar avfall, også på jobben.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom